,

Fiskeanlegget investerer 1,5 mill. kr for å henge med i utviklinga

Firda Seafood sitt settefiskanlegg i Botnane er for tida tomt for fisk. Det brukar det å vere på denne tida av året, frå midten av mars til ut i april. No får dei inn att yngel etter påske. Denne våren brukar dei tida utan fisk til å investere i betre og sikrare tilførsel av oksygen til kara. – Dette er ei investering på ca. 1,5 mill. kr, og det er ei forbetring av anlegget for å henge med i utviklinga, seier driftsleiar Torbjørn Øvrebotten.  

Driftsleiar Torbjørn Øvrebotten og dei andre tilsette ved Firda settefisk driv med ombygging medan anlegget er tomt for fisk.

Firda settefisk produserer smolt til regnbogeaure. Behovet for oksygen varierer mykje meir gjennom døgnet med aure enn med laks. Auren veks snøggare enn laksen og treng 30 prosent meir oksygen. Anlegget i Botnane brukte 120 tonn oksygen i 2021, til å produsere 200 tonn fisk. Det utgjer 1,6 mill. auresmolt.

– Omlegginga er betre for både fisk, miljø og økonomi og gjer det lettare å styre tilsettinga av oksygen, og vi får ei meir effektiv utnytting av oksygenet. Endringa vil óg gjere det lettare for dei  som arbeider med dette. Tilførsla av oksygen er det som tek lengst tid for nyetilsette å forstå og kjenne seg trygge på, seier Torbjørn Øvrebotten.

Firda settefisk i Botnane har berre aureproduksjon. Øvrebotten fortel at auren vert lettare stressa enn laksen, difor er det viktig å vite kva du held på med. Auren er kvikkare og sym raskare enn laksen. – Når auren byrjar stresse vert det reine flodbylgja i karet, det vert det aldri med laksen. Og når auren klumpar seg saman vert det lett oksygenmangel, og då er det viktig å ha kontroll på tilførsla av oksygen, seier han.

– Korleis skal de forbetre tilførsla av oksygen i kara?

– Til no har vi hatt ein kjeglestasjon (beholdar) som fordelte oksygenet til alle kara. No skal det bli ei meir nøyaktig justering per kar. Ei kjegle pr. kar der vi tilset oksygen til vatn under trykk. For å oksygenere ferskvatn må ein ha 2,5-3 kg trykk. Døme: For kvar kg fòr vi brukar må vi bruke ½ kg oksygen.

Den grøne kjegla attmed inngangsdøra er av dei gamle kjeglene, medan dei ni nye er svarte. 

Firda settefisk går no frå ein stasjon med tre kjegler til ni kjegler. Det gjer det mykje enklare å styre tilførsla av oksygen per kar, og det gjer at dei kan ha fisken lenger i anlegget. Særleg om sommaren vil dei no kunne auke snittvekta frå 100 gram til ca. 150 gram ved levering.

Det er fem stillingar ved Firda Settefisk i Botnane. – Vi gjer all planlegging sjølve, men leiger folk frå Seljestokken båtverkstad til å lage hol i kara og plastre dei, og gassleverandøren legg røyra frå oksygentanken og ut i kara. Elles gjer vi alt arbeidet sjølve, seier Torbjørn Øvrebotten. Han fortel elles at dei har planar om ein Open dag på fiskeanlegget, slik at folk kan kome og sjå korleis dei driv og stille spørsmål dei måtte lure på.

Intervju og foto: Magni Øvrebotten 28.03.2022.

PS: For dei som ikkje veit det er Torbjørn Øvrebotten bror til intervjuaren.