,

Seljestokken Båtverkstad byggjer for framtida

– Det er dyrt, men vi skor oss for framtida, seier Nina Seljestokken om bygginga av ny hall ved Seljestokken Båtverkstad i Seljestokken. Den 18 meter lange hallen blir lik den som står der frå før og kjem på vel 10. millionar kroner. Han er finansiert med litt eigne midlar og med lån. – Vi må ha skikkelege arbeidsforhold både med omsyn til rekruttering og framtid, seier Nina Seljestokken. Ho er tredje generasjon på Seljestokken Båtverkstad.

Det reiser seg ein ny hall i Seljestokken.

Samstundes med at dei byggjer ny hall er det bygt ark på garderobebygget, med kontor og toalett i andre høgda. Kontoret nede blir slege saman med pauserommet som dermed vert romslegare. Den nye hallen vert bygt tett i tett med den eksisterande hallen. – Begge hallane vert isolerte og heretter kan vi drive med slipping i den eine og anna arbeid i den andre. Vi driv for det meste med plastarbeid og då må vi ha god varme. No får vi ny skinnegang ut i sjøen og ny vogn, fortel Nina Seljestokken. Ho håpar å ta hallen i bruk i mai, men det kan ta meir tid for å unngå full stopp i arbeidet på båtverkstaden. – Det viktigaste er å få gjort skikkelg arbeid, så får det ta den tida det tek, slår ho fast.

 

Ny kai der det stod eit naust.

– Kva nye mulegheiter får de med den nye hallen?

– Når den er ferdig kan vi ta opp sjarkar på 40 fot og arbeide med dei i ein hall, i inntil fire månadar, samstundes som vi når som helst kan ta på oss slipping og meir akutte oppdrag for dei faste kundane våre. For dei kan det vere lenge å vente i fire månadar når dei treng å få noko gjort fort.

– Korleis er ordretilgangen?

– Det er litt rolegare i fiskeribransjen fordi det er nedjusterte kvotar. Dei ligg litt på veret, men vi er ikkje arbeidslause. Per dags dato er vi seks tilsette og skal bemanne oppatt når vi er ferdige med bygginga, seier Nina Seljestokken. I fjor omsette Seljestokken Båtverkstad for 14,4 mill kroner.

 

Fin utsikt over leia frå det nye kontoret på loftet i garderobebygget.  

Ombruk av hall

Elles er Nina Seljestokken godt nøgd med at den vesle bogehallen dei reiv, for å få plass til den nye hallen, kan brukast om att. Brandsøy Maskin reiv den i fjor sommar og byggjer han opp att på Årebrot, der dei hadde ein slik hall som brann ned i 2013. Det er også Brandsøy Maskin som står for byggearbeida i garderobebygget, der det blir nytt kontor, utvida pauserom og toalett.

Ramstad Maskin er entrepenør for bygginga av ny kai og grunnarbeida for den nye hallen. Wiss i Florø som står for bygginga av hallen og Eikefjord bygg for betongarbeidet. – Det er viktig at vi har og brukar lokalt næringsliv, seier Nina Seljestokken.

Tekst: Magni Øvrebotten 25.02.25.
Foto: Torleif Seljestokken