,

Håkon med flaksen

I september var Håkon Årebrot (69) på sjukehuset i Førde til ei undersøking då han brått svima av på legekontoret. Han vakna liggande på golvet med beina opp på ein stol. Legen trudde han reagerte på beskjeden han fekk om undersøkinga og svima av av den grunn.

– Det var ikkje noko å svime av for, slo Håkon fast, før han kjende at han heldt på å svime av på nytt.

Håkon Årebrot er glad for å vere attende ved kjøkkenglaset på Årebrot, med god utsikt over skipsleia, både nord- og sørover.

Dette var berre ein månad etter at han og kona Anne-Karin hadde kome heim att frå eit besøk hjå son hans i Canada. Dei var på Furset i Fjaler og arbeidde med restaurering av huset Anne-Karin har der etter adoptivforeldra sine. Eigentleg hadde han time i november, men ein torsdag fekk han SMS frå sjukehuset om han kunne bruke ein time som var blitt ledig neste dag?

– Dermed kom eg inn to veker før eg skulle, så der byrja i grunnen flaksen min i dette høve. Eg køyrde sjølv til Førde, fortel han. Etter at han var nær ved å svime av for andre gong på legekontoret vart han lagt inn på akuttmottaket og låg der til obervasjon i to timar. – Då kom legen og sa at målingane var heilt fine, dei synte ingenting gale. Eg kunne få fare heim att, sa legen. Men då eg gjorde meg klar for å reise svima eg av på nytt og det vart ikkje noko heimreis den dagen.

I staden vart han lagt inn på overvakinga til neste dag. Hjartelegen var på ferie, så beskjeden var at Håkon skulle vere på sjukehuset til han kom att måndag. – Men alt den fredagskvelden fekk eg beskjed om at eg måtte få sette inn ein pacemaker. Eg hadde EKG-utstyret på meg då eg svima av siste gongen og det synte at eg hadde hatt full hjartestans, men at hjarte starta att av seg sjølv, om litt.

Håkon følte seg i trygge hender og var glad for at han var på sjukehuset då dette skjedde. Tysdagen etter vart det operert inn pacemaker (ein elektrisk hjartestimulator). Håkon har hatt problem med hjarte tidlegare også. Han har arveleg høgt kolesterol.

– Det finst ulike grupper av slik arveleg kolesterol rundt om i landet, som skuldast ein genfeil. Min kjem frå Austevoll, der bestemora mi kom frå.

– Korleis er det å ha det å tenkje på?

– Det plagar meg i grunnen ikkje. Tvert om er både eg og fastlegen kanskje meir oppmerksame når vi veit kva hjarteproblema kjem av. I 2019 vart det oppdaga at eg hadde fleire nesten tette blodårar til hjarte. Eg var heldig som fekk det konstatert og reparert før eg fekk hjarteinfarkt.

– Du hadde flaksen på di side den gongen også?

– Ja, det hadde eg. Den gongen i 2019 hadde eg følt meg dårleg ganske lenge. Eg var slapp, miste krafta i armar og bein, og var tungpusta når eg gjekk. Fastlegen ville ha meg undersøkt raskt, så eg fekk omgåande time hjå ein hjartespesialist i Bergen. Der synte testane fyrst at alt var i orden, men ei CT-undersøking synte at eg hadde mange forkalkingar kring hjarte.

Den gongen fekk Håkon Årebrot plass på Haukeland sjukehus med over tre månader ventetid, men fastlegen meinte han ikkje kunne vente så lenge. Det vart søkt om plass til han på LHL-sjukehuset på Gardermoen, det som tidlegare heitte Feiringklinikken. – Der sette dei inn seks stant, så det var ganske alvorleg. Men i og med at eg fekk det gjort før eg fekk noko form for infarkt, vart det ikkje skade på hjarte.

– Blir du ikkje redd når det er noko feil med hjarte?

– Nei, eg trur ikkje eg er typen for det. Eg ville kanskje fått litt angst no om det vart meir med hjarte etter den runden i haust? Men det går ikkje å gå rundt og tenkje på det. Eg vil gje all ros til sjukehuset. Dei er flinke til å forklare og svare på spørsmåla mine, så eg plagar ikkje meg sjølv med å tenkje på kva som kunne ha hendt eller saumfare internett for å finne ut meir. Det trur eg ein vert dårlegare av. Eg kjenner meg veldig frisk no og reknar med å ha «ni liv», slik som katten, ler han. Kor mange han alt har brukt opp har han ikkje rekna på.

– Det eg har tenkt mest på er kva som kunne ha skjedd om eg svima av i bilen under køyring. Då kunne eg ha drepe både andre og meg sjølv. Det tykkjer eg det er utriveleg å tenkje på, så det prøver eg å legge vekk, seier Håkon Årebrot.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 04.12.22.