Ura er Sirens «happy place»

Siren Uren pendlar mellom hytta på Ura og arbeid i Måløy.
Når Siren Uren kjem til Myklebustkrysset senkar skuldrane seg, då er det strake vegen til hytta på Ura, på Årebrot. Far hennar kom frå garden på Ura og der var familien i feriane frå ho var lita. Ho og broren Gisle vart tekne i mot med opne armar av tanter og onklar som ikkje visste kva godt dei skulle gjere for dei. – Det er så trygt her på Ura, her er det som det alltid har vore. Eg slappar slik av her. Ura er min «happy place», seier Siren Uren. No arbeider ho turnus nær Måløy for å kunne være mest mogeleg i hytta på Ura.
Siren Uren fekk etter kvart ta over eit område som faren hadde fått skilt ut frå garden, men ikkje bygde på. Der har ho eit ambisiøst prosjekt som det vil ta år å realisere. Det fyrste bygget ho fekk opp var ei matbrakke, som vart ordna til slik at Siren og dottera kunne bu der i feriar. I 2017 fekk ho opp ei hytte heilt frampå kanten, med vidt utsyn over grenda og skipsleia. Kring hytta planlegg ho inngjerda grønsaksåkrar, hage inndelt i soner, plattingar og drivhus. Gjerne jordkjellar òg, med tida. – Det manglar ikkje på planar, eg ser det føre meg korleis det skal bli. Her ser eigentleg ikkje ut no, men det skal bli fint, seier Siren Uren. Ho viser rundt på berghylla si og fortel entusiastisk om korleis det skal bli.


Hytta sett frå begge sider.
Gjevande å arbeide i barnevernet
Siren Uren er barnevernspedagog og har leilegheit i Bergen, men bur mest i hytta på Ura. For å kunne bu der arbeider ho i Måløykollektivet si avdeling i Torskangerpollen. Det er ein behandlingsplass for ungdomar med rusproblem og åtferdsvanskar, i alderen 13 til 18 år. Dei er plasserte der på tvang av barnevernet. Det er fem ungdomar på avdelinga og i alle høve fem tilsette, ofte fleire. Ho går i turnus, to veker på og to veker av.
– Det er kanskje ikkje dei mest motiverte ungdomane du har med å gjere?
– Nei, men eg har arbeidd med denne gruppa ungdom i alle år og likar det. Du får brukt heile følelsesregisteret ditt i løpet av dagen. Men eg føler at eg har knekt koden med desse ungdomane etter mange år i barnevernet og med fosterbarn. Det er gjevande og kjekt arbeid. Stundom tek eg ungdomar med hit også for å gje dei litt av den roa og tryggheita eg kjenner her.
– Kva gjer deg så knytt til Ura?
– Det har vore slik heilt sidan eg var lita jente og gledde meg så veldig til å besøke farmor og bestefar i Florø. Far min, Steinar Uren, var yngst av seks sysken på garden Ura, og det var berre han og systera Halldis (Faye) som hadde born. Vi var her i alle feriar og vart møtt av besteforeldre, tanter og onklar som ikkje visste kva godt dei skulle gjere for oss. Sa vi at vi ville ut å fiske var onklane våre, Jarl og Kolbjørn, klare til å ta oss med på flekken, og ville vi vere med i fjøsen var ikkje tante Borghild tung å be. Når dei var i Florø og handla hadde dei med så mykje snop heim at vi aldri såg slike menger elles i året. Det var som å kome til Paradis å kome hit.
– Kvifor var Jenny og Hjalmar Uren kalla «farmor og bestefar i Florø», når dei alltid budde her på Ura, på Årebrot?
– Det veit eg ikkje. Det vart alltid sagt med oss at vi skulle «til Florø», aldri Ura eller Årebrot. Vi sa også at vi hadde vore i Florø på ferie. Rart i grunnen, men slik var det.

Frå hytta ser ho rett ned på garden Ura, der barndomsminna kjem frå.
Spennande når folk kom for å ringe
Oldeforeldra Kristoffer og Hanna Cecilie Uren hadde brevhus på Ura frå 1909, og besteforeldra Jenny og Hjalmar Uren hadde telefonen på Ura. Siren hugsar kor spennande det var når det kom folk for å ringe, og ho fekk leike der inne «ho Jenny på Ura» styrde med telefonen. – Eg var nok ein litt vidløftig unge, og det var ikkje så mange på min alder her (f. 1968), så eg var kanskje mest saman med dei vaksne? Eller eg hadde med ei veninne. Bror min, Gisle, som er tre år yngre enn meg, hadde fleire jamaldringar å leike med her.
Siren hugsar at dei vaksne let vere å fortelje henne når dei skulle fare frå Bergen til «Florø», for elles byrja ho å pakke lang tid i førevegen. Familien reiste med Hurtigruta og vart henta med båt i Florø grytidleg om morgonen. Onkel Jarl hadde favoritt-båten fordi den hadde kalesje og benkar inne. Båten til onkel Kolbjørn var open, og dei sat under presenningar og store regnkle om det var dårlig vér når han henta dei. – Eg har eit koseleg barndomsminne om at eg trefte på postmann Olaf (Øvrebotn) inne i Florø og fekk vere med han i båten på postruta hans til Årebrot. Han let meg dele ut posten til dei som sto på kaiane og venta. Det var stas.
Det var tanta Borghild og onkelen Kolbjørn som budde på Ura, medan onkel Jarl var der i helgar og feriar. Han arbeidde i Florø. Dei hadde sauer og hest, og Siren hugsar også ei tid med kyr og ein gris av og til.
– Det fyrste eg gjorde når eg kom var å gå i fjøsen. Når vi kom på sommerferie var fjøsen tom og dyra på beite. Då hadde eg usynlege fantasisauer som eg gav høyrestar og mjøl til fleire gonger om dagen. Tante Borghild lo mye av dette og etter at eg vart vaksen minna ho meg ofte om alle dei rare tinga eg gjorde som barn. Eg dilta med Borghild når ho gjekk med kyrne og vi møtte Helena på Løype, som kom med sine kyr, kanskje hadde dei berre ei ku kvar på slutten? undrast Siren og minnest desse damene med glede.
Bortsett frå onkelen Jarl er den generasjonen borte no, men ho likar å bli kjend med nye folk og føler ho har eit godt nettverk på Årebrot. – Vi er to-tre stykke som har danna oss klubb der vi møtest på omgang. Elles likar eg meg i mitt eige selskap, med strikketøyet mitt og mykje forskjellig å drive på med. Som du ser manglar det ikkje arbeidsoppgåver rundt meg.

Hagen mellom husa skal delast inn i parsellar og gjerast inn, elles et hjorten opp alt.
Fem år i USA
I 1979 flytta familien til USA, Siren var 11 år. Far hennar var reisemontør i Frank Mohn (industriverksemd som lagar pumper til tankbåtar) og fekk jobb i Huston i Texas. – Mor mi Turid var veldig eventyrlysten og vi tykte alle at det var spennande å fare ut i verda. Eg følte meg veldig heldig, eg fekk lære språket og knyte venskapsband for livet. På mange måtar budde vi der i USA si glanstid, medan det var «stas» med USA, seier Siren. Alle naboane i Bergen fylgde dei på flyet når dei skulle fare. Då var det uvanleg å reise til USA, i dag er det ikkje det. – Vi hadde alle dei fordelane Norge gjev, samstundes som vi fekk møte nye impulsar før dei kom hit. Verda har blitt mindre sidan den gongen, konstaterer Siren Uren.
– Eg var tidleg i tenåra då vi var i USA, etablerte venskap, fekk meg kjærast og ville slett ikkje heimatt i 1984. Då måtte vi heim. Eg var veldig, veldig i mot det. I dag er ho glad for at det vart Norge og ikkje USA.

Siren Uren i grønsakhagen på Ura.
Padlar mellom holmar og skjær
I 1989 fekk Siren sjølv barn og det vart for travelt for dei gamle på Ura å ha huset fullt om somrane. Men ho ville gjerne vere her framleis og knyte dottera til plassen slik ho sjølv vart det. Ho fekk kjøpe matbrakka til Helge Kleiven, som kommunen gav løyve til å sette opp, føresett at det vart saltak på ho. – Det ordna far min, bror min og onkel Jarl med. Dei pussa opp brakka og eg og dotter mi budde i den når vi var her heilt fram til vi fekk opp hytta i 2017. No er det mange små og store hus rundt om på tomta, og vi kan overnatte ein god del folk her, seier Siren.
– Eg har i alle år hatt med meg barnebarnet mitt Olivia (no 15 år) til Ura, ei veke om sommaren og i haustferien. Ho fekk på seg våtdrakt, ein håv i handa og sto i timesvis og fanga reker og andre småkryp. Eg trur ho var seks år første gongen eg kjøpte kajakk til henne. Ho padla i ein liten rosa barnekajakk. Det har vore viktig for meg å knyte henne til staden og sjøen. I dag padlar eg på tur med både dotter mi og dotterdotter.
Siren Uren likar å padle kajakk mellom holmar og skjær i nærområdet når ho har fri. – Nyleg padla eg for fyrste gong ut til Nærøya og her er rikeleg med andre øyar og plassar der eg ikkje har vore enno. I kajakken kjem eg nærmare både sjøen og landskapet og oppdagar idyllar eg ikkje veit om. Dei synst ikkje like godt frå land. Før gjekk ho meir i fjella både her og i Botnane, men etter eit beinbrot har det vorte mindre av det.
– Ura og Årebrotet er min «happy place» på jorda. Eg nyt å vere her både i sol og styggever. Det skiftande veret kan vere fasinerande, fargane skifter frå intenst blått og grønt eine øyeblikket, til svart og kvitt og skikkeleg sjørok i det neste. Men mest av alt nyt eg den roa eg finn her, seier Siren Uren.
Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 16. august 2024.
