,

August Sande og Orvald Sletten 1943 – 1945

August Sande og Orvald Sletten 1943-1945

Av Ståle Sørbotten

Den 5. september 1943 gjekk sabotørane Ragnar Ulstein, Harald Svindseth og Nils Fjeld i Kompani Linge i land nord på Gudbrandsbøen i Nordbottsstranda. Dei skulle til Svelgen og angripe den tyske skipstrafikken. På grunn av mykje tysk trafikk att og fram i Frøysjøen straks etter at dei kom på land, fann dei det tryggast å dra til fjells. Til slutt enda dei oppe på Krypen, opp for Sletten.

Der låg dei ei heil stund og studerte aktiviteten nede i Sletten. På den  yste garden såg det roleg ut, så om kvelden den 6. september bestemte dei seg for å gå ned. Der trefte dei først på tanta mi, Oddny Langø, som budde til leige der med sønene Harald og Villy, og mannen Harald. August Sande som òg budde i huset, var ikkje heime nett då. Då dei fortalde at dei kom frå England vart dei omfamna og fekk eit kyss av Oddny. Det var mannen hennar dei hadde fått oppgjeven som kontakt, men han var på reise. Ho følgde dei bort i huset til Orvald Sletten der dei vart vel mottekne. Helene Sletten, mor til Orvald og gift med Borgar Sletten, ønskte dei velkomne med orda «Stakkars dokke som er heimlause i eige land. Her er de trygge. Sit ned og varm dokke». Dei fekk hus for natta der.

August Sande og Orvald Sletten hjelpte dei med utstyret som var gøymt nord i stranda og skyssa dei inn til Svelgen der dei fekk kontakt med Arvid Birkelid. På denne turen måtte dei passere dei tyske festningsanlegga i Ospeneset. For å fare mest mogeleg stille la dei eit notstykke over eksosrøyret. Det dempa lyden vesentleg. Dei kom heimatt seint på natta.

Lingekarane venta lenge før det kom inn farty som dei meinte var verd å prøve seg på.  Etter eit litt mislukka sabotasjeforsøk på det tyske skipet «Hermud» den 23. september – sprengladninga gjekk av for tidleg – måtte dei i all hast trekkje seg tilbake over fjellet og ut att til Botnane. Der skyssa August Sande dei ut til Martin Domben som hyste dei til dei fekk skyss over til Shetland 17. november. Det vart difor ei lang ventetid ute i Domba.

Deretter var det ei roleg tid for August og Orvald.

På blokka til Gestapo

Eit av dei fyrste dagane i mars 1945 – 5. eller 6. trur eg – var vi på veg til skulen – det var nysnø og vi møtte  Thorbjørn Øvrebotten på veg utover. Det forundra meg at han var på veg utover så tidleg på morgonen. Lenge etter krigen fortalde han meg at han då skulle ut for å varsle August Sande og Orvald Sletten. Dei var komne på blokka til Gestapo på grunn av den hjelpa dei gav til Lingekarane hausten 1943. Martin Domben, som var arrestert midt i februar, hadde under harde forhøyr funne at han måtte gje opp namna på Orvald og August. Martin Domben hadde då resonert slik, at dei var ikkje så infiltrert i det illegale arbeidet at konsekvensane for dei ville bli så store. Thorbjørn Øvrebotten hadde gjennom sine kanalar fått melding om dette og for difor ut for å varsle.

Orvald og August tenkte at det ikkje hasta å kome seg vekk, så dei reiste til Kalvåg for å handle, og far min (Ivar Sørbotten) var med. Dei hadde avtala heime at dersom Gestapo kom, skulle dei ringe ut til forretninga til Aud Øvrebotten og sei at dei måtte kjøpe brød óg.

Gestapo låg ikkje på latsida, dei troppa opp i Sletten same dagen for å arrestere August og Orvald, men då var dei farne til Kalvåg.

Broren til August, Odd 11 år, vart sett under forholdsvis hardt forhøyr, men greidde å holde tett. Han visste vel heller ikkje så mykje om det illegale arbeidet til August og Orvald, to år før.

På heimvegen frå Kalvåg såg dei gestaposkøyta låg inne i Frøysjøen og då skjøna dei at det var best å kome seg vekk. Dei snudde utatt til Kalvåg, var opp og handla meir matvarer og reiste nord med Vågastranda. Der låg dei ei stund ved ein holme i Smørhamnen og følgde med gestaposkøyta. Då den trekte sørover kryssa dei fjorden og landa i Gulestøa, etter at dei hadde sett far min i land sør for Heianeset.

I Gulestøa fekk dei hjelp av Stin og Knut Gulestø til å sette båten inn i naustet i Gulestøa. Derifrå tok dei vegen opp i Skudalen, utrusta med tørka sild og brød, og tok inn i stølshuset til Gulestøa. Far min gjekk heimatt fjæra for å ikkje sette spor i nysnøen som var komen om natta. Han kom heim ut på kvelden.

August og Orvald låg lenge oppe i Skudalen, men dei tok seg ein tur heim av og til. I Svelgsdalen og inne i Indrehusmarka låg det ein heil del personar som hadde fått innkalling til Arbeidstenesta, men som hadde stukke seg vekk for å unngå å møte fram. For desse byrja det etter kvart å bli kritisk. Det vart difor arbeidd iherdig med å få båtskyss for dei til Shetland. Det lukkast omsider og August og Orvald kom med i same flokken.  Dei vart henta av ein båt i slutten av mars og førde ut til Bremanger. Det låg dei visst ein dag heller to i ei hytte som tilhøyrde Reidar Torvanger.

Strabasiøs tur til Shetland

Georg Trulsen Nessen med redningsskøyta  R/S Johan Bruusgaard hadde sagt seg viljug å føre dei over til Shetland.  August Sande fortalde at stuerten om bord hadde laga ei gryte med erter, kjøt og flesk som smaka utruleg godt. I følgje det Ragnar Ulstein skriv i bøkene om Englandsfarten drog redningsskøyta ut frå Bremanger 28. mars med kurs for Shetland. Dit kom dei 29. mars etter ein strabasiøs tur i nordvestastorm. Gryta med erter, kjøt og flesk kom oppatt straks dei kom ut om Olderveggen, fortalde August Sande. Sjølv han som var vand å vere på drivgarnsfiske om vinteren, måtte gje tapt.

Ragnar Ulstein skriv i «Englandsfarten» at 21 personar var med på denne turen, mellom desse var og Ragnvald Sørbotten frå Botnane og Sigurd Vågene frå Vindspollen.

Frå Shetland var dei førde med båt til Skotland, der dei vart plassert i ein fangeleir til forhøyr og gransking. August Sande meinte dei var i denne leiren ei vekes tid.

August og Orvald vart visstnok innrullert i luftforsvaret 24. april og dimmitert 8. mai 1945, så det vart forsåvidt  ei kortvarig millitær karriere, men dei berga seg unna Gestapo sine klør.

Dei kom heimatt til Noreg med «Bergensfjord»  i løpet av mai. Det var i alle høve før Kongen kom tilbake 7. juni, opplyste August, for han vart utkommandert til vakt på Carl Johan, under inntoget.

August meinte han kom heim att til Botnane ein gong i august. Kva tid Orvald kom veit eg ikkje.

Artikkelen er skriven med bakgrunn i eige minne og eit intervju som NRK-journalist Silje Sande gjorde med farbroren August Sande rundt årskiftet 2000.


Biletet er truleg teke i England og viser frå venstre August Sande, Sigurd Vågene og Orvald Sletten i flyvåpenuniform. Sigurd Vågene, vart i dagleg tale i Botnane kalla Sigurd i Pollen. Fotograf: Ukjend.



Dette bilete av Ragnar Ulstein er teke på Gudbrandsbøen i Nordbottsstranda 6. september 2015.  72 år og ein dag etter at han, Harald Svindseth og Nils Fjeld kara seg i land her natt til  5. september 1943. Her peikar han mot staden dei kom seg på land, i rullesteinsfjæra nord for Gudbrandsbøen. Foto: Ståle Sørbotten