,

Tre generasjonar i Seljestokken

Torleif (69) Anita (20) og Nina (44) Seljestokken. Foto: Magni Øvrebotten

På båtverkstaden i Seljestokken arbeider det for tida tre generasjonar Seljestokken. Då Anita Seljestokken var ferdig med militærtenesta i beredskapstroppa på Håkonsvern til jul spurde mor Nina om ho kunne tenke seg å arbeide eit halvår på båtverkstaden? Det kunne Anita, som har jobba her før og er usikker på kva ho vil bli i framtida. I dag trur ho ikkje at ho kjem til å gå i fotspora til mor Nina, morfar Torleif og oldefar Norvald.  – Men mamma tykkjer eg kan ha døra litt på gløtt for det også, ler Anita. På Seljestokken båtverkstad  satsar dei for framtida med å bygge ny verkstadhall.  

– Vi har så mange oppdrag at vi må ha ein stor verkstadhall til for å kunne arbeide under tak, seier Nina Seljestokken, som er dagleg leiar i verksemda. Rett over nyttår fekk dei eit stort oppdrag med å bygge om ein 35 fots sjark frå Lofoten, som gjev dei nok å gjere til jonsokk.

Dette arbeidet får Anita Seljestokken vere med på det halvåret ho skal arbeide saman med mor og morfar, og fire andre på båtverkstaden. – Eg har plass på elektroingeniør-studiet. Det fekk eg sett på vent då eg reiste i det militære. Men eg er framleis veldig usikker på kva eg vil satse på, seier Anita Seljestokken. Ho har kjøpt seg leilegheit i Bergen saman med kjærasten Johannes, som studerer til å bli maskiningeniør. Han har også arbeidd i Seljestokken.

– Eg vaskar, sliper og plastar båtar. Jobben er heilt grei, men du blir gåande litt åleine med alt det verneutstyret vi må bruke i dag. Eg kan ikkje snakke med dei attmed meg når vi går med maske og høyrselsvern heile tida, seier Anita Seljestokken. Nina gjev ho rett i det og seier det er andre tider no enn då bestefar hennar, Norvald, brukte eit kjøkkenhandkle som einaste verneutstyr.

Tre generasjonar Seljestokken i arbeid med båten dei skal levere snart. Foto: Øyvind Fugløy

Håpar på ny hall om eit år

– Vi skal ta ned den grøne bogehallen frå 1980-talet. Båtane har vakse seg ut av den hallen, der er både lågt under taket og trangt. Med å rydde oss litt ekstra plass der får vi ein ny, stor hall i tillegg til den vi alt har, seier Nina Seljestokken.

– Kva kostar ein slik hall?

– Den fyrste store hallen bygde vi i 2008 og då kosta han 3,5 mill. kroner, så det kostar. Men no kan vi gjere arbeidet litt etter kvart. Vi håpar vi får godkjent planane slik at vi kan starte arbeidet til hausten. Er vi heldige kan vi ha hallen klar om eit års tid, seier Nina Seljestokken.

Seljestokken båtverkstad har seks tilsette og arbeidsstokken er rimeleg stabil. Dei tek inn lærlingar og dei to som sist tok fagbrev held fram i arbeid på båtverkstaden framover.

I Seljestokken brukar dei ikkje pengar på reklame. Dei leve på eit godt omdøme som dyktige ombyggarar av sjarkar frå 35 til 40 fot. – Det er ikkje så mange som driv med ombygging av mindre sjarkar slik som vi, så oppdraga strekkjer seg frå Agder til Finnmark. Fraktebåtane går rett forbi i leia her, dermed er det ikkje så dyrt å sende båtane hit for ombygging. Vi stikk berre ut i fjorden og hentar båtane inn til verkstaden, fortel Nina Seljestokken.

Ho har inntrykk av at mange sjarkeigarar no heller byggjer om båtane sine enn kjøper nye. Det vert for dyrt. Og når dei då kjem nordover på vinterfiske med ein ombygd sjark så går rykte om kvar dei har fått det gjort.

 

Fyrste gong det var tre generasjonar på båtverkstaden i Seljestokken. Norvald, Nina og Torleif. Foto: Firdaposten

«Eksamen» neste veke

Den aktuelle sjarken frå Lofoten skal dei både forlenge og gjere breiare, og sette inn ny motor i. – Sjarken skal få meir oppdrift, og når han vert både breiare og lenger kan han frakte meir fisk og toler meir sjø, seier Nina Seljestokken.  Ho brukar faguttrykk som bulb og svinerygg og forklarar dei slik. – «Svinerygg» betyr at vi byggjer ut baugen slik at det vert mindre sjøsprøyt og sjøvatn på dekk. «Bulb» er eit kuleforma utspring, under vatn, midt i baugen, som reduserer bruken av drivstoff.

– Neste veke skal vi ha krengeprøve på sjarken vi har arbeidd med sidan oktober, og må ha ferdig før vi byrjar på den andre. Krengeprøva er sjølve eksamen for oss. Står vi på den skal han lakkast og gjerast ferdig til levering. Det går i eitt, men vi er heldige som har godt med arbeid, seier Nina Seljestokken.

Magni Øvrebotten 03.03.2022.