,

Siste sildekastet på Nordre vågen

Fridtjov Urdal sitt mest fotografiske minne kjem til sin rett i denne historia om sildekasting i heimbygda. Som gutunge stod han på land og såg på den omstendelege leveringa av sild. Det var tydelegvis spennande og skildringa hans blir som ein liten film for vårt indre auge. Han minnest også dei to som tok siste sildekastet med not på Årebrot.

 

 «Bjarnen ser etter sild» har Fridtjov Urdal kalla dette databilete, som har sjølv har laga.

Uravikane og Søre vågen var rekna som gode kasteplassar den tid ein dreiv med landnot. Ikkje berre når det galdt vintersild, men óg når sommarsilda kom. I min barndom var det to bruk, Søre bruket frå Vågen og sørover og Nordre bruket, frå Løype og nordover. Til ut fyrst på 1960-talet var båe bruka i fiske på sommaren. Då var karane «med nota» Dei var vel ein 4-6 mann på kvart bruk.

Eg meiner å hugse at Nøre bruket hadde nota hengande inne på Grønenga eller på Hopen, for det var ein del tale om desse stadene og på Grønenga var der ei hengje. Operasjonsområde trur eg ikkje var så stort. Eg kan tenkje meg at det strekte seg frå Norddalsfjorden, Høydalsfjorden og nordover til Gulefjordane. Dei måtte no nå heim og slå óg, dei som hadde ei lita bot med jord.

Slik eg hugsar det frå min barndom var det årvisst kast nede på Vågen, også fleire somrar.  Kvar einaste kveld,  og elles og når høve baud seg, hadde han Bjarne på Løype sin faste gang ned på Hamrane der han såg etter sild. Var ho på Vågen så var det godt sildesyn derifrå.

– Ikkje ein spord inn på Vågen utan at han Bjarne ser da

»Det kjeme ikkje ein spord inn på Vågen utan at han Bjarne ser da», sa dei. Sommarkveldane  etter at onnearbeidet var slutt kunne verte lange, men han heldt ut så lenge der var råd å sjå. Så kom ho, silda, stundom som ein mørk skugge nede på Vågen, andre gonger under ei skur av skrikande måse.  Då var det ikkje lenge før ein høyrde: Tung-tung-tung og kong-kong-kong frå gavlbåtane. Sneken av brend solar, solvarm tjøre, sjø og den særeigne lukta av nót og tågverk. Spenninga var; Vart det kast?  Fekk dei noko? Basen i båten med handloddet der ute i det gneistrande solbraglet. Tåg frå notøyra og i land, nota tok til å renne over rullen. Tjung-tjung-tjung, tåg i land på hi sida. Nota var i sjøen og silda stengd.

Så var det å dra inn nota med spel. Det var eit handspel som sto i ein robåt, eller det var teke på land og sett ned i ei bergskòr og låst med stein. Eit tåg i notøyra så var det å sveive inn. Ta nytt tak, sveive inn famn for famn til nota sto som ho skulle. Eit tungt og langsameleg arbeid slik eg hugsar det. Nota måtte stå til silda hadde fått gått or seg åte. Så vart det gjort orkast med ei mindre not. Det var same prosessen då og så var det å vente på mottaksbåten slik at ein fekk levert. Korleis saksgangen var her har eg ikkje sett meg inn i, men fangsten var meld inn til «Kontoret» i Sildesalslaget og vart vel ordna derifrå.

Det var stas når  leveringsbåten kom og dei skulle taka opp kast. Det var opptaket ein venta på. Det var då det hende noko. Det er underleg  at eg berre har minne frå solskinsdagar, for det må då ha vore levert sild i regnver òg?

Silderikslet stod lik ei skinande sky

Orkast var gjort og stimen trengd i hop. Frå land der ein sto kunne ein sjå stimen likt eit mørkt svivande hjul nede i sollyset i den grøne sjøen. Eg kan ikkje minnast at det vart håva frå nota og rett opp i kjøpefartyet, nei, prosessen var meir omstendeleg enn som så. Det vart håva med handhåv frå nota og opp i ein stor færing. Det var kjekt arbeid å sjå på. Silderikslet stod lik ei skinande sky.

Båten vart håva full til det var så vidt det var flot att, spralande sild i høgd med toftene og så var det å padle seg bort til kjøpefartyet der silda vart aust opp i eit mål og lempa i rommet. Det tok timar. Nota måtte heile tida trengjast i hop alt etter som stimen minka. Ho var like opp i fjøretanga, ein kunne nå ho med neven. Bivrande, sitrande sild.

I  nota var der så visst ikkje berre sild. Raude taretorskar, mort, berggylter, blågommar, ein og annan sjøaure og ei uheldig flyndre eller to. Ein gråblå steinbit. All brukande matfisk hamna i spelebåten. Kråkebollar, korsetroll, breiflabb og skate gjekk over bord, ufisk! Ein gong kom der og ein langstrekt skapnad med nebb. Ein horngjel, den fekk ein kasse for seg sjølv inne på bua, det var visst ein uvanleg landnot-fangst. Så var siste slumpen levert og karane skein av slideriksel frå topp til tå.

Ei plage at folk heldt på med slikt

Dette var eit fiske etter si eiga tid. Ute i leia for samtida framom i nasetunge kraftblokkbåtar der hydraulikken hadde teke over for muskelkrafta. Det var umoderne, ulønsamt og mest ei plage for omsettingsledda at folk helt på med slikt.  Så det kom kondemnerings- ordningar for dei små fiskefartøy og hundretals notgavlar, skøyter og kutterar vart kondemnerte, rivne eller søkte.

Slik her òg. Ein gong kring fyrste halva av 1960-talet var det slutt på både landnotbruka og gavlane; Vikagavlen og Sundagavlen som vi sa. Men det var to som ikkje heilt gav seg. Kring om i buer og naust låg det mykje gamal not og rotna. Det var ikkje bærbusker til alt.

Bilete av garden på Ura: Her budde han Kolbjørn på Ura. Uravikja til høgre i bilete. Foto: Magni Øvrebotten.

Det var to som ikkje gav seg

Siste sildekastet med landnot vart gjort av dei som var att av Nordre bruket. Det vil seia to mann, han Bjarne Holstad på Løype og han Kolbjørn Uren på Ura. Bjarnen la aldri av seg vanen med å fare ned på Hamrane for å sjå etter sild. Dei hadde gjort nokre små kast ned på Vågen fram gjennom åra dei to.

Det må ha vore ein sommar ein gong ut på 1980-talet at det hende. Inne på bua låg Gamlenota. Kor gammal ho var er ikkje godt å seia, truleg jamgammal med fiskarane (alt i min barndom gjekk ho under namnet «Gamlenota), ho hadde korkfløyt og trekaggar. Det var det dei hadde att og ein liten sildedott ville ho no vel alltid halde.  Ein tidleg morgon vakna han av måsen.  Det var ikkje måsen på vatnet, men nede på Vågen. Her var det berre å komme seg i brokja og avstad. Det må ha vore tidleg for han var ikkje av dei langsøvde. Han måtte på Ura og få tak i Kolbjørnen.

Han Kolbjørn hadde òg høyrt og sett måsen, fare i kleda og opp på Løype. Dei treftest ute på tunet. Ingen av dei var langpratande i utide. Båe visste dei kva son skulle og måtte gjerast. Den opne gavlen låg nede ved bua, det var berre å få nota om bord.  Støvgovet valt då dei hala nota i gavlen. Alt gjekk for handemakt, då som for 100 år sidan. Dei var seige karar båe. Det var endå tidleg blanke julimorgonen då nota var komen i gavlen. Sildedotten sto eit godt stykke ute på Vågen, det var på langt nær nok nót til å nå i den.

 «Det beste var om det seig opp under Saga».Foto: Magni Øvrebotten.

Her var det berre å vente til ho seig til lands, det beste var om ho seig opp under Saga. No var alt klart, det var berre å vente. Ho kom opp under Saga og kast vart det. Det kastet vart ståande lenge. Truleg var totalsystemet for landnotfangstar lagt ned. Det vart levert litt her og der i smått ut etter sommaren og hausten, og det vart mange torgdagar på dei to karane. Men slumpen vart slept og nota kom i bua att. Ut på hausten kom han Kolbjørn med ei store plastbytte med spekesild. Det var  landslott-oppgjerd for det kastet. Det skulle vere rett og skil til siste slutt. Det var siste lykkja i ei lang, lang lekkje.

Av Fridtjov Urdal, 28.november 2022.