, ,

Meir regn i Botnane enn i Bergen

Kvar dag i snart 47 år har Rune Nordbotten (58) registrert vêret i Botnane. Han var elleve år då han byrja med det. På veg til fjøsen om morgonen melder han inn vêret i bygda til NRK i Sogn og Fjordane. – Botnane er ein interessant plass å registrere vêret, for her går det eit markert vêrskilje. Det regnar meir her enn i Bergen, fortel Nordbotten engasjert.    

Rune Nordbotten med nedbørsmålaren mellom bustadhuset og fjøsen. Foto: Magni Øvrebotten.

Det byrja med at storebror hans, Atle, på ungdomsskulen fekk i oppgåve å registrere temperaturen i løpet av ei veke. For Atle vart det med den oppgåva, men hjå Rune vekte ho interesse og han tykte det var lite med berre ei veke.  – Den 9. juni 1975 byrja eg å skrive ned maks- og minimumstemperaturar, og frå nyttår i 1976 også nedbør. Så eg har etter kvart ein skikkeleg omfattande statistikk, seier Rune Nordbotten nøgd og vedstår seg stor interesse for både tal, grafar og statistikk. Det trengst nok for å drive med slikt.

– Vêret er ikkje likt, det går i bølger. Vi har til dømes nokre kalde vintrar i kvart tiår. Dei kjem alltid etter kvarandre, to eller tre på rad. I kalde vintrar vert det turrare og mindre nedbør.  Somrane har jamt over vorte litt varmare, men det er større skilnad på dei enn på vintrane Men somrane går i bølger dei også, seier Rune.

Vidare fortel han at våren kjem tidleg i Botnane og hausten seint. Det er sjeldnare med kulde i april, men det kan kome ei frostnatt før 10. mai. No er det sjeldan at bjørka ikkje har sprotte til 17. mai, og sjeldan med kalde haustar. Det er våren og hausten det er størst skilnad på frå tidlegare tider.

Markert vêrskilje

– Botnane er ein interessant plass å registrere vêret, for her går det eit markert vêrskilje. Frå Botnane og innover mot Ålfotbreen har vi flest dagar med nedbør i heile landet, ja, endåtil meir enn i Bergen. Det regnar like mykje i Botnane som i Svelgen, sjølv om det etter «normalen» skal regne meir lenger inne enn her heilt ute på kysten. Det er dei høge fjella våre som gjer det. Botnane får mest nedbør i sønnavind, Svelgen i sørvest-nordvest, og sidan det er jamt meir sønnavind, vert det i to av tre år mest nedbør i Botnane.

Intervjuet med Rune Nordbotten vart gjort 10. januar 2022, eit par dagar før uveret Gyda var varsla med mykje nedbør oppover kysten. Rune meinte at Gyda ikkje kom til å ta så hardt i Botnane, ho vart verre litt lenger inn i fjordane. Det slo til då Gyda kom. – Så lenge vinden er på sør får vi mest nedbør, men når han er på sørvest minkar det fort av her. Men når det ligg lågtrykk ut i havet, som ikkje kjem inn, får vi mykje nedbør i Botnane. Til dømes mykje meir enn i Sørgulen, lenger inn i Gulefjorden, legg han til.

– Eg hugsar vi fekk 60 cm med snø her frå ei byge som låg seks-sju timar og tømde seg ute ved Hovden. Det kom berre fem cm i Husefest rett sør om Botnane. Det snødde herifrå og inn i Svelgen, men der kom det berre halvparten så mykje snø som her. På Kalvåg kom det ein meter med snø, medan dei på Flora berre såg ein blå vegg her nord hjå oss.

– Kva er grunnen til dette?

– Det er ein knekk i landskapet som går nord-sør og svingar mot nord-aust. Det skaper eit vêrskilje, og det som kjem frå nord/nordaust fer til havs når det passerer Botnane. Den sørlege grensa for veret som vert meldt for Nordfjord og nordover går her i Botnane. Men bles det søraust stoppar ho i fjella på kommunegrensa Kinn/Bremanger og i Magnhildskaret, og det vert lite nedbør her på nordsida av fjellkjeda. Då kan det snø ein halv meter på Årebrot og på Flora, og like eins når det regnar om sommaren. Om vinden er på sør-sørvest er det omvendt.

Fjellet Opnaren i Sørbotten er ein viktig grunn til vêrskiljet i Botnane. Foto: Magni Øvrebotten.

Nyttårsorkanen vart eit tidsskilje

Sjølv om Rune Nordbotten ikkje har late seg personifisere med bruk av namn er det han som melder kva vêr det er i Botnane i morgonsendinga til NRK i Sogn og Fjordane. Han hugsar ikkje kor lenge han har drive på med det, men det har blitt nokre år. Målestasjonen hans ligg mellom bustadhuset og fjøsen, så det høver å ta med målinga på veg dit i sekstida om morgonen. Når han er rundt om i fylket på ulike møte merkar han at folk får det med seg og er opptekne av vêret.

– Før nyttårsorkanen i 1991/92 brydde ikkje media seg om veret, men etter den vart interessa stor. Nyttårsorkanen vart eit tidsskilje der som i mykje elles, også for vêrvarslinga. Eg hugsar godt trekantane som kom opp på vêrkartet den nyttårskvelden. Her blest det verst mellom fem og sju om morgonen fyrste nyttårsdag. Bygda såg ut som eit krigsområde. Nyttårsorkanen var det vi kallar «utsynning», ei form for sørvest der tunnakallane (syklon) kom tett og saug vekk det som kom i deira veg. Her på garden tok han heile eternittaket på løa, knekte ein bjelke på 40 cm i diameter. 30 cm av han var kjerneved. Eg saga 100 år gamal al til ved etterpå, det var beinhardt så gnistrane fauk i alen.

– Kor sterk var orkanen her i Botnane?

– Det er det ingen som veit. På Mehuken målte dei 88 meter i sekundet under ekstremvêret  Dagmar 26.12.2011, som vi kom oss bra frå her. Då var vinden beint på vest. Orkan er 32,9 meter i sekundet. Det betyr at Dagmar var tre gonger orkan og det bles endå meir her under orkanen natta til 1. januar 1992. Vi som opplevde den natta gløymer ho aldri. Dei vi då kalla «gamlekarane» hadde aldri opplevd maken til galevêr, og nyttårsorkanen sette ein støkk i mange, både unge og eldre.

Meir snø før?

– Er det berre dårleg hugs når eg påstår at det var meir snø her på 1960-talet enn no?

– Nei, de som var ungar på 1960-talet fekk oppleve meir snø enn nokon annan generasjon på 1900-talet. 1960-åra var dei desidert kaldaste i heile det hundreåret. Det trur eg kom seg av stor forureining. For det vart ei tydeleg forandring då Europa tok tak i forureininga og renska opp på slutten av 1980- og 1990-talet.

– Er det stor skilnad på dei ulike tiåra?

– Ja, 1930-talet var eit mildt tiår. 1940-åra var litt kjølegare, med nokre kalde vintrar i krigsåra, men ikkje så kalde som 1960-åra. På slutten av 1970-talet var det tre kalde vintrar etter kvarandre. Nyttårsdag 1978/79 var det minus 15 grader i Botnane og det er uvanleg kaldt her. Det er berre målt det ein gong til.  Om vi går til dei seinare åra var 2010 eit av dei mest stabilt kalde åra. Desember 2009 til februar 2010 var dei mest stabilt kalde månadane eg har opplevd. Då var her snø heile tida. Han kom og gjekk ikkje, slik han brukar å gjere.

– Kva med årsnedbøren?

– Årsnedbøren går i bølgedalar og er våtast i periodane mellom kalde vintrar. På slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet hadde vi fem, seks år med i snitt tre meter nedbør i året. Men den våtaste perioden eg har målt var 2011-17. Dei tre siste åra har vi vore inne i ein litt turrare periode, som vi kanskje er på veg ut av?  Men nedbøren aukar over tid, jamt med temperaturen, som har auka med minst 10-15 % dei siste 40 åra. Når havet vert varmare vert det meir fordamping, og då vert det meir nedbør. Det ser ut som lågtrykka om vinteren har større temperaturskilnad enn før, og det medfører meir uvêr og nedbør, seier Nordbotten.

Det er såleis ingen tvil om at temperaturen generelt har stige, og auken ser ut til å ha vore  jamn i Norge om vi ser han i eit 100 års perspektiv eller meir. – Vi kan ikkje halde fram med det forbruket vi har. Vi brukar opp det ressursgrunnlaget framtidige generasjonar skal leve av, seier Rune Nordbotten.

Rune Nordbotten likar å arbeide med tal, grafar og statistikk. Foto: Magni Øvrebotten

– Eg hugsar kor karane diskuterte vêret når dei var samla på kaia i Korsnesvika. Han Kåre i Kvia (Nøttingnes) var halden for å vere best til å spå veret. Kva vêrmerke har du teke med deg vidare frå dei?

– Eg kan kanskje ikkje så mange som gamlekarane kunne, men ein del har absolutt noko føre seg, medan andre er meir fantasi. Fullmåne og nymåne på same tidsrom etter kvarandre brukar å gje ein fjorten dagars periode med betre vêr enn elles, særleg når det er austamåne, dvs.at han er full og ny etter midnatt og mellom klokka eitt og ti. Han Kåre i Kvia sa at sørausten gav godvêr, men på slutten trur eg sjølv han byrja tvile på månen. Men det er klart at generasjonane før oss var meir avhengige av vêret og trong å forstå seg på det på ein heilt annan måte enn i dag. For dei var vêrmeldingane i radio viktigare å høyre enn noko anna.

Yr.no har tapt seg

Lenge tykte Rune Nordbotten at det var god hjelp i å fylgje med på kva nettstaden Yr.no melde. Men den har tapt seg, synst han. Dei har tilpassa seg mobilbruken og fjerna alt som er for tungt for mobilen, og er dermed lite brukande for dei som er spesielt opptekne av veret. Nordbotten saknar karta som synte prognosane framover i tid. No er det til dømes ein radar som syner nedbør 1,5 time før/etter. Det er for kort tid når han ynskjer å kombinere lokalkunnskap med ulike metodar for analyse som Yr.no hadde tidlegare. – Til dømes finne ut når eg skal gjødsle jorda utan at møkja berre renne vekk. Det bør regne når ein har gjødsla, men ikkje i altfor store mengder, seier gardbrukaren Rune Nordbotten.

– Botnane er kanskje ikkje plassen for dei mest versjuke. Men for dei som likar veksling i vêret er her fint. Det er vinden som skil oss mest frå andre plassar. Vind har vi mykje av, smiler Rune Nordbotten mykjeseiande. Medan han var vekke på skule på 1980-talet tok far hans, Johannes Nordbotten (94), målingane, og no er det avløysarane i fjøsen som må ta dei når Rune er vekkreist. Det er ikkje ei offisiell måling, men målaren i Nordbotten stettar dei krava som Meterologiske har til målarane sine. No automatiserar Meterologiske både nedbør- og temperaturmålarane, det siste fordi det er slutt på dei nøyaktige kvikksølvtermometera. Men Rune Nordbotten har ingen planar om å gje seg med å målet nedbør og vind i Botnane.

Intervju og foto: Magni Øvrebotten 10.02.22.