Diakonissa frå Sletten

Gudveig Sletten i den svarte bestkjolen heime i bærbuskene i Sletten.
Fram til det kom veg nordover i desember 1993 måtte ein bruke båt for å kome til Botnane og som unge hugsar eg at det var spennande å hente posten på kaia i Korsnesvika. Ikkje berre for å høyre på kva verdsproblem karane diskuterte, men óg for å sjå kven som kom og reiste med båten. Sommarstid kom det også folk vi ikkje kjende, men nokon var så særmerkte at vi kjende dei att frå tidlegare somrar. Det var teiknet på at det var sommar at dei kom. Diakonissa Gudveig Sletten var av dei der ho steig i land i den grå diakonisseuniforma si med kåpe, stiva hovudplagg og eit stort gullkors rundt halsen.
Gudveig Sletten var farsyster til Ingrid Bruflot og ho hugsar godt stemninga i huset når ho Gudveig skulle kome heim. – Det skulle vere ekstra reint og fint når ho Gudveig kom. Det sytte systera hennar, tante Alma, for. Ho visste ikkje kva godt ho skulle gjere for å syne at ho sette pris på Gudveig, fortel Ingrid. Ho hugsar at rommet på arka vart gjort i stand med dei finaste sengkleda og pyntelaken bretta utanpå dyna. På nattbordet var det kvit duk, Bibel, vasskaraffel og vassglas, og ein vase med markblomar. – Eg kan framleis sjå det føre meg og hugse stemninga. Eg trur familien var stolt av at ho Gudveig hadde kome seg fram og blitt diakonisse, seier Ingrid Bruflot.

På oppfordring har Ingrid Bruflot prøvt å attskape nattbordet slik ho hugsar det vart laga til når tanta Gudveig skulle kome heim.
Gudveig Sletten (1899-1978) var eldst av dei tre borna til Helene (1871-1962) og Borgar Sletten (1873-1956). Alma (1902-86) var nummer to og yngst var odelsguten Orvald (1908-70). Han var gift med Kjellaug Sørbotten (1916-2008) og dei fekk døtrene Haldis (1947-2017) og Ingrid (1953). I tidlegare tider var det ikkje uvanleg at ugifte kvinner vart buande på garden dei kom frå, og Alma hadde papir på at ho hadde rett til å bu i Sletten så lenge ho ville. Ho budde der til ho flytta på aldersheimen i Svelgen.
– Det var tante Alma som bestemte det meste her i huset, og ho mamma fann seg i det. Alma hadde eine stova og eit soverom, ho heldt seg med mat sjølv, men åt saman med oss andre. Bortsett frå når tante Gudveig kom heim. Då dekka Alma på i stova si, med kvit duk oppå den burgunderraude velurduken, og med kvite tøyserviettar. Og ho Besta åt med dei så lenge Gudveig var heime. Ho brukte å vere her i om lag to veker, og då var ho med ute og raka og hjelpte til i slåtten. Elles trur eg ho sommarstid, i alle fall i yngre år, var med og hadde sommarleirar for vanskelegstilte barn i Oslo.

Under dette bilete står det berre 29.3.1931 i Gudveig sitt album. Det er truleg frå den tid ho byrja på opplæringa som diakonisse, i lag med klassen sin. Gudveig sit midt i bilete i andre rekke..
To diakonisser frå Sletten
Men Gudveig var ikkje den fyrste diakonissa som kom frå denne familien i Sletten. Ho hadde ei morsyster, Elen (1868-1931), som var diakonisse og arbeidde som menigheitssyster i Stavanger. – Ho døydde i 1931, det året eg trur Gudveig byrja på utdanninga si som diakonisse ved Diakonissehjemmet i Oslo. Her var i alle høve mange legebøker og leksikon frå tidleg 1930-tal etter tante Gudveig, seier Ingrid. Ho veit ikkje korleis familien reiste pengar til utdanninga og kor opptekne dei var det. Tanta Alma gjekk husmorskulen i Stryn og faren Orvald folkehøgskulen på Vereide.

Systrene Alma og Gudveig heime i Sletten.
– Korleis hugsar du tanta di Gudveig?
– Veldig kristeleg, slik eg opplevde henne. Ho sende brev og kort med masse bibelvers på. Ho var i det heile svær til å skrive brev, trur Alma fekk minst eitt i månaden. Det var helst dei som brevveksla. Og eg hugsar at eg tykte det store gullkorset til Gudveig var flott.
– Det var eit spartansk liv?
– Ja, eg hugsar vi besøkte henne på «søsterhjemmet» som dei kalla det. Der hadde dei kvar sitt rom, ein stor felles matsal og eit bønerom. På rommet hennar var det ei seng, ein kommode, ein stol og eit lite bord. Eg trur ikkje ho brukte noko på seg sjølv. Hugsar at både ho og Alma brukte å gje oss lommetørkle med blomar på i gåve, og at eg fekk ei lita sølje av Gudveig då eg fylte ti år. Ingen av dei hadde mykje pengar å rutte med.


Gudveig i diakonissedrakta si som ho brukte til kvardags. Alma Sletten i yngre år.
– Dett eg ned, så dett eg ned
Etter at det kom flyplass i Florø i 1971 var det Alma som reiste til Oslo for å besøke Gudveig, og Ingrid var tidvis med. – Folk spurde Alma om ho verkeleg våga reise med fly og då var det kontante svaret «Dett eg ned så dett eg ned». Det bekymra ho seg ikkje for. Trur ho likte desse turane til Oslo. Etter at Alma nådde i alderstrygda (innført i 1967) hadde ho stor glede av å kjøpe fine kjolar til døtrene mine, men ho var alltid redd for at dei ikkje var fine nok. Dei var nydelege dei kjolane ho kjøpte til jentene, minnest Ingrid Bruflot.
Litt om diakonisser frå lokalhistoriewiki.no
Diakonisse er ein betegnelse på kvinner som arbeider med ulike former for omsorg innan menigheitspleie, helsevesen og fattighjelp, og som er tilknytt eit kristent samfunn. Sjølv om det er skilnad på eit diakonissehus og katolske kloster og systerordnar, kan ein sjå diakonissene som ein protestantisk parallell til desse. Dei skulle forbli ugifte, dei hadde «ordensdrakt» og levde som oftast i systerfelleskap.
Norske diakonisser har æra for innføringa av moderne sjukepleieutdanning i Norge, og driv framleis blant anna Lovisenberg diakonale sykehus i Oslo og Haraldsplass diakonale sykehus i Bergen.
Tekst: Magni Øvrebotten 23.mai 2025.
Foto: Private bilete frå Gudveig Sletten sitt album.
–
