Kort om huset og bygda

På strekninga Botnane-Årebrot er det omlag 50 fastbuande personar, som anten arbeider i området eller pendlar til arbeid i Florø og Svelgen. Det er skule- og arbeidsruter med båt til/frå Florø morgon og ettermiddag, frå ferjekaia på Villevika (Årebrot). Dei som arbeider i Svelgen køyrer Frøysjøvegen nordover mot fylkesveg 614. Grendalaget arbeider for å få fleire båtruter for å gjere det lettare både å bu og arbeide i området.

Næringslivet i Botnane er gardsbruk med sauer, kyr og utegangarfe og eit settefiskanlegg for aure. I Seljestokken er det båtverkstad og steinbrot, og heilt sør mot ferjekaia på Villevika held Brandsøy maskin til. Sjå meir om nærlingslivet her

I desse bygdene var det tidlegare mange fiskarbønder, som livnærte seg av ein kombinasjon av fiske og jordbruk. Det er det ikkje lenger, men båtliv og fiske i sjøen er ein kjær aktivitet for mange.

Frå skulehus til grendahus

Grendahuset i Botnane var skulehus frå 1927 til 1975, og ligg i Øvrebotten. Leilegheita var lærarbustad og vart pussa opp for utleige på 1990-talet. Ho har vore utleigd i kortare og lengre tid sidan den tid.

Leilegheita ligg i den nordre delen av huset, med eigen inngang. Her er to stover, kjøkken og bad/vaskerom nede, og fire soverom, gang og loft oppe. Frå tømmerstova er det utsikt mot sjøen, medan dei andre romma vender mot fjella og skogen, og leike- og parkeringsplassen på baksida av huset.

Grendahuset og området rundt vert halde ved like og rydda på dugnad av bygdefolket. Det er viktig at dei som leiger her har respekt for det, og tek omsyn til at dette er både eit utleige- og forsamlingshus som folk i bygda er glad i og vernar om.

 

Diktarstien i Botnane

Forfattaren Jan-Magnus Bruheim (1914-88) budde på to rom i denne leilegheita frå 1978 til 1985. Han var fasinert av roa og stilla han fann i Botnane, naturen og det omskiftelege veret. Han skreiv eit eige dikt om skulehuset.

I 2018 vart Diktarstien i Botnane opna, 4,3 km lang, med ti dikt av Jan-Magnus Bruheim, plasserte der han vart inspirert til å skrive dei. Dikta «Huset som talar» og «Den annsame» finn du på baksida av grendahuset. Der er det inngang til forsamlingslokalet i bygda, som vert brukt til små og store samkomer.

I den gamle skulestova i grendahuset er det eit mindre lokale med delar av den gamle skule- og folkeboksamlinga og skulpturar av kunstnaren Aase Botnmark. Her har det vore både barnedåp og julemesse (sal av handarbeid), og rommet eignar seg godt til mindre møte og lag.

 

 

Flott tur- og sykleområde

Både i Botnane og på Årebrot er det mykje flott natur med både merka og ikkje merka stiar og vatn med fisk i. Frå Botnane er det merka stiar til fjella Opnaren, Middagsnova, Storehornet og Botnanipa. Herifrå kan ein også gå kortare turar til Nøre- og Søre dalen og Skudalen.

På Årebrot er det merka DNT-løype frå Årebrot til Grytadalen. Starten går innover i Uradalen med mykje storvaksen furuskog. Det er også eit fint turterreng frå Husefest og over mot Årebrot, og i Husefestmarka. Mellom Husefest og Botnane ligg Bugen naturreservat, «Regnskogen i Botnane», med over 100 år gamal bjørk- og furuskog, og mange andre treslag, innsekt- og soppartar.

Det er også fint å sykle langs Frøysjøvegen frå Botnane til Villevika, langs den merka Nordsjøløypa. Her syklar ein langs stranda mot Frøysjøen, der hovudskipsleia går rett forbi i dag som ho gjorde i bronsealderen. Meir informasjon om turar her

 

 

Kulturminneløype

I 2021 vart det opna ei kulturminneløype mellom Botnane og Årebrot, der det ligg over 40 graverøyser frå bronse-og jernalder. Dei fire største graverøysene i  Botnane er av dei fremste kulturminna i landet frå bronsealderen. Dei er no skilta og gjort meir tilgjengelege for folk. Det er også informasjonsskilt om graverøysene i Seljestokken og på Villevika, der gravrøysene ligg som perler på ei snor langs stranda. Les meir her

Eit aktivt grendalag

Botnane og Årebrot grendalaget arbeider med viktige saker for bygdene, både om å få fiber, betre mobilsamband, utbetringar av vegar og meir. Laget har stått i spissen for å få til både Diktarstien og kulturminneløypa om gravrøysene frå bronsealderen. Og grendalaget arrangerer dugnadar og sosiale samkomer som kafear, basar, 17.mai, hjortefest og no sist sommar ei bygdehelg med fellesturar og sommarbasar. Laget driv også ei aktiv side på Fjesboka for å halde folk oppdaterte om det som skjer.

Meir informasjon om Botnane og Årebrot, både i fortid og notid, finn du på heimesida www.botnane.no og på fjesboksida 

Til slutt litt folkeopplysing: Botnane er den sørlegaste bygda på fastlandet i Bremanger kommune, tvers over Frøysjøen frå Kalvåg. Grensa til Kinn kommune går i Husefest. Svelgen er kommunesenter i Bremanger kommune, som er omkransa av Kinn kommune. Den kommunen er laga av gamle Flora kommune i sør og gamle Vågsøy kommune i nord.