,

– Botnane skal ikkje bli ein granskog

John-Magne Sande har lenge irritert seg over korleis her ser ut når grana stadig dekkjer meir og meir av både inn- og utmark i Botnane og områda rundt. Og han er oppgitt over kor heise raskt grana spreier seg. – Eg vil ha attende det opne kystlandskapet eg hugsar frå oppveksten. Om Botnane ikkje skal bli ein granskog må vi gjere noko no, før grana tek heilt overhand. Vi er truleg alt litt seint ute.

 

Naboen til John- Magne Sande har byrja med granfellinga.

På årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag i mars tok John-Magne Sande opp kor mange grunneigarar som var interesserte i å få hogge gran. – Det var veldig kjekt at det var positiv respons frå alle, for dette problemet er så stort at kvar einskild ikkje hanskast med det åleine, seier Sande. Han har fått med grunneigarane frå Gulestøa i nord til Reksten-eigedomen forbi Sunnervåg i sør. Det må til profesjonelle hogstselskap for å få teke ut granskogen og i deira auge er det små kvantum og ujamn kvalitet på grana i området.

– Her er ikkje 6000 kubikk tømmer som dei har som grense for i det heile å ta på land hogstmaskiner. Men delar av skogen er lett tilgjengeleg og billeg å ta ut fordi han ligg langsmed vegen. Det er denne dei kjem til å ta ut fyrst, med direkte kontakt mellom hogstselskap og grunneigar. Området frå gravstaden til Øvrebotten peikar seg ut i så måte, seier Sande. Sist onsdag var hogstfirmaet Sunnfjord skog, frå Førde, på synfaring og dei kjem til å kome med eit tilbod. I fyrste omgang tek dei nok ut det som er lett tilgjengeleg og kommersielt lønsamt.

– Men kva med all skogen som ikkje er lønsam å ta ut?

– Det er ikkje alle plassar det går å ta ut noko, fordi det er for utilgjengeleg. Men
eg tenkjer at vi må ta kontakt med statsforvaltaren og håpe at vi kan bli med på eit utryddingsprosjekt av gran, slik som på øya Silda. Vi får stadig høyre at vi har eit unikt kulturlandskap her og då må vi få hjelp til å halde det ope. Stadig færre beitedyr gjer at landskapet gror meir og meir att. Det er alvorleg mange mål med beite som har forsvunne for hjorten som gjer at det vert press på bøane til dei som har slåttemark, seier Sande.

 

Granskogen i Botnane og området elles vart planta medan det var offisiell norsk landbrukspolitikk å plante gran for at komande generasjonar skulle ha noko å leve av. Det var før Norge fann oljen i 1969, og på 1950 og 60-talet var det vanleg at skuleelevane var med på granplanting.

 

 

Tekst: Magni Øvrebotten 4. juni 2025.  

Foto: Magni Øvrebotten og Åsmund Berthelsen