,

Isskjering på Kvernhusvatnet

Av Fridtjov Urdal

Frå slutten av 1800-talet og fram til i mellomkringstida var naturis ei stor norsk eksportvare. Så sant det var kaldt nok til at isen la seg på dammar, vatn og tjern var produksjonen i gang. Mellom anna på Kvernhusvatnet på Årebrot, vatnet bak grendahuset som sumarstid er fullt av vassliljer. 

Vi har ikkje bilete av skjæring av is på Kvernhusvatnet. Dette er vatnet om sommaren, når det er fullt av vassliljer. Foto: Magni Øvrebotten

Vi har ikkje bilete av skjæring av is på Kvernhusvatnet, men her er vatnet sett frå grendahuset på Årebrot.

I denne tida selde og sende ein norsk is til utlandet, ikkje minst til England. Ja, like til Sør-Afrika og endå til India og Australia skal det ha kome norsk is seglande med skip.  Den norske isen, eller rettare sagt iseksportørane hadde i hop med importørane målmedvite reklamert for den norske isen. Det fanst ikkje reinare og kaldare is enn den. Dessutan så heldt den seg lenge. Det vil vel seie at den ryktesvis bråna seint. Det var ikkje måte på, sjølvaste dronning Victoria etterspurde norsk is, skal ein tru kva skrive stod.

Enkel og billeg is

Noreg kunne levere is heile året, sumar som vinter, men ikkje nett til same pris. Isen vart skoren i blokker og stabla inn i der til eigna ishus med tjukke veggar og tak, som kunne vera isolert med sagrubb eller halm for å halde heten ute. Den auka handelen og frakta av ferske varer, innan og mellom land og kontinent, gjorde at ein trong om kjøling. Den gongen rådde dei ikkje over kunstig kjøling eller frysing. Det vil seia det gjorde dei, men prosessane var særs kostesame.

Den norske isen var både enkel og billeg. Endåtil her i mi eiga heimbygd er det namn og merke etter denne næringa. Frå Kvernhusvatnet vart det skore is. Det er det vatnet på Årebrot som ligg nærast sjøen, berre nokre få ti-meter frå og med stue hammaren rett i sjøen. Der var det godt tilflot for båtar. Tilhøva var såleis dei aller beste for denne sort verksemd. Ishuset låg på vestsida av vegen ut på bergkanten mot sjøen, knappe hundre meter nord for grendahuset. Muren syner òg nett nedanfor Ishushammaren, og på ei berghylle stod motorhuset, med motor og iskvern. Motorhuset stod til i 1974.

«Eg berga no saga, Peder»

Når ein byrja taka is her og kor lenge det heldt på har eg anten ikkje høyrt eller gløymt, men truleg varde det til ut på 1930-talet. Den tid høyrde Kvernhusvatnet inn under eigedomen Aurdalskvia og eigaren var Peder Iversen (Pederen på Kviene). Han hadde gjort ein avtale med Jansen firmaet om skjering av is på Kvernhusvatnet. Det var ikkje uvanleg at dei som dreiv innan oppkjøp og sal av sild og fisk rådde seg til med isrettar, hus og det som skulle til. Pederen skulle òg etter som eg har høyrt ha vore både utleigar og arbeidsformann. Kontrakten var visst slik at grunnleiga skulle svarast fullt ut så sant det vart teke ut is.

«Han for igjennom og gjekk under, men han hadde saga med seg då han kom opp att».
«Eg berga no saga, Peder».
«Ja, du kunne no berre ha våga deg å kome opp att utan», var svaret. Det stod om å berga grunnleiga, og då fekk det heller våge seg om det var ei kalde bløyte eller to. Det var som det skulle vere, kor vidt Jansen var tent med det var meir uvisst.

Både knust is og is i blokk

Heime i eit uthus kalla Smia hekk i min barndom ein del av det utstyret som hadde vore i bruk. Ein tre-fire stortanna sager til isskjering og to store kliper eller sakser til å draga blokkene opp med. Isblokkene vart frakta frå vatnet og inn i ishuset langs ei trerenne. Der vart dei stabla så høgt og lenge der var plass. Han Bjarne (Holstad) på Løypa fortalde frå sin barndom at det var moro å vere med på isskjering på vatnet, og ikkje minst å vere med å sjå på når det kom båtar for å henta is.

Det vart levert både knust is og is i blokker. I motorhuset stod motoren som dreiv iskverna. Om vinteren, når det vart skore is kom blokkene rett frå vatnet og i kverna. Då vart transportrenna lagt framom ishuset og inn på den renna som førte frå ishuset til motorhuset og kverna. Frå kverna gjekk det ei renne vidare ned i rommet på båtane.

Eg trur at isen herifrå Årebrotet hovudsakleg vart nytta lokalt og ikkje til eksport. Det kunne vere frå sju til ti mann i arbeid der på det meste. I heller tronge tider kom sikkert løna frå dette arbeidet godt med. Det var mangt som skulle isast. I kalde vintrar kunne det verta mykje is frå eit slikt lite vatn om tilsiget var godt. Det skulle òg ha vore tale om å taka is  frå nokre små tjern lenger inne på Rabbane, men då måtte det byggast fleire og lengre renner, så det vart som med mangt anna berre med praten.

Kjelde:

Dette stykket er henta frå Fridtjov Urdal sitt digitale julehefte i 2021, og brukt med løyve frå han. Er det nokon som har bilete frå då dei tok ut is frå Kvernhusvatnet på Årebrot, eller veit når dei starta med dette og kor lenge det varde?  Dei som veit, kan sende opplysingar til magni.ovrebotten@gmail.com. Fridtjov Urdal trur det tok slutt på 1930-talet, men veit det ikkje sikkert.