Fire gravrøyser av «høg nasjonal verdi»

I 2017 løyvde Riksantikvaren pengar til å skilte og legge til rette for meir kunnskap om dei fire største gravrøysene i Botnane. Dei er mellom dei  fremste kulturminna frå bronsealderen i Norge, og syner at Botnane var eit maktsenter 1100-500 f.Kr. 

Botnane og Årebrot grendalag ynskte å sjå heile røyslandskapet Botnane-Årebrot, med vel 40 gravrøyser, i samanheng.

Søndag 30. mai, kl. 13.00, markerer grendalaget at det er kome opp fem skilt, og er klar for å syne resultatet til publikum. Fylkesordførar Jon Askeland står for opninga.

Pengane vart løyvde over statsbudsjettet til bevaring av utvalde arkeologiske kulturminne av «høg nasjonal verdi» (BARK). Tiltaket føresette eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Bremanger kommune, Botnane og Årebrot grendalag og grunneigarane.

På 1960-talet vurderte staten å kjøpe grunnen dei fire største røysane ligg på, fordi dei hadde nasjonal verdi, var velhaldne og godt synlege i landskapet. Det vart det ikkje noko av. Det er dei to i Sletten, Storrøysa i Sørbotten og røysa i Vika i Sørbotten som er dei fire store.

Fem skilt
Hovudskiltet kjem til å stå nær Søre røysa i Sletten (Nordbotten), der det er laga ein stopplass for nokre bilar. Der ser vi rett opp på Søre røysa som er den største gravrøysa på vestlandskysten. Ho er 38 meter i tverrmål, fem meter høg og ligg høgt og fritt i landskapet. Litt lenger nord i stranda ligg Nøre røysa, der steinkista er synleg.

Midt på bøen i Sørbotten ligg Storrøysa og det kjem opp eit skilt ved vegen i Kvia, som fortel om dei store røysene. Røysa i Vika høyrer med til dei, men skiltet tek og med langrøysa på Håjen. Langrøysene var som oftast kvinnegraver og det er to av dei i Botnane. Ved Opnarhella kjem det opp skilt som fortel om det vesle strandgravfeltet der med tre gravrøyser, to runde og ei langrøys. Slike gravfelt vart ofte lagt ved landingsplassar som Opnarhella er.

Vidare vert det eit skilt i Seljestokken og eit på Villevika som fortel om dei uvanleg mange gravrøysene frå Storevika til Årebrot. Der ligg det 30 røyser som perler på ei snor. Fleire av dei er frå jernalderen då kremering gjorde at gravrøysene vart bygde mindre. Dei ligg også nær sjøen og i seglskutetida vart det teke stein frå røysene til ballast, medan det frå andre vart teke stein til murar.

Det er også søkt om å få sette opp eit sokalla kringleskilt i Myklebust-krysset som syner veg til kulturminna på strekninga Botnane-Årebrot.

Grendalaget gjer dugnad

Løyvinga frå Riksantikvaren var på vel 280.000 kroner og galdt berre røysene i Bremanger kommune, men grendalaget ynskte å sjå heile røyslandskapet Botnane-Årebrot i samanheng. Difor har laget arbeidd  med å få sponsing til to skilt i Kinn kommune.

Grendalaget har teke på seg å gjere arbeid på dugnad, med å vere med på å skrive tekst til informasjonsskilta og rydde kring røysane. Det vart gjort eit forholdsvis stort ryddearbeid i Vika i fjor sommar, slik at både gravrøysa og fyrlykta der vart synleg. Det vart også saga ned tre kring Storrøysa for å få ho meir fram i lyset.

Både ryddinga, avkøyringane og stopplassane er gjort etter avtale, og i samråd med grunneigarane. Bremanger kommune har løyvd pengar til å opparbeide ein «lomme» i Kvia i Sørbotten, der skiltet skal stå og eit par bilar kan stoppe. Det er dette arbeidet som står att i tillegg til å sette opp dei fem skilta til opninga 30. mai.

Storrøysa i Sørbotten. Det vert eit skilt ved vegen i Kvia som fortel om dei store gravrøysene. Storrøysa er den nest største i Botnane med sine 30 meter i tverrmål.

Ved røysa i Vika er det rydda både på sørsida og nordsida. Det vert også rydda på nedsida av vegen slik at ein kan sjå røysa frå sjøsida. Denne røysa er den tredje største i Botnane.

Søre røysa i Sletten er den største gravrøysa på vestlandskysten. Ho er 38 meter i tverrmål og fem meter høg. Her er det no laga ein stopplass der to-tre bilar kan parkere. Hovudskiltet om gravrøysene vert her. Litt lenger nord i Nøre stranda ligg Nøre røysa der kista er synleg. Den røysa er den fjerde største i Botnane.