,

Turistane søkjer stillheit og ro
– og dei vil fiske 

Vaulen på Årebrot sett frå båt. Huset som vert leigd ut er det vesle raude bustadhuset som speglar seg i sjøen. Foto Håkon Årebrot.

Turisme er ikkje noko stor næring på strekninga Botnane-Årebrot, men i år har det kome til eit nytt tilbod. John Sande og Kjersti Straume i Botnane har pussa opp fyrste høgda i huset etter besteforeldra hans, kjøpt båt og satsar på folk som vil fiske. Dei er spente på sesongen og budde på at det tek si tid å etablere seg i marknaden. Håkon Årebrot på Årebrot er veteran som turistvert, han har leigd ut hus og båt sidan 2005 og har fullt hus. Det same seier Rune Nordbotten i Botnane om hytta han har leigd ut sidan 2006, også der fylgjer det med båt. Både Årebrot og Nordbotten satsar mest på familiefolk frå Tyskland.

Denne sommaren er her ledig berre ei veke i august, frå 6.-13. august. Elles er gamlehuset utleigd, seier Håkon Årebrot. Han leiger ut via Airbnb og i tillegg lyser han litt på ei tysk web-side. Han administrerer utleiga sjølv, har pussa opp huset og fått den utvendige fasaden attende til slik huset opphavleg såg ut. Det var barndomsheimen til far hans. – Innvendes er det berre tømmerstova att av det gamle gardshuset i Vaulen, som truleg vart sett opp her på 1850-talet. Det seiest at det er den tredje staden det står, det var vanleg å flytte med seg hus i tidlegare tider, seier Håkon Årebrot. Huset har fire soverom og han har avgrensa tal personar til seks vaksne.

Han har aldri hatt problem med dei han leiger ut til. – Det er kjekke folk. Dei fleste som kjem hit er interesserte i ro og fred. Dei nyt roa og stillheita, og dei fleste likar å fiske. Difor er det  båt med i leigeprisen.  Nokon brukar huset på Årebrot som base og tek seg turar rundt om med båten eller eigen bil. Andre går i skog og mark, og om hausten er plukking av sopp populært, fortel Årebrot.

Han leiger mest ut til familiefolk. I starten hadde han ein familie som kom att ti år på rad, i to generasjonar. Men det vanlege er at folk er her ein sommar og nokon kjem kanskje att nokre år etterpå.

Årebrot diffrensierer prisen i løpet av sommaren. I juli og august tek han 85 euro (ca. 850 kr) per døgn for to vaksne m/ungar. Er det fleire vaksne legg han på 100 kr. døgnet. Båten er medrekna i prisen, så det er eit relativt rimeleg tilbod. Utanom sesongen er det 750 per døgn.

-Tyskarane er tidleg ute med å bestille. Dei tingar i mars/april for å vere sikre på å få plass. Nordmenn er jamt over seinare ute, seier Håkon Årebrot. Han og kona Anne Karin Holm Årebrot er pensjonistar og bur for det meste i nabohuset, men har også leilegheit i Florø.

 

Litt av utsikta frå hytta til Rune Nordbotten, ho ligg høgt og fritt ovanfor tunet på garden. Foto: Rune Nordbotten.

 

2022 vert eit rekordår

Rune Nordbotten driv gardsbruk med mjølkekyr og bygde ei hytte for utleige i 2006. Den har stort sett vore utleigd i hovudsesongen 10. juni – 01. september. men i kantsesongane mai og september varierar det litt. Elles leigd ut litt til arbeidsfolk i vinterhalvåret og eige bruk.

Han samarbeider med eit tysk firma i Berlin. – Det er regelen om fyrste mann til mølla som gjeld. Dei skaffar meg kundar og eg seier ja eller nei alt etter kva som høver. Å drive åleine, utan samarbeidspartnarar, ville vore for tungt, seier Nordbotten.

I hytta i Garden er det plass til 4-5 personar, fire senger, pluss madrasser på hemsen. Sjølv om det ringde folk i haustferien før hytta var heilt ferdig og fyrste leigetakar tok plass, gjekk det litt trægt i starten med mange hol i bookinga. Nokre år var også  trægare enn andre. Men det kom seg fort. I dei to åra med korona miste dei  vårsesongen, men folk slapp inn frå juli av begge åra. – I år vert det rekord. Dei fyrste gjestene kom sist i april og hytta er leigd ut til midten av september. Vi har ledig ei veke 13.- 20. august og to-tre dagar innimellom, fortel Rune Nordbotten, som driv tilbodet saman med kona, Elisabeth Ruud Nordbotten, som er lærar.

Turistane blir frå laurdag til laurdag, i ei eller to veker. Mange reiser rundt og ser seg om, særleg familiar. Nordbotten har hatt gjester som tek seg dagstur til Geiranger. Turar til Florø, Refvika og Bremanger er vanleg. Etter at det vart merka turstiar til fjellområda kring Botnane er det mange som brukar dei.

– Men tyske karar kjem mest for å fiske, så det gjeld å ha tilbod om båt til dei. Denne veka fekk eg problem med båten min og fekk bruke John Sande sin båt. Det er godt når vi kan samarbeide om slikt, seier Rune Nordbotten.

Han har satsar på ein djup båt som folk ikkje så lett ramlar ut av. Innimellom er det enkelte som burde vore meir forsiktige på sjøen, men stort sett brukar folk vit. – Vi rettar oss inn mot familiemarknaden, ikkje karagjengane. Dei som kjem for å fiske får fisk og er stort sett fornøgde. Fyrste sommaren hadde vi eit par som var her i to veker med blikkstille sjø kvar dag, men slikt er heller sjeldan, fortel han.

Utleigeprisen er 1000 kr. fyrste døgnet og 800 kr. dei neste. Vekeprisen er meir diskuterbar etter kor mange dei er, tidspunkt og bruk av båt. Båten er medrekna i prisen. Gjester som leiger gjennom det tyske firmaet har fast pris, med to prisgrupper etter om det er høgsesong eller kantsesong.

Rune Nordbotten hadde ei tid planar om å bygge ei utleigehytte til, men har lagt dei på is. No er det meir aktuelt å bruke kårbustaden på garden til utleige.

Mest interessert i fisketuristar

John Sande ha pussa opp fyrste høgda i huset etter besteforeldra sine for utleige. Han har bytt kjøkken, golv og vindauge og alt det elektriske. Der er det no ei stove, kjøkken, to soverom bad og vaskerom og plass til fem personar.

John Sande har pussa opp fyrste høgda i huset etter besteforeldra og er  spent på utleigemarknaden. Utsikta er rett i hovudskipsleia i Frøysjøen, og rett over steingarden ligg den største gravrøysa på vestlandskysten.  Foto: John Sande

Han samarbeider med Dancenter.no, eit dansk selskap som rettar seg mest mot fisketuristar, og har kjøpt ei 20 fots båt som er rekna med i prisen. Båten kan ein også leige separat.

– Vi fekk tilbodet på marknaden i april og har førebels leigd ut tre veker i sommar. Men to av dei kom i går, så det er ikkje godt å seie korleis sesongen blir her. Vi er mest interesserte i fisketuristar, då vi reknar med at 60 prosent av nettoen ligg i båten, seier John Sande.

Parti frå den nyoppussa stova. Foto: John Sande

Det er Dancenter.no som styrer prisane, som varierer i høve til tida på året. I høgsesongen i skuleferien kostar det 7.500 for ei veke, og av det får Sande kr. 5000.

John Sande har også tenkt å pusse opp andre høgda i gamlehuset på garden, med trapp opp utanfrå, slik at det vert to separate leilegheiter for utleige i huset.  Men om det vert noko av avheng av av om det er butikk i å leige ut, for materialkostnadane er dyre for tida. John Sande og Kjersti Straume er småbarnsforeldre, han arbeider i Nordsjøen og ho er sjukepleiar i Svelgen. Dei bur i same tunet som huset dei leiger ut.

Vertskapet John Sande og Kjersti Straume og borna, med Frøysjøen i ryggen.
Foto: Magni Øvrebotten.

Interessert i natur, kultur og historie?
Leilegheita i Botnane grendahus er ledig for utleige denne sommaren. Førebels er ho leigd ut for heile juli og heile oktober, og nokre dagar fyrste veka i august. Elles ledig. Her fylgjer det ikkje med båt.  Det er Botnane og Årebrot grendalag som står for utleige og har inntektene.

Tradisjonelt har dei som leiger i grendahuset ofte slektsrøter i Botnane, og kjem hit for å oppleve naturen og bygda, besøke slekta og ta seg turar rundt om i området. Dei er sjølvsagt framleis velkomne, men grendalaget håpar også at andre som er interesserte i natur, kultur og historie vil oppdage og bruke tilbodet meir.

Her går Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim, rett utanfor døra, og ein  kan bu i same leilegheita som han budde i frå 1978-85. I 2021 vart det opna ei kulturminneløype Botnane-Årebrot, der det er vel 40 gravrøyser frå bronse- og jernalderen. Botnane var eit høvdingesete i bronsealderen, noko fire store gravrøyser vitnar om. Det står fem skilt langsmed Frøysjøvegen som fortel om denne historia. Om ein likar å gå fotturar er det merka mange turløyper i området, med vidt utsyn og variert natur.

Leilegheita i Botnane grendahus har god plass til 5-6 personar. Det kostar kr 750 å leige ho for eit døgn, kr 1400 kr. for to døgn, kr 3000 for ei veke og kr. 6000 for ein månad. Ynskjer du å leige eller vil ha meir informasjon ta kontakt med leiaren for Botnane og Årebrot grendalag  asmund.berthelsen@icloud.com, eller mobil 970 55201. Sjå meir om leilegheita i grendahuset her.

18. juni 2022. Magni Øvrebotten.