Ein tur til  Skudalsnipa

Ærendet var å hente inn stolpar frå stolpejakta i 2024, og å sjå etter molter. Men ein tur inn Skudalen og til nipa er noko meir enn det. Men sist måndag, den 14.juli  tok eg meg tid, og veret kunne ikkje vore betre!

Turen startar ved Frøysjøvegen, rett ved og rett over sjøen. Her er kart over området med innteikna merka ruter. Det går frå om lag null  til 670 meter over havet, i eit skiftande og variert landskap og etter kvart med flott utsikt. Stien på sørsida av Skudalselva som renn fritt ned frå Skudalsvatnet  til Frøysjøen.

Turen startar på fin sti  i gamal kystfuruskog der furuene er som skulpturar, Ingen like. Går så gjennom eit belte av bjørk, seinare lyng, og du endar til slutt oppe i ein steinørken. Her er ingen stein like, korkje i form eller farge. Det vert fortalt at dei på hi sida av Frøysjøen tok båt over for å plukke blåbær i Skudalen.

Du skal ikkje gå høgt opp før landskapet opnar seg i mest alle himmelretningane med Frøysjøen som eit midtpunkt. I vest ser du Frøyalandet, Veten og Olderveggen. Lengst i nord skimtar du Hornelen og mellom der dei 12 vindturbinane på Marafjellet og steinbrotet på Aksla. I sør og sørvest ser du rett ut i havet og skimtar nordenden av Hovden i Kinn kommune.

Etter kvart forlèt du utsynet mot havet og når Skaravatnet som ligg mellom dei to nipene, Skudalsnipa og Solanipa som på mitt kart er nemnt som Botnanipa.

Vidare har du eit flatt parti langs Skaravatnet der det skal vere fisk, men truleg ikkje særleg stor. Lite næring med lite vegetasjon på strendene.

Om lag midt på vatnet tek du av opp til venstre i retning Skudalsnipa. No er det eit reint steinlandskap. Skudalsnipa er rekna å vere heilte ute på kanten ned mot Skudalsvatnet. Men på kartet (Norgeskart)  ligg sjølve nipa lengre inne på platået og rett opp for Skaravatnet.

På veg opp frå Skaravatnet og nedatt frå nipa ser du alle vindturbinane på Guleslettene!  47 i talet. Og det vert planlagt å bygge fleire som er ein god del høgare. Det vert også planlagt å bygge vindturbinar som er 250 meter høge på fjell innafor Guleslettene i retning Ålfotbreen og landskapsvernområde der.

Eg fann stolpane og fekk godt lass ned att, og fann bra med molte i solsteiken.

Turen går i eit unikt variert landskap med stort mangfald av lyng, tre og stein. Eit flott ustyn i alle retningar. Men også sterkt påverka av inngrep – og det er planar om fleire!

Tekst og foto: Åsmund Berthelsen