,

– Svingen på Myklebust er farleg

Den omtalte svingen må Myklebust er smal og uoversiktleg, og vanskeleg å få eit dekkande bilete av.

– Eg reknar med at det er svingen 100 meter vest om brua på Myklebust du meiner, seier sjåfør på mjølkebilen, Jan Magne Herstad, når han vert spurt om korleis han opplever «den smale svingen» på Myklebust.

Ingen vi spør er i tvil om kva sving det er snakk om. Nokon ser på han som ein av mange smale svingar der det berre gjeld å avpasse farten og kunne rygge, medan andre kjenner på frykta for kva dei møter når dei sig inn i svingen, evna til å rygge vert fråverande og det mest må gå gale når det kjem bilar i mot i stor fart.      

– Vi har vore veldig mykje i den svingen på Myklebust og henta krasja bilar, mange gonger i året, i mange år. Det er berre nokre veker sidan vi var der sist, seier dagleg leiar Ole Johni Havn i Havnen auto i Eikefjord. 

– Det er ei skam at den svingen ikkje er utbetra for lenge sidan. Han er farleg, seier Ronny Brandsøy, som har brøytt Frøysjøvegen i 33 år og køyrer her ofte med store bilar.

Det er meir enn 20 år sidan grunneigar Leif Myklebust gav Sogn og Fjordane fylkeskommune løyve til vederlagsfritt å skyte vekk bergnakkane i den svingen og utvide han med ein meter. Korkje vegen eller svingen er dimensjonert for den trafikken som er her i dag.

              Bergingsbilar frå Havnen auto er eit vanleg syn på Myklebust.

På Myklebust var bygdevegen ferdig i 1962. Deretter var det stopp i vegbygginga til i 1981, då kom det veg vidare til Vindspollen/Mulelid. I 1987 vart det veg til Sørgulen, og i 1993 opna vegen mellom Sørgulen og Botnane. Då vart fartsgrensa gjennom Myklebust sett til 50 km. Det kom veg mellom Årebrot og Botnane i 1987.

– Då dei skulle til å køyre stein frå steinbrotet i Seljestokken til vindkraftanlegget på Guleslettene var Vegvesenet her og såg på både vegen og svingen. Sjølv om dei kunne ordne svingen utan kostnad til grunn var dei ikkje interesserte. Det var for dyrt, sa dei. Det ville gjort vegen ein meter breiare og meir oversiktleg, seier Kåre Vedvik.

Han ser at store bilar/trailarar køyrer heilt på kvitstripa på begge sider av vegen. Det er mest uråd å gå der med barnevogn, og knapt for gåande. Her er mykje tungtrafikk og annan trafikk til fiskeanlegget i Botnane, steinbrotet i Seljestokken og båtverkstaden der, mjølkebil og andre store køyretøy. Det er store bilar med grus og stein, smolt og fôr, og no for tida tømmerbilar med hengar.

Kåre Vedvik meiner at den smale svingen på Myklebust er den verste av mange svingar på Frøysjøvegen, Myklebust-Årebrot; her er ein utan oversikt, kurva på vegen er feil og det er høgt utfor om ein kjem ut på kanten. Rekkverk er det ikkje plass til og bilane som møtest der må rygge i sving, same kva trafikkreglane seier. – Vi har møtt mange vitskremde folk i den svingen, som nektar å rygge. Både lokale og tilreisande køyrer for fort. Dei peisar inn i svingen og er avhengige av at den møtande bilen har låg fart, maks 35 km, og sjølve må dei stå på bremsen. Aller verst er det å rygge der om vinteren når det er glatt og snøkave, då ser du absolutt ingenting. Då burde her vore lysregulert. Det kunne vore ei løysing heile året, med ei utkøyrsle på begge sider av svingen, meiner Kåre Vedvik.

Kåre og Jorunn Vedvik kan sitte i stova og sjå små og store bilar innta tunet deira.

Dette tunet er ein mykje brukt møteplass.

Jorunn og Kåre Vedvik er pensjonistar og bur i eitt av tuna som er mykje brukt som møteplass når store bilar møtest og må rygge seg ut av vegen. Det same gjeld bubilar om sommaren, som må inn på tunet her for å sleppe forbi andre. Sams for mange av bilane er at dei kjem hit for fyrste gong og ikkje er vande med så tronge forhold. – Det er mykje rart å sjå og mest eit under at her ikkje har skjedd meir alvorleg skade, i alle høve ikkje på folk. Men bergingsbilar ser vi ofte, dei kjem for å hente bilar som ikkje er køyrande lenger. Lastebilar i 80 km gjennom tunet her er ikkje uvanleg, sjølv om skiltet for fartsgrensa på 50 km står her, seier Kåre Vedvik.

Trafikken på Myklebust har auka svært mykje sidan Jorunn Vedvik kom dit i 1969, og også sidan dei sjølve hadde to barn som ferdast i vegen. No er det naboen sine born ho ottast for.  Ho er vel van med å køyre bil til arbeid i Svelgen, men har aldri heilt forsona seg med den uoversiktlege svingen. – No er det mest så eg skjelv til eg er gjennom den svingen, det er den som gjev meg lyst til å slutte å køyre bil. Trafikken, og særleg tungtrafikken, har auka mykje dei siste tiåra. Eg har ei kjensle av at det ikkje er så nøye med oss som bur her. Vi er for få i den store samanhengen, der svingen truleg vert sett på som både for dyr og for liten til å bli gjort noko med, sjølv om ei utbetring av den ville gagne alle som ferdast her, seier Jorunn Vedvik.

Maja Vedvik: – Både eg og barnevogna måtte i grøfta

Maja og Robert Vedvik er naboar til Jorunn og Kåre Vedvik. Maja arbeider på Svelgen omsorgssenter og han i Nordsjøen. Dei har to døtrer, Birgit på 9 år og Agnete på 7 år. Dei går på skule i Svelgen.

Birgit, Maja, Robert og Agnete Vedvik bur nær vegen gjennom Myklebust.

   Vegen går gjennom tunet til Maja og Robert Vedvik og med skilt og syklar prøver dei
å signalisere at her ferdast barn.

Birgit og Agnete trenar seg i trafikken mellom heimehuset og naboen.

Robert Vedvik vaks opp på Myklebust og har merka kor trafikken har auka sakte men sikkert. – Vegen skulle vore lagt bak busetnaden, men det var ingen som den gongen kunne sjå føre seg den trafikken som er her no, og heller ikkje storleiken på bilane. På dei smalaste partia må bilane inn på dei private tuna til folk for å passere kvarandre, seier Robert Vedvik. Det er ikkje uvanleg å finne lykter og bildelar langs vegen, og lykteglas når dei plukkar bær. Sjølve bur dei ikkje i den verste svingen, men i ein annan, som også er uoversiktleg.

– Enkelte køyrer hardt. Du ser maks fem meter når du ser «langt fram» i vegen her, og fleire stader er det stupbratt utføre, seier Maja Vedvik. – Å gå langs vegen med barnevogn var mest uråd, både eg og barnevogna måtte i grøfta.  Vi likar å følgje ungane når dei skal ut, for vegen går gjennom tunet. Det er skummelt å stå og vente på skulebussen, sjølv om det er 50-sone her. Den byrjar/sluttar nær tunet vårt og det er meir vanleg at folk køyrer i nærmare 80 enn at dei held fartsgrensa forbi her, seier Maja Vedvik.

Men samstundes må borna lære seg til å takle trafikken i vegen, og det er ikkje enkelt. På det smalaste partiet, i den mest uoversiktlege svingen, må både born og vaksne i grøfta når det kjem bilar. Og grøfta kan vere djup for små barn, dei har valet mellom å gå der eller ut på kanten, der det er høgt utfor. Maja går i yttersving med dei for å bli sette av bilane, medan Robert held seg i innersvingen. Når det er mykje nedbør kan susen av elva høyrest ut som det kjem bilar.

Det var fyrst sist sommar at dei to borna fekk lov til å gå åleine frå huset deira, gjennom den smale svingen og over elva til leikekameratar på toppen av bakken. Maja Vedvik er usikker på når ho vågar å la dei å gå åleine til busstoppen i Myklebustkrysset.

Birgit på ni år og Agnete på sju synst ikkje lenger at vegen er skummel. No er dei store nok til å gå åleine til naboane Jorunn og Kåre Vedvik. Det er ei strekning på eit par hundre meter, mellom to svingar, som har vore vegtreninga deira, der skal dei også lære seg å sykle. – Vi har vore veldig strenge med å sleppe dei ut i vegen på eiga hand, fordi innsatsen er for høg, seier Maja Vedvik.

Haldis Myklebust Førde: – Har sett mykje rart

Barndomsheimen til Haldis Myklebust Førde var i det brune huset «opp på svingen» med god utsikt ned på det som skjedde i svingen. No har ho hytte der vi køyrer inn i svingen frå aust, og oppkøyrsla til hytta er mykje brukt til å rygge opp i for å sleppe forbi bilar. Det er berre plass til ein bil i svingen.

 

Frå barndomsheimen til Haldis ser ein rett ned i den smale svingen.  

Oppkøyrsla til hytta til Haldis og familien er mykje brukt til rygging.

– Det har unekteleg vore mykje rart å sjå fram gjennom åra. Folk som tekstar på mobilen når dei køyrer i den uoversiktlege svingen, elendige ryggekunnskapar og altfor stor fart, særleg på dei bilane som kjem austfrå. Det er som dei trur dei har meir oversikt enn dei har, seier Haldis Myklebust Førde.

Ho veit ikkje om alvorlege personskader etter kollisjonar i svingen, men det har vore mykje skade på bilar og motorsyklar.  – Vegen er på ingen måte dimensjonert for den trafikken som er her i dag og fartsgrensa burde vore 30 og ikkje 50. Trafikken i helgane har auka svært mykje dei seinare åra, tykkjer Haldis. – Vi er mange som har hytte og hus i området, og er her mykje. Mange heimekjære som pustar litt lettare når vi kjem oss utover her.

Det er meir enn 20 år sidan far hennar, Leif Myklebust, sa med fylkeskommunen at dei vederlagsfritt kunne skyte vekk dei små og få bergnakkane, og utvide vegen med ein meter i denne svingen. Men ingenting har skjedd. Ho minnest at faren ofte var nedi vegen for å hjelpe folk som hadde fått problem av ulikt slag. Ofte hadde dei hamna i grøfta på oppsida og måtte dragast oppatt med traktor. – Det er som regel dei som kjem frå aust som sig med sakte fart inn i svingen. Eg hugsar ein eldre kar, som budde i Mulehamn, som tuta gjennom heile svingen for å varsle at han kom. Vi lo av det då, men det var kanskje ikkje så dumt? Det var før det i 1993 kom veg til Botnane og Årebrot og trafikken auka veldig mykje og berre held fram med det.

 

        Så langt inn i svingen kan du slå fast at du ikkje møte andre bilar denne gongen.

– Korleis er det å vere fotgjengar mellom tuna her?

– Det er mest uråd. Du er meir i grøfta enn på vegen. I svingen er det berre plass til ein bil i gongen og trillar du sykkel eller barnevogn må du i grøfta, og den er delvis ganske djup. Der kan du bryte deg sund. Ikkje for ungar å gå der. Vi som vaks opp her lærde oss å lytte etter bilar og ulike naturlydar, men det er ikkje barnelærdom i dag. Difor trur eg trafikken kjem meir brått på folk og til verre er det, særleg når farten jamt over er høg.

– Oppkøyrsla til hytta di er mykje brukt?

– Ja, det er dit folk ryggar når dei møter bilar i svingen. Som oftast er det dei som kjem frå aust som ryggar, og det er rett som det er to bilar som ryggar seg opp i tunet vårt. No har vi fått barnebarn og på grunn av farten og trafikkforholda vil vi sette opp grind og gjerde.

– Kva då med ryggeplassen?

– Nei, vi innser vel at vi ikkje kan ta vekk heile den, men vi må sette opp gjerde slik at vi slepp bilar opp i tunet. Men utan oppkøyrsla vår må folk rygge veldig langt før dei kjem til eit anna tun dei kan kome seg ut av vegen i. Folk kvir seg for å rygge innover i svingen for der er det høgt utføre og svært uoversiktleg. Svingen hallar dessutan innover, så særleg på glatt føre kan ein kjenne at bilen dreg seg mot grøfta på oppsida.

– Korleis er det å sitte ute på hytta og sjå på trafikken?

– Det kan vere nervepirrande når det er mykje trafikk og stor fart. Mange gonger er det berre flaks at det går bra. Nokon vert heilt fortvila når dei må rygge, dei kan det ikkje, eller vert redde fordi dei ikkje har oversikt. Det hender at vi tilbyr oss å rygge bilen for folk som ikkje kjem seg av flekken. Då vert det fort kork og endå verre å løyse opp floken. Det hadde hjelpt mykje å fått retta ut denne mest uoversiktlege svingen her på Myklebust, seier Haldis Myklebust Førde.

Ronny Brandsøy: – Det er ei skam at svingen ikkje er utbetra

 

Ronny Brandsøy og brøytebilen, men ikkje i den aktuelle svingen. Foto:Privat.

Ronny Brandsøy har brøytt Frøysjøvegen sidan 1993 og køyrt her mykje med store bilar. Han meiner at den smale svingen på Myklebust er farleg og at det er ei skam at han ikkje er utbetra for lenge sidan. Folk kan få problem der om dei er aldri så flinke sjåførar, seier han.

– Korleis er svingen farleg?

– På det verste vil snøen presse brøytebilen utfor vegen når eg brøyter den svingen om vinteren, og kjem frå vest – Då må eg ta opp skjæret og køyre til Myklebustkrysset og snu, slik at snøen fer utfor på nedsida når eg kjem attende til svingen. Men når eg kjem den vegen vert brøytebilen pressa inn mot berget og grøfta i svingen, vegen hallar innover og er ofte glatt om vinteren, seier Ronny Brandsøy.

– Men det er vel ikkje kvar vinter det er så mykje snø at dette skjer?

– Nei, men det har hendt meg fleire gonger enn ein kanskje vil tru utifrå vanleg snømengde. Det er ofte meir snø på Myklebust enn her lenger ute og eg er avhengig av at folk langs Frøysjøvegen ringjer meg om føreforholda, sidan dei varierer så mykje. Folk er veldig flinke til det. Eg hadde slutta å brøyte Frøysjøvegen for lenge sidan om det ikkje var for det gode samabeidet eg har med folk slik.

Ronny Brandsøy driv familieverksemda Brandsøy Maskin på Årebrot og har køyrt mange store bilar, med tung last, på denne vegen. – Du har fått rygga din del?

– Ja, det blir ein del rygging. Men det er óg vi som har største bilen som har best oversikt, sjølv om ingen ser heile svingen. Eg ryggar når eg ser folk plundrar med det, men dei som er kjende her ryggar om det er mogeleg med omsyn til plassen. Det er ein typisk veg der ein må hjelpast åt for å få flyt i trafikken.

Bilete frå den farlege svingen i 2021.

– Er det fleire grunnar til at du meiner svingen er farleg?

– Han er svært smal og uoversiktleg, det er ikkje plass til rekkverk og det er høgt utføre på nedsida. Mange køyrer fort, altfor fort etter forholda. Sjølv om du sjølv køyrer sakte inn i svingen kan det kome bilar imot i høg fart. Det er mest eit under at det ikkje har enda bilar utfor i dei mange kollisjonane som har vore i svingen på Myklebust. Det eg veit har det heldigvis ikkje vore alvorlege personskader, men det er ikkje uvanleg at bilane vert køyrde vekk av bergingsbilar.

– Når eg har snakka med folk om denne svingen er det mange som seier dei kvir seg for å køyre der, og dei er særleg redde for å rygge seg utfor når dei kjem frå sør og må rygge. Er største problemet at mange av oss er dårlege til å rygge?

–  Du kan få problem i den svingen der om du er aldri så van eller «flink» til å rygge. Ein aldri så liten feil med rattet og du kan fare utfor. Kjem du i stor fart kan du skubbe møtande bil utfor i kollisjonen. Fer bilen utfor vegen på nedsida trillar bilen rundt. Vi skal vere sjeleglade for at her ikkje har skjedd alvorlege ulukker.

–  Du kallar det ei «skam« at svingen ikkje er utbetra på over 20 år?

– Ja, det meiner eg. Det kan ikkje vere store jobben å sprenge vekk dei små bergnakkane som stikk ut i innersvingen der, og utvide vegen på det viset. Alt kostar pengar, men eg har vanskeleg for å skjøne at det blir veldig dyrt. Det vil i alle høve vere fort gjort. Eg skjønar ikkje kvifor det ikkje er gjort når grunneigar har gjeve grunn for lenge sidan, og trafikken er så stor i høve til det vegen var bygt for. Ei utbetring av den smale svingen på Myklebust ville med enkle grep gjort Frøysjøvegen betre og tryggare å ferdast på, både til fots og i bil, seier Ronny Brandsøy.

Jan Magne Herstad. – Det blir ein del rygging

– Eg reknar med at det er svingen 100 meter vest om brua på Myklebust du meiner, seier sjåføren på mjølkebilen, Jan Magne Herstad, når han vert spurt om korleis han opplever «den smale svingen» på Myklebust. – Det har blitt ein del rygging der ja, når eg møter bil i den svingen. Vi som sit høgt ser også betre enn  dei som køyrer personbil. Eg ryggar ofte fordi det går raskare enn om personbilen skal rygge, vi har betre speglar å rygge etter og betre oversikt. Men eg synst folk er flinke til å stoppe når dei ser tankbilen, seier Herstad.

– Det mest utfordrande i den svingen er når det er minusgrader og det legg seg blank is på asfalten, som det kan vere vanskeleg å sjå. Då må farten ned. Eg kan ikkje hugse å at eg har vore «nære på» å kollidere der, men det hjelper nok mykje at dei fleste som køyrer der kjenner vegen godt, trur Jan Magne Herstad.

Nok ein samanstøyt i den smale svingen på Myklebust, og redningsbilar frå ulike etatar er på plass. 

Ole Johni Havn: – Vi har henta mange krasja bilar der

– Vi har vore veldig mykje i den svingen på Myklebust og henta krasja bilar, mange gonger i året, i mange år. Det er berre nokre veker sidan vi var der sist, seier dagleg leiar Ole Johni Havn i Havnen auto i Eikefjord. – Det er ein dritveg, som det mest ikkje går an å køyre fort på, men fort nok til å krasje i den smale svingen og trenge bergingsbil etterpå. Vi er i det heile ofte ute og hentar krasja bilar på Frøysjøvegen, men denne svingen på Myklebust peikar seg ut, seier Havn.

Mange langs Frøysjøvegen hugsar den gongen det kom bergingsbil for å hente ein annan bergingsbil frå Havnen auto som hadde fare i grøfta i den svingen.

– Ja, det hugsar vi også. Vi hadde vore på Årebrot og henta ein traktor som skulle på verkstad. På heimveg møtte bergingsbilen ein personbil i den smale svingen på Myklebust. – Bilen hadde stor fart etter forholda og for å unngå kollisjon måtte vi vrenge bergingsbilen inn mot berget og grøfta. Han var ikkje køyrande etterpå, så vi måtte ut med ein annan bergingsbil for å hente han. I grunnen eit nokså typisk døme på det som ofte skjer når bilar møtest i den svingen, seier Ole Johni Hamn, i Havnen auto.

Tekst og bilete Magni Øvrebotten, september/oktober 2026.