,

Ei ulukke og fleire versjonar

Drukningsulukka ved Opnarhella i 1934 har truleg dei fleste som har vakse opp i Botnane høyrt om. Tre menneske omkom, to kvinner og ein mann. Tre andre var nære ved å lide same lagnad. Ulukka skaka folk langt utover bygda, men sjølvsagt mest dei som miste sine og dei som budde i Sørbotten. Der ligg husa tett og fire av seks tun var direkte råka av ulukka.

Dei tre kistene og gravferdsfylgje 14. februar 1934. Frå venstre kista til Aletta Sørbotten, Maria Sørbotten og Harald Sørbotten. Fotografiet er frå ei avis, men vi veit ikkje kva avis.

Beste rådet i den tid var å snakke minst mogeleg om det som hende. Det var heller ikkje lett å spørje, svara var få og stilla rådde. Det var ikkje noko ein snakka om. Heller ikkje til etterkomarane, og dei skjønte ikkje kva dei skulle ha spurt om før det var for seint. Dei store trekka i historia er kjende, men detaljane har vorte opp i brotstykke og fleire versjonar.

Det har også vore tvil om kven som var med båten då han kollsigla 6. februar 1934, men der må vi kunne lite på lensmann Tunold i Bremanger som ramsa opp namna til Bergens Arbeiderblad 7. februar 1934: Harald Sørbotten (42), Aletta Sørbotten (45), Maria Sørbotten (52), Anders Grotle (69), Bernt Sørbotten (51) og Anna Nøttingnes (52). Dei tre fyrste drukna, dei tre siste overlevde.

Anna var ei myndig dame

Sigfred Nøttingnes (1952) er sonason til Anna Nøttingnes (1882-1976) og har overteke garden i Kvia etter farbroren Kåre Nøttingnes. Ulukkesdagen i 1934 ville Anna i gravferda til Hans Husefest, sjølv om mannen Severin (1878-1953) ikkje ville at ho skulle fare. Det var søraust vind og når den kom frå Furuhaugfjellet visste Severin at det vart mykje ròsevind sørover langs stranda. Det var tryggast å halde seg heime, meinte Severin.

Sigfred Nøttingnes. Foto: Magni Øvrebotten

– Men her i huset var det ikkje han bestefar som styrde. Det var ho Anna, som var ei myndig dame. Ville ho noko var det nett det same kva han bestefar sa, fortel Sigfred. Severin hadde hatt hjerneslag året før og gjekk med stokk, så han skulle vere heime. Sigfred si historie byggjer på det farsyster hans, Signy Evensen (1913-2002), fortalde om opplevinga si av denne dagen. Ho var 21 år, hadde flytta til Kalvåg, men var heime i Kvia på besøk.

Sigfred har oppfatta det slik at det var avtalt at Anna og naboane skulle reise med båten til Magnus Sørbotten (1892-1969). Han styrde med både posten, telefonen og bording av bybåten og hadde truleg den største båten i bygda. Ein seksring med tre par årar og segl.

– Han bestefar vart endå meir bekymra då han såg at Magnus kom opp att frå Sørbotsvikja og ikkje vart med båten. Magnus hadde bedt Harald Sørbotten (42 år), på Neset, om å hjelpe seg med å sjøsette båten og segle han sør til Opnarhella. Magnus var ikkje klar til å reise, så han skulle gå stranda til Opnarhella og byte plass med Harald Sørbotten der, fortel Sigfred. Opnarhella er den einaste staden mellom Botnane og Husefest der du kan gå i land frå eller om bord i båt. Det var også råd å gå ein sti mellom Botnane og Husefest, der det no er veg.

– Men kvifor ber Magnus, Harald Sørbotten som ikkje skulle i gravferda, om å føre båten, i staden for å be den sjøvande naboane Bernt Sørbotten om å gjere det?

– Nei, det er eit spørsmål vi aldri får svar på. Det virkar svært rart og har nok medverka til at det også delvis har heitt seg at Bernt ikkje kunne ha vore med ulukkesbåten, seier Sigfred Nøttingnes.

Anna og Severin Nøttingnes og dei seks døtrene. Bak frå venstre: Signy, Konstanse, Borghild og Olga. Framme frå venstre: Jenny, Severin, Anna og Solveig. Dei tre sønene Kåre, Erling og Abraham var openbert ikkje med til fotografen ein gong på slutten av 1940-talet. Foto: Privat.

Ståle Sørbotten (1935) har interessert seg for og skrive mykje om lokalhistoria i Botnane. Sjølv var han ikkje fødd då ulukka hende og han var vaksen før han høyrde om ho.  Inntrykket hans er at det var ei ulukke det vart snakka stilt om. Det vil seie lite, og då vert det ofte fleire teoriar og versjonar, og vanskeleg å vite noko sikkert. Jon Øvrebotten (1930-2010) fortalde Ståle at det var snakk om at seglet hadde vore bunde då båten kollsigla. – Det var så usannsynleg at det kunne skje når ein så røynd mann på sjøen som Bernt Sørbotten var med at det delvis vart trekt i tvil at han var med? I ròsevind skulle ein ikkje binde seglet, men ha det laust kring eit T-forma feste bak på ripa. Då kunne ein slakke seglet om det kom ei vindròse som kunne kvelve båten, og dermed tok ein vinden ut av seglet, forklarar Ståle Sørbotten.

Men i fylgje lensmann Tunold i Bremanger si liste om kven som var med båten (BA 7. februar 1934) var både Bernt og far hans, Anders Grotle, med ulukkesbåten. Det stadfesta også døtrene til Maria og Bernt Sørbotten, Ranveig Øvrebotn (1922-2019) og Elida Kjelkenes (1927), då underteikna intervjua dei i 2018/19. Sidan både faren og bestefaren var med båten rekna dei med at det var deira båt som vart brukt, og at Bernt styrde.

Det kjenner Sigfred Nøttingnes seg sikker på at ikkje var tilfelle: – Bernt sin båt var ein færing med to par årar. I den ville det knapt ha vore plass til seks personar, som dei var om bord i fylgje det lensmannen sa til avisene. Eg er overtydd om at det var Magnus Sørbotten sin båt som vart brukt. Eg hugsar at det dei kalla «ulukkesbåten» låg i nausten hans då eg var gutunge. Det var alltid med ei viss uhygge vi såg i den båten. Eg trudde han var i naustet framleis, men det er han ikkje, og eg veit ikkje kvar han tok vegen, seier Sigfred Nøttingnes.

Naustet til Magnus Sørbotten som hyste det Sigfred Nøttingnes hugsar dei kalla «ulukkesbåten». Foto: Sigfred Nøttingnes.

– Bestefar kom gaulande heim att

Attende til 1934. Severin Nøttingnes var så redd for dei som tok ut med båten at han gjekk opp på Aksla, eit høgdedrag opp under fjellet i Sørbotten, der du ser heilt til Husefest. Derifrå såg han at ein sterk ròsevind kvelva båten.

– Han bestefar kom gaulande heim att og fortalde om det som hadde skjedd. Far min, Erling (1915-1987) var ein 18-19 år, og la på sprang sørover stranda. Han var den fyrste som kom til, bortsett frå Magnus Sørbotten, som stod på land og såg båten kollsigle utan sjølv å kunne gjere noko. Tante Signy sprang etter far min og var den andre som kom til. Ho opplevde ulukkesstaden som svært kaotisk, fortel Sigfred.

Han fortel vidare at Erling symde ut og fekk tak i mora Anna, og han og Signy også fekk nabokona Maria på land. Då hadde det kome til fleire folk og andre tok over opplivingsforsøka på henne. Dei tre kvinnene hadde hamna under seglet då båten kollsigla, om lag 15 meter frå land. Bernt Sørbotten og Anders Grotle var på kvelvet. Harald Sørbotten hamna i sjøen og fekk tak i to årar. – Signy fortalde at Harald hadde prøvd å symje til land med eit tau til Magnus, slik at dei skulle få meir kontroll med båten. Men det lukkast ikkje, seier Sigfred stille.

Ungdomsbilete av Erling Nøttingnes

Heltehistoria om den unge Erling som berga mor si med å blåse liv i ho og bere henne heim over aksla er den historia som har levd på folkemunne i Botnane frå denne ulukka. Hengande over skuldra hans rann Anna tom for vatn. Ho var dårleg, men kom seg til hektene att etter å ha vore sengeliggande i to veker.
– Far min fortalde ingenting om ulukka, og eg spurde ikkje heller. Trur knapt eg hadde fått noko svar om eg hadde gjort det. Det er tante Signy sin versjon eg har høyrt og fortel vidare, seier Sigfred.

– Kor lang tid trur du det tok frå bestefar din såg det skje til det kom fram folk til hjelp på ulukkesstaden?

– Det må ha teke bestefar om lag fem minutt å ta seg ned frå Aksla og varsle. Far min kan ha brukt 10-15 minutt på å springe sør til Opnarhella, og dei som fossrodde med båt frå Botnane brukte vel om lag ein halvtime. Vi må rekne med at Magnus var åleine på land med den kollsigla båten i om lag 20 minutt, medan dei i båten kjempa for livet. Ei av dei var kona hans, Aletta. Sjøen er på det kaldaste i februar. Signy fortalde at det var vind og forferdeleg kaldt den dagen. Så om dei ikkje drukna må dei ha frose i hel på den tida det tok før alle var på land. Harald leita dei etter med båt før dei fann han, fortel Sigfred Nøttingnes.

Den andre båten

Vidar Sørbotten (1948) er sonason til Maria og Bernt Sørbotten, far hans heitte Ulrik Sørbotten (1912-1996). Vidar er historieinteressert og van med å leite i ulike arkiv. Difor ba underteikna han om hjelp til å finne ut meir om ulukka, etter at eg fekk den fyrste avisartikkelen frå Statsarkivet i Bergen. Statsarkivar Yngve Nedrebø svara meg over natta på fyrste førespurnad og eg skjønte at det var meir å hente der (sjå meir om ulukka på sida for historikk).

Ulrik Sørbotten fortalde heller ikkje mykje om ulukka. Men Vidar hugsar at faren sa at båten som hang i taket på «Buda hans Bernt» vart skadd i drukningsulukka, og at bestefar Bernt hadde bestemt at den ikkje skulle på sjøen meir. Den båten hang i taket på buda til ho vart teken av nyttårsorkanen i 1991/92.

– Eg oppfatta det far min sa slik at det var denne båten som hadde kollsigla. Difor rekna eg med det same som tantene mine, Ranveig og Elida, at det var bestefar sin båt dei brukte ulukkesdagen. Men etter at eg fekk vite at båten til Magnus Sørbotten vart kalla «ulukkesbåten», at han også vart sett på land etter ulukka, og at Sigfred sjølv har sett han i naustet, ja, då vert det sannsynleg at det var båten til bestefar Bernt som vart brukt til å ro sørover med for å hjelpe, seier Vidar Sørbotten.

I Firda Folkeblad (Florø) 9. februar 1934 står det at Bjarne Sørbotten (1908-1996, nabo til Aletta og Magnus Sørbotten) såg ulukka skje då han jaga geitene sørover stranda. Han sprang heim og fekk med seg Ulrik Sørbotten (son til Maria og Bernt, og far til Vidar), Hans Øvrebotten (nabo på Håjen) og Magnus Øvrebotten (svigerson til Maria og Bernt). Dei skal ha kasta seg i fyrste båten dei fekk tak i og rodde på harde livet til ulukkestaden ved Opnarhella. Dei var framme etter om lag ein halvtime og var med og fekk folk på land.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vidar Sørbotten ved grava til Harald Sørbotten. Foto: Mai Liss Hellingsæther Sørbotten.

 

Tre dagar etter ulukka skriv Firda Folkeblad dette: «Ulrik Sørbotten fekk tåg på seg, sprang i sjøen og fekk Harald paa land. Han var daa heilt livlaus. Bergingsmennene gjorde utifraa godt arbeid». Etter om lag ein time kom det motorbåt frå Husefest. Situasjonen må ha vore kaotisk og det avspeglar seg også i det avisene skriv.

Skulle jage geitene sørover

Sommaren 2021 intervjua eg Randi Grutle, fødd Hamrebø, systerdotter til Harald Sørbotten, om oppveksten hennar i Botnane. Randi vart fødd i 1942 og hugsar berre tre ting ho vart fortalt om ulukka. Det eine var at grunnen til at Magnus Sørbotten ikkje kunne vere med båten frå Botnane var at han fyrst skulle jage geitene sine sørover stranda. Det andre var at morbroren Harald hadde berga Anna Nøttingnes, før han sjølv drukna. Det var grunnen til at Anna seinare vart fadder til Randi, vart ho fortalt. Og ho hugsa at Anna hadde omsut for henne. Dette er berre nok eit døme på at historia har ulike detaljar og versjonar frå tun til tun, og delvis frå avis til avis.

Føremålet med å samle avisartiklar og skrive om denne ulukka har vore å få fram kva som skjedde før alle med kjennskap til historia er borte. I alle høve i grove trekk. Det var i siste liten og det finst heilt sikkert fleire versjonar og detaljar vi ikkje kjenner. Det seier seg sjølv at det må ha vore dramatisk, vondt og skilsetjande både for dei som var med, dei som prøvde å hjelpe og dei mange som måtte leve med fylgjene av ulukka. Det er mest så ein forstår at det var best å ikkje snakke om det, eller i alle høve prate stilt.

Magni Øvrebotten 02.02.2022.