Roska-stasjonen og dei lokale hjelparane
Fridtjov Urdal sin tale i Breivika 13. juli 2025.
Under Bygdehelga 2025 markerte vi 13. juli at det er 80 år sidan andre verdskrig tok slutt og Fridtjov Urdal fortalde om Roskastasjonen og dei lokale hjelparane.

Fridtjov Urdal i tunet i Breivika
Velkomne hit i tunet. Eg skal freiste gje bilete frå ei onnor tid og av folk som ikkje er her lenger. Det er historie, men det er ei IKKJE ei historie etter krav som ein faghistorikar ville kunne gje. Dette som ei åtvaring.
Formann Mao seier i si bok om folkekrigen: «Gerilja-soldaten skal røre seg i folket, lik fisken i vatnet», og då Tito vart spurd om kva prinsipp geriljahæren hans var bygd på svarde han: «Når huset til Goran brann kom Duro og Milos og hjelpte han å bygge nytt, og Vaslav lånte bort eselet sitt då dei skulle køyre stein». Det rører seg om å bruke dei banda som bind folk til kvarandre, det gjeld i krig så vel som i fred.
22. juli 1940 fekk Hugh Dalton denne ordre frå Statsminister Winston Churchill: «And now go and set Europe on fire» («Gå no og sett Europa i brann»). Det var opprettinga av SOE, Special Operations Executive. Denne organisasjonen skulle vere med og hjelpe fram og organisere motstanden mot den tyske okkupasjonen. Drive etterretning, sabotasje og opplæring. Alt som var og kunne vere til plage og fortred for okkupantane. Denne ordren skulle få føljer også her i tunet og bygdene i kring. Alle er vi del av historia. Det var óg dei som her skal forteljast om.
Nordahl Grieg skriv i diktet om Martin Linge:
«Slitt fra søvnen i en vårnatt
fikk enhver av folkets sverm
presset inn i sine hender,
bydende, enn rolleperm;
og hvert blad var ubeskrevet,
og hver vei var mørk og blind,
og til alle kom et stikkord».
Så kva var stikkordet? Kva var det som gjorde at folk gjorde som dei gjorde? Ulikt, høgst ulikt.
For godt og vel ein mannsalder sidan fekk Rolf Losnegård og eg i oppdrag å skrive eit teaterstykke om krigen her i Sogn og Fjordane. Utvalet av fyrste hands informantar var den gong noko betre enn det er no. Ein fekk snakka med ein del av dei som var med. Om ein hadde venta seg utsegner til bruk i 17. mai-talar vart ein vonbroten. Alt var så alminneleg. Lur-tonen med Konge, folk og fedreland vart ikkje blesen. Kan hende torde dei ikkje bruke den, det vart for store ord for dei. Det kunne vera det ikkje var så nøye overtenkt, før tida var der.
«Ja, eg skal gjere opp for båten»
Somme hadde ei ideologisk overtyding på førehand. Ei klår antifascistisk og antinazistisk overtyding. Medan andre ikkje hadde brydd seg særleg med politikk før hærtakinga var i gong. Det var vanlege folk som slepte det dei hadde i hendene og møtte til mobilisering, det var plikt. Det er ei historie. Det var ein flokk karar på ei kai. Mellom dei var ein unggut som skulle til Voss. Mobiliseringsstaden for Infanteriregiment nr. 10. Han som slengde med kjeften var og frammøtt. «Ja, ska du i krigen for å slost for han Johan no? Skuldar du han noko kanskje?» «Ja, eg skal gjere opp for båten». Han var fødd og oppvaksen på ein holme der dei så vidt helt svolten utom kjøkendøra. Han hadde fått hjelp til å kjøpe seg ein av dei minste «Nygårdsvollane», ein færing så han kunne freiste ro seg ut or armoda. No var det tid å gjere opp. Det gjorde han både då og sidan. Slik var det med mange.
Alf Torvanger fortalde om minelegging ei natt i Frøysjøen då kapteinen tok seglmerket på skjæret for eit ubåttårn, og om åtak med MTB´ar i Kanalen. Jakob Syltøy, ein av dei aller fyrste som gjekk over med flyktningar og seinare opererte frå basen i Peterhead i Skotland, fortalde om kor dei stal rom frå kaggane til Royal Navy og stempla i lakken med ein topenc. Dei fortalde meir og villigare om andre fantestykkje enn dei fortalde om seg sjølv og kvifor dei hadde gjort som dei gjorde. Dette nemnde eg i ein samtale med krigshistorikaren og Linge-mannen Ragnar Ulstein: «Ja, eg vil tru det», sa han. «Det var difor dei var brukande til slikt arbeid. Dei var alminnelege folk med ein alminneleg moral og pliktkjensle. Det var det som gjorde at folk vart med i arbeidet. Det var dei som såg på dette som eventyr, og gjorde seg ærend heimom for å hente trekkspel og juletre. Men dei var og er mytiske unntak og dei kunne vere farlege», sa Ulstein.

Det møtte fram 25 personar for å høyre om den lokale krigshistoria.
Då eg i 1978 fyrste gong trefte dåverande direktør for Riksgalleriet, Jan Askeland, og han høyrde kor eg var i frå fekk eg straks spørsmål etter folk frå grannebygdene: Karstensen, Ulriksen, Domben, Torvanger, Grotle, Igland, Skorpen og Saltskår, og namn frå Askvoll, Bulandet og Sula. Han hadde vore telegrafist på Hessa, ein av dei tre Shetlands-bussane. Det gav og eit innsyn i kor sterkt mange kjende stridsfellesskapet. Dei fleste var vanlege folk. Var dei heltar?
Arnulf Øverland skriv i Roktas forlis:
Helter? – Hvem snakker om helter her?
Det er jo folk som vi kjenner!
Det er Peder og Eilert og Lars og Johan,
det er naboer, skyldfolk og venner!
Det var slik dei vart sett på av andre. Dei var vanlege folk som ein kjende og som var med dei i kvardagen. Eg kallar dei det «Blå folket» Dei som hadde blå dongeri og brune Viking gummistøvlar til nasjonalbunad. Det eineståande med desse var at dei ikkje var eineståande. Det var tusenvis i alle okkuperte land, som på ulike vis tok vågnaden og var med i det illegale arbeidet. Som Ulstein sa: »Nokon har talent for slikt og lærer fort. Det er slikt ein ikkje ser utanpå folk, det må røynast».
Krig er logistikk og forsyning
Så kvifor vart det her (Breivika). Staden her kan vere nett tilfeldig, men ikkje området. Krig er logistikk og forsyning. Det er viktig å vite kva som går av frakt langsmed leia. Ei rad observasjons- og radiostasjonar rapporterte om kva som gjekk føre seg i skipsleia. Her hadde ein utsyn til heile Frøysjøen, Hellefjorden, Gulefjordane var ei godt eigna konvoihamn. Her var store kraftanlegg og eit smelteverk. Med tida vart det og festningsverk i Florø og Berle. Begge partar var einige om at dette var eit viktig område. Grunnane til at folk tok vågnaden med å vere med i illegalt arbeid er like så mangfaldige som folk er, sjølv om slumpehøve spelar ei avgjerande rolle når det gjeld kva folk kom bort i. Det er dei færraste som målmedvite søkjer illegalitet, men i botnen ligg ein fredstidsmoral og ideal dei ikkje ville gje slepp på. ´
Når det gjeld bygdene her så byrja krigen i 1939 med folk som var i utanriksfart i krigsonene. Seinare mobilisering, det illegale byrja litt lenger sør, på Solberg. I 1941 hadde okkupasjonsmakta fått greie på at Harald Solberg hadde ulovlege våpen og kom for å konfiskere desse. Harald, som elles var ein fredeleg person, var svært glad i våpen og situasjonen eskalerte, som det heiter no. Det kjem fram at broren Lars óg har gøymt unna våpen. Harald får livstiddom og Lars 1,5 år, og begge vert sende til Tyskland.
Alt den 12. august 1941 bankar krigen på ny på bislag-døra på Solberg. Utanfor stod to karar som kom frå England, Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Dei var på Solberg fyrste natta og så gav Simon Solberg dei lov til å slå seg til på Gåsøyna. Familien Solberg var alt hardt råka av krigen med to i tysk fangenskap, ein annan bror og syskenbarn i England. Om dette gjorde avgjerdene lettare eller vanskelegare veit eg ikkje. Det kunne gå båe vegar.
Men ho Sigrun hadde lete opp døra for dei to karane der ute på tunet, sidan dei hadde kome på Solberg fyrst var det den naturlege kontaktstaden og dei var der jamleg. Men det er kvardag om det er krig og dette blandar seg i hop og påverkar kvarandre. Ho Sigrun hadde komme heim frå teneste for å taka seg av dei to aldrande foreldra Simon og Gunnhild. Ho hadde ein kvardag med gard og beist, som ho skulle få til å henge så nokolunde i hop, om det var krig aldri så mykje. Då sumaren kom og Gåsøya skulle slåast måtte agentane og utstyret i land og flytte opp til Husefestvatnet. På hausten flytte dei ut att. Det vart seinhaust og vinter. På Gåsøya kunne dei ikkje fyre så lenge det var lyst, for ingen måtte sjå at der var folk. Staden var ein god observasjonsstad, men det var dårleg med retrett derifrå. Slike agentar som dette vart ikkje av tyskarane definert inn under Genevekonvensjonen. Dei var for terroristar å rekne om dei var i uniform. Det fortel noko om kor alvorleg ein såg på dette trugsmålet. Dette råka sjølvsagt óg dei som hadde kontakt og samarbeid med allierte agentar.
Det illegale arbeidet måtte skje i løynd så dei som ikkje var med ikkje merka noko. I eit lite samfunn skal det ikkje mykje uvanleg til før det vert lagt merke til og ord byrjar gå. Arbeidet har dessutan eit lag til å ringe seg ut og dei ytste ringane er størst og har størst kontakt. Angivarane var ikkje det ein var mest redde. Det var dei som nesten visste, eller trudde dei visste og som var uforsiktige og ikkje kunne halde kjeft. Bra folk som leit for mykje på andre.
Sigrun Solberg hadde anlegg for det illegale
Ragnar Ulstein nemnde Sigrun som ei av dei som hadde anlegg for det illegale. Modig og rasjonell. Han meinte ho var ein godt døme på dei kvinnene som var direkte med i illegalt arbeid. Vi var heilt avhengige av desse folka. Vi må heller ikkje gløyme dei som var involvert og visste, fordi dei var koner, mødrer, systrer og døtrer til menn som var med. Det fall tunge bører på dei óg. Såleis var det illegale arbeidet grenselaust. Ein kom i situasjonar der det ikkje var råd og seie nei. Dei hadde lese oppslaga med oppropet om at: «Skutt blir enhver som har kontakt med fienden».
Sigrun Solberg var aktiv partisan i mest fire år. På to unntak nær var ho eit vanleg bygdemenneske i skaut og avskorne gummistøvlar, og stundom i blå gabardinkåpe. Det uvanlege var at ho gjekk for å vera sanndrøymd, og ha eit utifrå godt lag med sjuke dyr. Det skulle ho ha etter mor si, ho Gunnhild. Vi tenkte ikkje på at ho hadde hatt fire år der ho levde med livet i neven. Det er ikkje sikkert ho hadde synst det var noko stas om folk gjekk og hugsa på det, så til kvardags. Dei lokale kontaktane måtte ordne opp med mykje og mangt. Den fyrste tida kunne det vere så som så med forsyningane. Dei hadde i regelen rikeleg med kaffi, te og tobakk, og pengar. Men når det er krig er det ikkje alt som er å få for pengar. Det og ha kontakt med framande agentar var óg å få fleire i kosten. Slik var det på Solberg og på dei andre gardane i Breivika og i Botnane. Det ligg i kulturen at gjest forpliktar og i dette høve var det folk som var i teneste. Det gjorde det ikkje mindre viktig. Vansken var det at det skulle ikkje merkast. Sigrun fortalde: «Det var ein gong Ulriksen var nede på Solberg. Han hadde teke av seg på føtene for å varme seg på omnen. Då kom det folk på døra. Ulriksen hadde ikkje tid til å få på seg støvlane, han tok dei i neven og bykste berrføtt ut stoveglaset, då hin tok i kjøkendøra. Det var ikkje Gestapo, men han Gustav på Kvalvika som hadde gjort seg eit ærend innom for å sjå kor det sto til. Han visste eg var åleine med to gamle. Han skulle berre visst…… Dei grøne militærsokkane hekk att på omnsstonga, fortalde Sigrun Solberg. Slike detaljar kunne velte spelet om dei rette såg og tenkte.

Søndag 13. juli var ein av desse varme dagane i juli då folk søkte skuggen.
Radioagentane kom til Breivika i 1942
Til Breivika og han Isak kom radioagentane i 1942. Den alminneleg mannen. Småbonde, fiskar og vikarskippar i Fylkesbaatane. Ein roleg og sindig mann. Sopass at det var dei som tykte det fekk vere måte på, og med ein humor som det var tryggast å tenke over ein gong eller to, før det var tilrådeleg å le. Slik fortalde Isak om då radioagentane kom til gards:
«Eg hadde ingen aning om desse karane Atle Svardal og Eivind Viken før dei kom. Dei hadde vore på Solberg fyrst. Eg skjøna snart at der hadde det gått føre seg slik verksemd i lengre tid og at ho Sigrun var til å lite på. Det var ikkje meg dei hadde bruk for, det var den vindkjegla vi hadde som kunne produsere 12 wolt straum. Det var nok til sendaren, men då måtte det blåse og det gjorde det ikkje støtt. Dei hadde med seg ein usedvanleg lunefull og upåliteleg bensinmotor. Den hadde det med å stoppe medan dei sende. Den sette vi ned i kjellaren med eksosrøyret inn i pipa. Det gjekk då på eit vis. Sendaren var veik, det var visst så vidt at signala kroka seg att og fram over Nordsjøen etter at det hadde vorte mørkt. Men det hadde den fordelen at sendaren var vanskeleg å peile. Det vart sendt meldingar kvar dag i kodar som stendig vart skifta. Tyskarane høyrde dei nok, for etter nokre månadar så svarde dei på sendingane. Då visste ein at fienden var merksam på verksemda. Sendaren var i kjellaren og agentane budde på loftet. Det var om å gjere at ingen merkte det som gjekk føre seg. Det var ikkje nok at folk var pålitelege, dei måtte kunne halde kjeft óg. Du må sjå bort i frå at du kan fortelje noko til ein ven, for han eller ho har óg ein ven dei trur dei trygt kan fortelje til og så er det på vidda før du veit ord av. Dei som har den visa at dei spør om alt er og truande til å fortelje alt. Det heng i hop det der. Det var det at ein måtte passe på heile tida, dei skulle helst vere usynlege desse karane og det var ikkje alltid så god sak. Agentane meinte at vi kunne då berre låse av, men her brukte vi ikkje å låse dørene korkje dag eller natt. Det var ikkje skikken her og det ville folk legge merke til og undrast på. Det folk undrast på det vert lettare omsnakka enn det dei veit, og veit dei skal teie om. Fyrste gongen dei kom då var dei her i 8 månader. På seinvåren og sommaren flytte dei til skogs, det var meir folk som for og rak her då, så ein måtte vere forsiktig», fortalde Isak.
Agentane kom ikkje direkte hit, dei hadde vore innom andre stader og andre kontaktar og det drog dei med seg slik at nettet heile tida vart utvida og fleire og fleire visste om at det var noko om gjekk føre seg. Det er ikkje til å unngå og alle hadde meir og mindre sin måte å gjere ting på.
«Det var stor skilnad på to som han Martin Domben og han Saron Karstensen i Batalden. Begge gjorde ein stor innsats, men der Karstensen var systematisk, forsiktig og målretta var Domben impulsiv, dumdristig og ikkje alltid god å kome til rettes med. Han var meir av den sjølvhevdande våpentransportøren, den risikovillige eventyraren. Dei har eigenskapar ein treng dei óg. Det er med dette som med mangt anna. Det er mangfaldet av eigenskapar som gjev styrkje», sa Ragnar Ulstein i ein samtale eg hadde med han.
I Botnane var det mange som var involvert. Der låg gardane tettare. Der var det Thorbjørn Øvrebotten og sonen Arne Isak hadde mest kontakt med. Dei hadde óg kome bort i dette arbeide med ein slump. Så spann det på seg. Når det var veit ein ikkje sikkert. Når nye folk kom over, anten det var frå Shetland eller Sverige, vart dei grundig forhøyrde for å skilje ut agentar og andre tvilsame element, men óg for å få kartlagt miljøa heime så dei på andre sida havet fekk fort greie på kven og kvar det va litande og villige folk. Det var ikkje alltid det same, men i dette høve var det heil ved.
Frå Botnane gjekk kontaktene vidare inn til Nordgulen og Svelgen der Ragnvald Rise var ein viktig kontakt til dei gruppene som låg der, og over til Ålfoten og Davik. Dei som kom vestfrå kunne i somme høve vere vel så uforsiktige med unødige opplysingar. Isak fortalde: »Ein gong, det var ute i Domba, måtte eg berre gå ut for då var der nokon frå ein båt som hadde vore opp i Sula som fortalde om kven dei hadde vore i kontakt med. Det var slikt som korkje eg, eller andre her, trong å vite noko om», sa Isak Bredvik og heldt fram:.
«Dei i Botnane hadde tidlegare kontakt ut dit, eg var skysskar ut dit nokre gonger for Thorbjørn og Arne. Der ute hos han Martin i Domba. Der var det som om det var eit ikkje okkupert område. Der sto framandt utstyr og utrusting mitt på stovegolvet. Agentane óg hadde som ein annan tone der. Det var ikkje berre radioagentar som var på ferde. Det var óg folk som hadde reine sabotasjeoppdrag, dreiv med instruksjon og våpenopplæring, samt mekle fred i intern strid i motstandsgrupper. Slikt tek ein seg tid til om der er krig aldri så mykje. Det er ikkje alltid det dei saktmodige som utgjer fleirtalet i slike grupper».
Opna ikkje døra for kven som helst
Den 7. september 1944 sto ubåtjagarane Hitra og Hessa inn Fåfjorden med to einmanns ubåtar og fire Linge-karar ombord: Fredrik Kayser, Kristian Fjell, Severin Synnes og Armand Tønnesen. Oppdraget var å sprenge skip på Måløy hamn. Dei tok land på Gangsøy og så langt var alt vel. Så gjekk alt gale då dei vart tekne for å vere tyske sauetjuvar og melde til lensmannen i Davik, Alf Rosenlund. Han måtte melde vidare til tyske myndigheiter. Då dei på Gangsøy oppdagar at det var folk vestfrå, var det for seint å reversere prosessen og agentane måtte komme seg av garde. Det vert dramatisk med tyskarane etter seg. Dei skjøna fort kva dette var slags folk.
Den 15. september var dei framme i Øvrebotten, hjå han Thorbjørn, men han ville ikkje vite av dei. Det var ikkje å opne døra for kven som helst. Dei kunne vere provokatørar. Denne reaksjonen fortel at han ikkje var nokon næming i illegalitet. Det er etter boka. Men då Kayser kan fortelje kva oppskrifta på ripsvinen hans er losnar det så pass at Thorbjørn spør om han kan nemne namnet på førarane av dei tre ubåtjagarane Hitra, Hessa og Vigra? Kayser svara rett: Hildesheim, Salen og Larsen. Då må det vere ekte vare og agentane kjem i hus og vert stelt med på beste vis. Så går det melding hit til Isak om han har kontakter som kan få sendt melding om at dei fire må hentast? Isak svarar ikkje noko på det, men han går med på å hente dei i Botnane og frakte dei ut i Domba.
Same kvelden hentar Isak dei med båten sin og skyssar dei ut. Her er kjeldene noko usams om det er Isak eller Martin som tek turen, men det er mest rimeleg at det er Isak. Det var ikkje berre skipstrafikk som vart rapportert. Det var viktig i andre samanhengar som transport av flyktningar, laster med forsyningar og nye mannskap. Små hjul i det veldige krigsmaskineriet. Her som elles er det summen av det ikkje avgjerande som er avgjerande.
Den fyrste tida i 1944 helt radioagentane Svardal og Persen for det meste til i løa. Seinare flytte dei opp i skora. Det var ein god stad for utsyn, men ikkje for retrett. Det var bygd hytte der. Kassane for proviant og utstyr utgjorde veggane. Med seg i dette arbeidet hadde dei Magnus Uren, han var snikkar og hytta vart kamuflert så godt som råd. Det var trongt og det var kaldt, ein måtte vere varsam med lys og varme, så det var ingen triveleg stad. Det var naudsynt å komme ned til folk, ikkje berre for informasjon og kontakt, men óg for å få kome i hus. Ut på våren 1945 vart det tydeleg at tyskarane la vinn på å få peila inn den illegale radiotrafikken. Per Indrehus, i Hovden, fortalde at peilarane frå ein av båtane dei brukte hadde gått i land der med utstyr. Medan dei var der fekk dei utslag rett over taket på hovudhuset. Det vart eit svare styr. Maskingevær i stilling, fullvæpna ransaking frå kjellar til møne. Men der var ingen sendar. Dette skulle ha hendt to, tre dagar før Roskastasjonen vart teken.

Isak Bredvik var grandonkel til Rune Fromreide som tok med interesserte dit Roskastasjonen låg.

Det hende berre nokre få dagar før agentane skulle returnere til England. Isak hadde åtvara om at no tykte han desse båtane som dreiv peiling var noko nærsøkne, men Svardal heldt fram som før. Tyskarane var rimeleg sikre på i kva område sendaren var, men dei trudde at den måtte vere aust med Husefestvatnet. Det var folk i land og leita og dei hadde vore sett. Lenger sør i bygda hadde ein merka seg at: Det er folk i markene. Ein som hadde vore stad å henta brennetorv hadde vorte vár folk der ingen skulle ha ærend på denne årsens tid og tenkt at det kunne vere einkvan som var på tjuvjakt. Eller at det var eit kvart anna som gjekk føre seg lenger nord i bygda.
På vinteren 44 gjekk der far frå ned med saga i Nore vågen og opp i skogen frå Vasskreken, kven hadde fare der og gått nattestid? Det var Daniel Hjertenes og sonen Dagfinn, på Florø, som nytta den ruta når dei skulle ha kontakt nordover. Dei var i familie med Solbergarane og om dei la båten opp under saga hans Simon så var det råd å forklare. Men nett det mysteriet fekk ikkje si løysing før ved eit slumpehøve på 1960-talet.
Her er det litt ulike versjonar: Ein går ut på at staden (Roska) vart lokalisert den eine dagen og teken i ein samordna aksjon neste dag. Det var no tydeleg for alle kva veg det bar med krigen, men det gjorde ikkje at okkupasjonsmakta på nokon måte slakna av. Den tyske militærestrukturen var sterk. Øverstkommanderande for Vestlandet, admiral Otto von Schrader, heldt kommandolinene strame til siste slutt. I dei siste krigsåra hadde det illegale nettverket, eller rettare sagt nettverka auka på; Heimefronten, Milorg, den militære delen. Det som var her var bygd kring radiostasjonane og agentar av ymse slag, var under SOE (Special Operations Executive) og XU som dreiv med etteretning og infiltrasjon
Opp i det her skulle det drivast våpentrening, skrivast og sendast ut illegale aviser, bøtast klede, setje poteter og kokast komlegryter. På papiret er dette greit og ryddig, men i praksis flyt det eine over i det andre der dei same personar kunne ha fleire roller og vere kontakt for radioagentar og soldatar på kommandooppdrag. Dei same stelte óg med flyktningetrafikk, mottak og distribusjon av våpen. Dette vart stort sett drive av amatørar som hadde snåva bort i det. Mot seg hadde dei eit profesjonelt kontraverk i det norske Statspolitiet, underlagt Minister Jonas Lie og Karl Alfred Nicolay Marthinsen. Gestapo og Abwer, frå 1944 SD underlagt SS. Det var tidlegare Abwer-folk som hadde ansvaret for peilinga.
Det var rått parti
Tenk dykk Isak, Sigrun og Thorbjørn versus Jonas Li , admiral Canaris og Himmler. Det er unekteleg rått parti. At rollene i det illegale arbeide i røynda var så overflytande gjorde det óg sårbart. Rakna det ein stad drog det etter seg andre, difor fekk ein bylgjene av opprulling. Fekk dei tak i ein tråd i Solund så rekte dei fort tråden vidare inn gjennom Sogn og til Nordfjord. Då var det berre å komme seg unna så sant det var tid. Men då kunne dei, med dei rette kontaktane, vere tekne eller rømde. Då var det å gøyme seg så best ein kunne i utmarkene, eller få så mange fjordar og fjell mellom seg og heimstaden som råd var.
Då agentane på Roskastasjonen skulle attende til England var ei slik opprulling i gang. Kontaktmannen Martin Domben var teken, då var det mykje som stogga opp. Men ettersøkinga etter radiosendaren stogga ikkje.
Det gjekk folk i land i Husefest og leita sørover. På Ura gjekk der nokon i land og tok seg nordover. Dei skal så og sei ha lukta seg fram til stasjonen, då dei kjende kaffilukt ute i marka. Så kom dei meir mannsterke att dagen etter. Det var opna eld og Svardal fall medan Persen vart teken til fange og teken ned hit til Breivika. Isak var på Dyrstad då han fekk telefon frå drengen sin, Magne Sørbotten, om kva som hadde hent.
Isak hadde høve til å komme seg bort, men han reiser likevel heim. «Eg kjende kor golvet seig under meg då eg fekk høyre kva som var hendt». Han visste at dei kom til å take han og kva som måtte vere i vente. Dei som var heime skulle ikkje stå med dette åleine. Ingen skal stå på hans plass. Heime er mor til Isak, systera Kristi, systerdottera Ingrid og ei tenestejente. «Du veit da er mykje som fere gjennom haue når det er slikt som står på. Eg visste ikkje kva dei kunne finne på om dei ikkje fekk tak i meg», fortalde Isak. Soldatane hadde oppført seg etter situasjonen pynteleg. Det var ikkje andre enn Fredrik Persen som hadde lidd noko overlast. Isak vart teken fyrst til Florø og så til Bergen. Der sat han i to månadar fram til freden kom.
Folk er redde, det er ikkje ufarleg å hjelpe
Sigrun Solberg trudde at agentane var reiste, for sist ho var oppe var alt pakka og klart. Ho fekk greie på kva som var hent då ho var sta og henta posten i Seljestokken. Der viste dei berre at «dei skulle ha teke noken engelskmenn opp i Breiviksmarka». Då viste ho kva som var ventande. Ho får varsla foreldra Simon og Gunnhild. Då Sonja (Gestapo-båten ) kjem så får dei ikkje lagt til lands. Dei må setje ut båt. Det gjer at ho har tid å komme seg ovanom bøgarden og inn i skogen. Ho høyre kor dei romstere inne i huset. Då dei ikkje finn den dei søkjer etter fer dei att.
Når det er mørkt kjem ho seg inn og får nokre ord med foreldra, og hentar gummistøvlane sine. Det er styggevêr ute med regn og vind. Ho ligg ute natta over og kjem seg ut til Husefest og får med seg noko mat før ho fer til skogs att. Folk er redde, det er ikkje ufarleg å gje hjelp til slike. Ho vert liggande ute i to døgn til ho kjem under tak på Kvia. Derifrå vert det teke kontakt med Gustav Gjelsvik i Pusavika, han seier seg villig til å frakte henne vidare inn i Norddalsfjorden der ho har slekt.
Kvifor Gustav Gjelsvik vart vald til kontakt veit eg ikkje, men eg veit at far min (Paul Urdal) og Gustav Gjelsvik ikkje kunne fordra kvarandre, og det var både eit før- og etterkrigsfenomen. Krig kan setje mange omsyn til sides. Årsak for meg ukjent. Men på Klauestølen hjå Magnus Kleiven låg det folk i dekning som var innkalla til arbeidsteneste og folk i Pusavika var kan hende knytt opp mot det på eit slags vis? Det biletet syner i så måte det vidsveimde nettet, som utgjorde den illegale motstanden i det okkuperte landet og kva folk var villige til å risikere. Og kvifor? Eg trur fordi dei kjende seg forplikta andsynes kvarandre. Kom der nokon som trong hjelp så var du forplikta. Det var fredstidsmoral og skikk som folk tok med seg gjennom ein krig. Og som han Isak ein gong sa: «Den viktigaste striden var den for ikkje å verte lik fienden». Nordahl Grieg skreiv i diktet Sjømannen:
Kjenner du frihetens ansikt?
Nærm deg og du skal se:
det er et dødninge-hode.
Skremmes du bort av det?
Historia held oftast med vinnaren
Det kan sikkert verke underleg at dei tyske stridskreftene var så vidt velfungerande til siste slutt. Militære operasjonar heldt fram i Matre-fjella like til 3. mai då Bjørn West trekte seg attende.
Det var ein okkupasjonsstyrke på over 280.000 mann frå Lyngen til Lindesnes. Om den ikkje hadde same stridskraft så var den velorganisert og administrert med alle kommandoliner i orden. Det gjorde sitt til at ein fekk ein roleg og velordna kapitulasjon. Når ordren kom vart den følgd.
Om vi skulle tenkje kontrafaktisk. Om krigen hadde fått eit anna utfall. Ville ein då ha samlast her i tunet i Breivika 80 år seinare for å minnast nokon? Kva omtale ville dei i så høve fått desse som gjorde motstand? Dei som hjelpte framande agentar som dreiv spionasje, sabotasje og våpentrening? Okkupasjonsmakta og NS-styret kalla dei terroristar. Hadde utfallet av krigen vore eit anna enn det som vart. Kva hadde vi kalla dei då? Politiske galningar, ansvarslause ekstremistar, som sette seg sjølv og sine sambygdingar i største fåre? Det er verd ein tanke i høve til kva vi i vår samtid kallar andre stridande folk. Historia er ingen nøytral dommar. Ho held oftast med vinnaren.
