,

Sauene gjorde at det vart Botnane

Heidi Yttrehus og nokre av sauene som gjorde at ho kjøpte seg gard i Botnane. Foto: Hannele Turunen.

– Eg har lenge hatt lyst til å bu ein stad der eg kunne ha eigne sauer. Her kunne vi overta 14 villsauer som det var lagt fint til rette for både med fjøs og beite. I tillegg likte vi naturen, med hav og fjell nær innpå oss. Det var fleire ting som klaffa, men sett på spissen var sauene mykje av grunnen til at vi flytta til Botnane, fortel Heidi Yttrehus. Ho kjøpte garden av Jacqueline og Alex Mannaart og flytta til Botnane saman med mor si, Hannele Turunen, den 1. november 2021.

Dei fekk ein dramatisk start då det byrja å brenne i kjøkkenvifta om kvelden fredag 23. november. Dei hadde ete middag og Hannele skulle slå av vifta, men det gjekk ikkje. Det byrja gnistre og lukte røyk. Heidi drog ut sikringane og ringde 110.
– Etter at sikringane var ute følte vi at vi hadde kontroll, så eg sa med brannvakta at dei ikkje trong kome. Det høyrde dei ikkje på. Vi tykte det var litt flaut då dei kom med to brannbilar og mannskap etter 55. minutt. Men det var godt at dei undersøkte alt, snakka med oss og fekk sjekka at det ikkje var skader på anna enn vifta, som vi fekk lempa ut, seier Heidi.

I ettertid har dei sjølvsagt tenkt på at hadde dei ikkje vore på kjøkkenet då det byrja brenne kunne huset deira ha vorte eit stort bål i løpet av kort tid. Hendinga avdekka også at 110-sentralen i Bergen ikkje varsla det lokale brannvernet i Botnane/Årebrot, slik dei skal. Dei fleste i bygda står på lista over dei 110-sentralen skal varsle med melding på mobil når det brenn. Bygdefolket har ein hengar med enkelt brannutstyr å hjelpe seg med til det kjem brannbilar frå Svelgen eller Florø, etter om lag ein time.

 

Den tolv år gamle hunden likar ikkje at dei har flytta. Det er ein Parson Russel terrier med namnet Yoshi Al Ghouti. Foto: Magni Øvrebotten.

Lege i spesialisering

– Ja, det har vore to innhaldsrike og spennande månadar, seier Hannele. Begge føler at dei er tekne vel imot. – Vi har hyggelege naboar og folk stoppar og pratar. Det er kjekt at folk tek seg tid til å snakke med oss, seier Heidi. – Eg er veldig glad for den gode mottakinga vi har fått. Folk tek kontakt og kjem innom. Det likar vi. Det at folk ser oss og har tid til ein prat opplever eg som ei tryggheit. Vi kan spørje folk om råd og hjelp. Eg håpar berre at vi kan hjelpe attende når vi er litt meir etablerte, seier Hannele Turunen.

Heidi Yttrehus er 31 år og var ferdig utdanna lege i 2016. Ho held på med spesialisering i gynekologi og fødselshjelp. Difor må ho til sjukehuset i Førde der det er fødeavdeling. Ho byrjar i jobb der 1. februar og skal gå 24 timarsvakter, døgn- og dagvakter, og har ei leilegheit ho kan bruke når ho ikkje kan reise heim.
– Eg har prøvd å få det til slik at eg kan vere mest her i Botnane. Men eg hadde ikkje våga å ta på meg dette åleine. Det er bra at mor mi kan vere her og sjå etter dyra når eg er vekke, seier Heidi. Ho ynskjer seg fleire båtavgangar frå Årebrot (Villevika) til Florø og omvendt. Det vil gjere det lettare både å bu her og arbeide vekke.

Heidi har arbeidd som lege både i Molde, Snåsa og Haugesund. – Legelivet er ofte omflakkande når du er nyutdanna. Men dei siste 2,5-3 åra har eg arbeidd i Haugesund, fortel Heidi.

Dette er husa på garden i Sørbotten. Foto: Magni Øvrebotten.

– Er du ein idealist?

– Ja, distrikts-Norge treng alt, også legar. Eg vert stundom trist og frustrert over at alle folk liksom bu i byar. Men i staden for å klage på at andre ikkje gjer som eg tenkjer, får eg gjere det sjølv. Eg har budd både i byar og på bygda og kome til at når eg er i byen saknar eg den roa og pulsen som er på bygda. Men eg saknar aldri byen når eg er på bygda. Då har eg tenkt at, ok, då må eg gjere noko med det. Botnane er eit slik tiltak.

Plasskrevjande hobbyar

Både mor og dotter likar å bu i rolege omgjevnadar og ha god plass. Dei trivst med å vere ute i alt slags ver og ha kort veg til både fjellet og havet. Frå stove- og kjøkkenvindauga sine i Sørbotten ser dei utover Frøysjøen og Pollen i Botnane, og bak huset ruvar fjellet Opnaren.

Sauene held kulturlandskapet ved like. Foto: Hannele Turunen.

– Her er det råd å gjere alt eg likar å gjere. Her er ikkje trafikkstøy, men masse plass. Både Heidi og eg har plasskrevjande hobbyar. Vi likar å halde på ute med dyr og hage. Vi gler oss til å finne ut av kva vi kan få til å vekse i kjøkkenhagen som alt er her. Å sylte og safte, sanke bær og sopp, og fiske er slikt eg likar å drive på med, seier Hannele Turunen.

Begge driv mykje med handarbeid. Hannele strikkar, heklar, syr og fotograferer. Heidi likar å spinne og er særleg interessert i historisk handverk, korleis dei gjorde ting før?
I Haugesund har ho vore med i ein vikingklubb der ho lærde å veve og sy tradisjonelle kle. No har ho lyst til å halde fram med det. – Når eg lærer meg gamalt handverk får eg veldig respekt for alt det arbeidet kvinner har gjort i dårleg lys fram gjennom tidene. Eg har lært meg å spinne på handtein og gler meg til å bruke ull frå eigne sauer til det, seier Heidi Yttrehus.

Etter at dei flytta til Botnane har dei hatt nok å gjere med å gjere seg kjende med sauene, og snikre og måle i huset. Nett no riv dei eit rom der det skal bli nytt bad.

Aner frå Karelen og Ytrehus

Namnet Hannele Turunen røpar finske anar. Ho stammar frå Karelen i Finland, men vaks opp i Sverige. Hannele vart fødd i 1966 og kunne ikkje eitt ord svensk då foreldra hennar fekk seg arbeid i bilindustrien (Volvo) i Gøteborg og familien flytta dit på 1970-talet. – Elles er eg ein kjærleiksimport frå Sverige til Norge i 1992. Eg møtte far til Heidi, Bjarte Yttrehus, i Gøteborg, då han studerte der. Farfar til Heidi, Asgeir Yttrehus, kom frå Ytrehus i Bremanger, fortel Hannele.

Både mor og dotter er glade i å fiske. Her er det Hannele som er ute med fiskestanga. Foto: Heidi Yttrehus.

– Ja, vi brukte å vere på Ytrehus og Kalvåg med far min. Vi fiska, fiska og fiska. Trass i det vart eg veldig glad i både å fiske og ete fisk, seier Heidi.

– Vi kalla Heidi «Fiskarjenta» då ho var lita. Fekk ho fisk med poteter, gulrøter og saus var ho nøgd. Etter all fiskinga om somrane åt vi fisk eit halvår etterpå, ler Hannele. Ho har arbeidd som sekretær og kontorleiar på sjukehus, og budd i Fredrikstad dei siste tolv åra. Hannele og mannen har to barn, og skilde lag for mange år sidan.

– Vi er ikkje versjuke

Intervjuet med Hannele og Heidi vart gjort dagen før ekstremveret Gyda var varsla innover kysten. Dei driv og lærer seg at lausøyre anten må bindast godt fast eller kome under tak.
– Vi har hatt mykje moro av at vi ikkje heilt veit kva som er vårt av det som er ute. Ein dag kom det ein kar med ein stor balje han hadde funne på flukt. Han meinte baljen høyrde heime her og vi takka og tok mot. Men etter kvart skal vi få kontroll på dette. Og så må vi prøve å få kontroll på alt vatnet, som no renn frå alle kantar, seier Hannele.

– Vi er ikkje versjuke som typar. Her skifter veret veldig fort. Du kan gå ut i sol og det regnar før du kjem att, og omvendt. I helga var det stilt og kaldt vinterver, i morgon er det varsla høljeregn, seier Heidi. Sjølv tykkjer ho regnet er avslappande. Det gjeld berre å ta på seg gode kle og gå ut. Veret er fasinerande, samstundes som vi skal ha respekt for naturkreftene.

Det er ikkje ofte snøen ligg lenge i Botnane, men ved årsskiftet 2021/22 gjorde han det. Her er nokre av sauene på heimebøen. Foto: Hannele Turunen.

– Det bles andre stader også, ja, både i Gøteborg og Fredrikstad. Men her i Botnane er vi ikkje beskytta av ein by, vi får det rett i fleisen. Det kjennest ekstra sterkt når sjøen er så nær. Men dette var noko av det vi let oss sjarmere av med Botnane, seier Hannele Turunen.

Det er gått åtte månadar sidan Heidi Yttrehus tok seg ein spontan tur til Botnane i mai 2021. Ho hadde sett at garden var lagt ut for sal og at her var sauer. Heidi hadde vore rundt om og sett på fleire gardar, men anten var dei for store eller så var det så mykje å fikse at ho ikkje ville ta i ferd med det.

– Vi tenkte og funderte litt att og fram om vi skulle våge å satse i Botnane. Så såg vi at det skulle vere bygdehelg her midt i juli, men guida turar rundt om i nærområdet. Då reiste vi begge og var med på fleire av turane, og fekk sett naturen. Ei tid etterpå bestemte vi oss og eg kjøpte garden. Så langt har eg ikkje angra, seier Heidi Yttrehus.

Intervju Magni Øvrebotten 12.01.2022.