Stolpejakta 2025: Frå Skudalen til Roska
Naturskog og vidt usyn
Stolpejakta startar i Bremanger kommune, nord for Botnane der Skudalselva renn under Frøysjøvegen og ut i sjøen! Jakta endar ved Roska på garden Breivik i Kinn kommune. Ved Roska der det var radiostasjon under delar andre verdskrigen 1940-45 og som mot slutten av krigen vart funnen av tyskarane og ein mann vart skoten.
Mellom Skudalen og Roska er det også stolpar i Botnane, langs stien frå sjøen og opp mot fjellet Opnaren som ligg 277 meter over havet med flott utsyn over Frøysjøen, øyriket og skipsleia nordover og sørover. Her kjem ein over tregrensa, medan ein i Skudalen og til Roska går i den fantastiske kystfuruskogen der mest alle trea er som skulpturar.
I alt er det sett ut 30 stolpar med 10 i kvart av dei tre områda. Det er få grøne stolpar, to-tre svarte og resten blå og raude. Det er ein litt krevjande start i alle områda, men lettare når ein fyrst kjem litt opp i terrenget. Når ein går til Opnaren i Botnane kjem ein over tregrensa etter å ha gått gjennom både furu – og bjørkeskog. Stolpane skal vere nede til 1. september.
Biletglimt frå naturen der dei 30 stolpane er utplasserte, frå Skudalen fyrst, så Botnane og til slutt Roska



