,

Treng fleire stjernestopp med Kystvegekspressen

Kystvegekspressen (Sylvarnes) ved kai på Villevika. Grendalaget ynskjer fleire stjernestopp som ikkje vil ta meir enn fem minutt, men vil ha mykje å seie for dei som reiser. Foto: Magni Øvrebotten

Botnane og Årebrot grendalag ynskjer stjernestopp på Villevika for alle båtrutene til Kystvegekspressen, som går mellom Florø og Måløy. – Båten passerer Villevik på veg mellom Florø og Smørhamn, og eit stopp her tek mindre enn fem minutt, skriv nestleiar Nina Seljestokken i eit brev til Kinn kommune. Kommunen oppmoda grendalaga om å kome med ynskje etter at Skyss/Vestland fylkeskommune inviterte kommunane til å kome med innspel vedkomande ruteendringar for buss, båt og ferje i 2022. Samferdsleutvalet i Vestland fylkeskommune skal ha saka føre i slutten av januar.  

– På strekninga Botnane-Årebrot er det eit aktivt næringsliv med mellom 25-30 arbeidsplassar, og eit meir fleksibelt transporttilbod gjer kvardagen langt enklare for oss. Det gjeld både for fastbuande, hyttefolk og pendlarar, seier Nina Seljestokken, som i tillegg til å vere nestleiar i grendalaget er leiar for Seljestokken båtverkstad.

Eit betre og meir fleksibelt rutesamband er viktig for busettinga i Botnane og Årebrot. Foto: Nina Seljestokken

Dei som til dømes bur i Florø og arbeider på båtverkstaden og steinbrotet i Seljestokken må kome seg med båten kl. 06.50, elles kjem dei seg ikkje på arbeid utan å køyre privatbil ein times tid. Det går ikkje båt til Villevika før om ettermiddagen.

– For dei kan rutebåten kl. 08.30 vere eit alternativ. Den sokalla «politikarruta». Båten har ofte få passasjerar, så det er god plass til oss. For dei fastbuande i Botnane og på Årebrot vil det vere eit stort framsteg om Kystvegekspressen kom opp om Villevika kl. 11.45, på veg attende til Florø. Då kan dei handle, gå til doktar eller besøke folk utan å måtte bruke heile dagen i Florø. I dag kjem dei til Florø lenge før butikkane opnar, seier Nina Seljestokken.

Ho er overtydd om at eit betre og meir fleksibelt rutesamband er viktig for busettinga. Ho veit om folk som vurderer å busette seg her, som går i turnus i Florø, og for dei ville desse rutetidene passe. Også hyttefolket er interesserte i fleire stjernestopp for å kunne bu på hytta og pendle til jobb, noko som også vil auke busettinga.

Nina Seljestokken har stundom prøvt å ringe Kystvegekspressen når båten er på veg attende til Florø, for å få dei opp under Villevika. Men det har dei ikkje lov til når staden ikkje står som stjernestopp i ruteheftet. – Villevika er merka av med nokre få stjernestopp, men altså ikkje 08.30-ruta frå Florø på yrkedagar. På laurdagar kan du ta Kystvegekspressen frå Florø til Villevika kl. 13.00, men båten kjem ikkje oppom på returen. Når det er skikkeleg styggever og dårlege køyreforhold over Magnhildskaret vinterstid er det betre å ta den bilførande Kystvegekspressen (må tinge plass) til ferjeleiet på Årebrot, enn til å køyre rundt med hjarte i halsen, seier Nina Seljestokken, nestleiar i Botnane og Årebrot grendalag.

 

Styret i Botnane og Årebrot grendalag med frå venstre, Åsmund Berthelsen (leiar), Nina Seljestokken (nestleiar), Tone Seljestokken, Helen Aasen og Vetle Aase Øvrebotten. Foto: Magni Øvrebotten.

 

 

Magni Øvrebotten 10.01.22.