,

Bok om kystagentane og medhjelparane deira

Hausten 2026 kjem boka «Kystagentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen frå Florø, medagentane og hjelparane deira». Det er Flora historielag som gjev ut boka og Magnus Helge Torvanger som skriv ho. – No er det ingen primærkjelder att til å snakke med, men vi har heldigvis ein god del rapportar og intervju med folk som var med i motstandsarbeidet under krigen. Men har folk historier og bilete dei meiner har interesse og bør fram må dei ta kontakt, seier Magnus Helge Torvanger.

Frå venstre Dagfinn Ulriksen, Bjarne Thorsen, frå Sotra, og Atle Svardal. Bilete er teke rett etter at Ulriksen og Svardal kom attende til England frå Eric-oppdraget i Norge. Bilete: Utlån Flora historielag

Boka omfattar området frå Nordhordland/Solund til og med Nordfjord, med fokus på kysten. – Utgangspunktet for boka er dei to karane frå Florø, Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Dei var av dei mange på kysten som rømde til England under krigen. Dei fleste englandsfararane gjekk inn i handelsflåten eller marinen, Svardal og Ulriksen var begge i marinen. Svardal var sersjant i hæren, nyutdanna under kampane på Voss i april 1940. Han tok eksamen i kamp, fortel Torvanger. Svardal byrja seinare i 1940 på politiutdanning, men slutta då det kom pålegg om at politi og politistudentar måtte melde seg inn i Nasjonal Samling (NS).

I april 1941 reiste Svardal og Ulriksen til Shetland. Det var kort veg over dit og dei reiste saman med fleire andre. Dei vart verva av den norsk/britiske etterretningstenesta SIS, Secret Intelligence Service, som fyrst og fremst skulle overvake tysk skipstrafikk på norskekysten. Kompani Linge var ein del av SOE, Special Operations Executive, som dreiv sabotasje i tyskokkuperte land. SIS gav mange opplæring som radioagentar i England. – Dei to karane frå Florø var dei fyrste nordmennene som vart utdanna til radioagentar. Så dei var pionerar. Eivind Viken, frå Arna, var den tredje. Det var han som dreiv flest radiostasjonar her under krigen, fortel Magnus Helge Torvanger.

Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen vart sende til heimtraktene i august 1941. – Det var då dei banka på døra på Solberg og Sigrun Solberg opna. Dei spurde etter bror hennar, Harald Solberg, og fortalde at dei var Florø-gutar. Ho tykte det var rart at dei ikkje visste at han sat fengsla i Tyskland. Men trass i skepsisen slapp dei inn og Simon Solberg, far til Sigrun, gav dei løyve til å etablere seg på Gåsøyna. Det var ei øy som var oppdyrka, men fråflytta, og dei etablerte seg i ei gamal stove som no vart brukt som fjøs.

– Men korleis kunne dei skjule seg kloss i leia?

– Dei var der til mars i 1942. Det var ein vellukka pionerstasjon på alle måtar. Det var folket på Solberg og Dagfinn Hjertenes som hjelpte dei. Han var tilsynsmann for fyrlyktene og kunne difor ferdast fritt med eigen båt. Han formidla mykje kontakt. Men det er klart dei to på Gåsøya måtte vere forsiktige på ei øy mest midt i skipsleia.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Magnus Helge Torvanger. Foto: Torkjell Djupedal

 

– Kva er det no å skrive om krigen som ikkje er skrive før?

– Ja, det er skrive mykje om krigen, om området her serleg av Arnfinn Haga og Ragnar Ulstein. Men lite er skrive av lokalkjende folk, så difor er det i blant litt laust om både namn og plassar. Både Svardal og Ulriksen døydde unge, men vi har fleire av rapportane dei skreiv når dei var attende i England. Svardal vart skoten av tyskarane i 1945, og Ulriksen døydde på 40-årsdagen sin i 1955. Han vart også med på etterretningsarbeid mot Sovjet etter krigen.Det finst ein god del materiale som Flora historielag fekk samla inn for ti år sidan, då det var planar om å lage ein filmserie om kystagentane.

– Men alle primærkjeldene er borte?

– Ja, alle dei er borte. Den siste eg rakk å snakke med før han døydde var Jostein Midtbø i Norddalsfjorden. Han kunne rekapitulere mykje av fluktruta til Sigrun Solberg, då ho måtte flykte dit etter at tyskarane tok radiostasjonen Roska i Breivika. Men elles har det heldigvis vore gjort ein god del intervju med dei som var med. Krigshistorikaren Ragnar Ulstein intervjua til dømes både Sigrun Solberg, Isak Bredvik og Arne Øvrebotten for Heimefrontmuseet i 1985. Og Firdaposten-journalistane Rolf Orheim og Harald Stavang var flinke til å dra fram og intervjue lokale folk som var hjelparane til agentane.

– Har du fått deg overraskingar?

– Ja, eg har vorte overraska over kor mange i Botnane som var involverte i tillegg til dei sørover stranda, i Breivika og på Solberg. Hendingane kring Solberg og Breivika har vore meir framme enn det som hende i Botnane. Det har mellom anna dukka opp ein skulestil som 18 år gamle Halvdan Øvrebotten skreiv rett etter krigen, då han gjekk på Solvang folkehøgskule i Førde. Den handlar om 13. mars 1945, då tyskarane tok radiostasjonen Roska i Breivika, og skaut Atle Svardal. Då tvinga tyskarane mest alt som fanst av mannfolk i Botnane, vel 30 stykke, med til Breivik for å bere ned utstyret til radiostasjonen, som tyskarane hadde sett fyr på. Det er den einaste fullstendige augevitneskildringa vi har frå ein som var med på dette arbeidet. Halvdan synte stilen til tanta og onkelen sin på nabogarden, Magna og Thorbjørn Øvrebotten, og Magna spurde om å få skrive av stilen. Ho tok vare på avskrifta og no er stilen med i boka.

– Men kva så med damene sin innsats, den har det vore skrive lite om til no. Kva hadde desse karane fått gjort om det ikkje var kvinner som laga mat, stelte kle, delte lokalkunnskap og alltid var der? Dei kunne ikkje røme frå barn, gamle foreldre og husdyr som trong dei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sigrun Solberg. Foto: Utlån Flora historielag.

 

– Ja, dette har det blitt litt meir fokus på. I denne boka er Sigrun Solberg ei sentral dame. Det er ikkje for ingenting at ho er med i statuegruppa «Eric» i Kyrkjeparken i Florø, saman med Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, som fekk mykje hjelp av henne. Men eg prøver også å få fram korleis det var for desse agentane å leve i kalde holer/hytter og slite på tunge radioar, batteri og lademotorar. Om Dagfinn Ulriksen skreiv ein medagent at det var utruleg kva den mannen kunne bere.

– Kven var dei sokalla «hjelparane»?

– Det var heilt vanlege folk som stilte opp, som om det var naboen som trong hjelp. Evna til å kunne teie var viktig, så det var ikkje så mykje som kom ut om dei. Dei tagde også etter at krigen var slutt. Det var sjølvsagt ei frykt i kystbefolkinga etter det som skjedde i Telavåg i 1942. Det sette ein støkk i dei, for det synte kor forferdeleg tyskarane kunne fare fram. Men likevel heldt folk fram med å skjule dei som trong det, som til dømes på Solberg, i Breivika og i Botnane.

 

Skulpturgruppa Eric i Kyrkjeparken i Florø. Foto. Magni Øvrebotten

– Har det vore skrive mindre om motstandsarbeidet og agentverksemda på kysten enn elles?

– Det blir sagt at det er Milorg på Austlandet som har komme mest fram i media, og på film. Og at det er mindre omtale av agentverksemda på kysten. Det var mange som tok store sjansar her. Firda Folkeblad skreiv like etter krigen at «Det er vel ingen her på våre kantar som tok større sjansar under okkupasjonen enn Martin Domben frå Barekstad». Han førte fleire laster med våpenkasser frå Domba til heimestyrkane inne i fjordane. Kassene var gøymde under skjelsand på båtar som var frå øya.

Magnus Helge Torvanger seier at alt i alt er det mange sin innsats som burde kome fram, både kvinner og menn. Han er interessert i at folk tek kontakt om dei har bilete frå der folk gøymde seg , bilete av folk som gøymde seg og dei som hjelpte dei. Og bilete av bygder/område slik dei såg ut før/under krigen. – Dei som har historier dei meiner ikkje har kome fram må ta kontakt, oppmodar Torvanger.

Intervju: Magni Øvrebotten 27.02.26.

PS: For ordens skuld vil eg opplyse at intervjuaren er dotter til Arne Øvrebotten, og Magna og Thorbjørn Øvrebotten var besteforeldra mine. Dei gøymde folk under krigen.