,

Nokre skjeljar

Stykket «Nokre skjeljar» står i boka Tankefuglar i tunet, som kom ut i 1980. Jan-Magnus Bruheim hadde skrive det fyrst i ein liten serie med Brev frå Botnane i lokalavisa Dølaposten i 1979: 

Her kan du gå og høyre måseskrik og sjå terna slå rundkast og skrive underlege teikn i lufti. Sjå gåror og rukkur rita som runer i berget, og glatte strandsteinar der havbåra har skrive sin løynde bodskap gjennom tusunåri. Ein bodskap ingen kan tyde.

Denne svartbaken som ligg og flyt i stilla her innan Korsneset, ser så truskuldig ut. Men han er ein røvar, og du veit kva han tenkjer på: Å rana egg og ungar frå andre medskapningar. Han er ei skræmsle for dei.
I ser er det ea og endene som det går utover.

Du går og leitar skjeljar –
Ein dag for lenge sidan, kom ei pakke i posten til drøymaren uppe i fjellbygdi. Du opna henne og fann nokre vakre skjeljar lagde inni. Nokre ord på ein papirlapp og ei namn under. Det var alt.

Men alt ikring vart ljosare på let etterpå. Det var den største påskjøning eg nokon gong hadde fått, fordi eg kjende det kom ifrå hjarta og råka hjarta mitt heime. «Eg fekk hug å senda deg nokre skjeljar – fordi -»

Den gongen tenkte eg vel ikkje at eg nokon gong skulle bli buande utmed kysten, endå det alltid har lege som ein døyvd lengsel og lokka. Kanskje var det med å skuva på – ut til det urolege bårande havet. Det blanke, blundande havet. Der flaksande sjøfuglar skrik. Stilla over grunnane inni ei vik. Dei store djup –

Berg som stuper seg loddbeint nedi sjøen. Glitrande småbåror som går der og tuslar langsmed land. Fargespelet mot soleglad.

Som ein annan liten Odin, går småguten i deg og upplever og uppdagar og undrar seg. Ein stad humrar kanskje ein Bendek: «Du synest her e mangt, mein æg». No er eg her og kan sjølv gå ned i fjøra og leite etter skjeljar.

Og eg sit her og ser på dei og diktar landskap og lende inn. Det er så mangt ein kan sjå inni det perlemorskimrande ljoset. Blåe fjordar og bratte berg. Logne lier og grøne dalar. Vang og vidder og myr og mo. Kvite fenner og bre og bekkjer.

Muslingen fekk skàl ikring seg -. Få er dei som gøymer perlor. Men dei finst.
«Som Insektes Stik i Muslingen ————-«.
Er det slik at det er «insekt»-stikk i muslingen og menneske som avlar perlor?
Ja, eg veit ikkje –
Lang tid må i sofall til, før det kan bli perlor av stikket.
Lang tid —- og vond tid.

Annleis er det med gleda.
Ho er ei glitrande perle med same ho kjem til deg og kan
lenge liggje lyse og blenkje.
Eg fekk hug å sende deg nokre skjeljar ——
Gledesskjeljar var det ho sende.

Her sit du no på ei svaberg utmed havkanten
og tenkjer etter, og tenkjer deg um, medan avdagselden gløder i vest.
Kveldshimmerlen låner si farge til havet,
og fugleflokkar flyg heim og roar seg i reiret.

Godt å veta at gleda finst, og at det er dei gode
ord som varar lengst.
Godt å ta det med seg, når det skymest ikring.
Enno er nettene ljose – .