,

Besta og Besten i Runnane

– Det er sant som det vert sagt at borneborn er «livets dessert». Våre likar å vere her og vi likar å ha dei her. Eg prøver å la vere å legge meg opp i oppdraginga, det er foreldra flinke til sjølve, seier Solbjørg Sørbotten. – Å, for å seie det enkelt, det ungane ikkje får lov til heime det får dei lov til her. Som til dømes å bruke senga vår som trampoline, legg Åge Sørbotten til og ler.  Dei har fire born og sju borneborn. To av borna og tre av borneborna bur i nabolaget i Botnane, og heile flokken med barn og barnebarn samlast gjerne i Runnane.  

Åge og Solbjørg Sørbotten med borneborna Thea, Marcus og June. Foto: Linn-Kristin Sørbotten.

Solbjørg og Åge Sørbotten har budd i Botnane sidan 1. juni 1982. Dei hadde med andre ord 40-årsjubileum sist sommar. Dei og Torbjørn Øvrebotten  var dei fyrste av 1950-talsårgangen som busette seg her. Generasjonen som var fødd på 1930- og 40-talet hadde ikkje busett seg i bygda, som talde om lag 25 sjeler då familien på fire kom til Runnane. At det flytta heim fleire ungdomar med familie var starten på ei ny tid i bygda, som enno ikkje hadde vegsamband, korkje sør- eller nordover. Det kom veg til Årebrot i 1987 og fastlandssamband til Sørgulen i 1993.

Postruta etter Olaf

– Det var høvet til å ta over postruta sørover stranda og i øyane, etter Olaf (Øvrebotn), som gjorde det mogeleg for oss å flytte hit i 1982. Då pensjonerte han seg og eg kunne ha fast arbeid og bu her. Garden hadde ikkje vore driven på fjorten år, seier Åge. Foreldra hans flytte til Florø tidleg på 1970-talet og faren Magne hadde planar om å flytte attende som pensjonist. Men han døydde før han vart det.

Solbjørg og Åge i stova si i Runnane. Foto: Magni Øvrebotten.

– Vi hadde vore her ein god del før vi flytte hit og hadde lyst til å ta over då det var klart at ingen av syskena til Åge ynskte å gjere det. Åge var nær knytt til plassen og eg var oppvaksen i Barlinbotn i Eikefjord, så for meg var ikkje overgangen så stor, fortel Solbjørg.

Dei er begge 1956-årgang og har vore i lag sidan dei var 16 år gamle. I 1975 gifte dei seg og eldste dottera, Astrid-Marie, vart fødd i 1976. Bernt i 1978, Jan-Åge i 1983 og Linn-Kristin i 1989. Det er Solbjørg som svarar når eg spør etter namn og fødselsår på borna deira, slik det ofte er når ein spør ektepar om slikt. – Alt du veit, kjem det frå Åge i det ho er nesten ferdig med oppramsinga.  Borna har gjeve dei sju barnebarn, det eldste er snart 20 år og det yngste 5,5 månad, fire jenter og tre gutar. Eldste sonen og yngste dottera kjøpte seg begge hus og bur i Botnane.

Fem av sju borneborn samla i Runnane jula 2022. Frå venstre:  Marcus, Isak, Maria med Thea på fanget, og June. Maximillian og Sarah Emilie er ikkje med på bilete. Foto: Privat.

Storfamilien samlast mykje i Botnane. – Eg veit ikkje korleis det har blitt slik, men alle borna våre er sterkt knytte til bygda. Det er Botnane som er plassen for dei, både dei som bur her og dei som gjerne skulle ha gjort det, seier Solbjørg. Under koronaen budde eldste barnebarnet i Runnane med besteforeldra. Ho gjekk dei to siste åra på vidaregåande skule i Florø, og studerer no i Bergen. Det gler openbert eit bestemorhjarte å få hjelpe til slik.

Radarparet Marcus og Besten

Dei tre borna til yngstedottera Linn-Kristin og sambuaren Jens Anders (Sunde Midtbø) bur ein liten gåtur frå besteforeldra. Det vert sjølvsagt tettast kontakt med dei i det daglege. June er 7 år, Marcus 6 år og Thea 5,5 månad gamal. – Dei to eldste er nesten oppvaksne her. Då minstejenta vart fødd såg Marcus litt mørkt på å få ein baby i hus. Så han truga med at han skulle flytte ut til Besta og Besten. Men det vart ikkje noko av, han fann visst ut at det var stas med ei lita syster, seier Solbjørg.

Marcus er mykje saman med Besten i arbeidet. Foto: Privat.

Marcus og Besten er eit skikkeleg radarpar. Det er kjekt å vere med Åge ut og sette teiner, styre med ved, ja, dilte med i Besten sine gjeremål. – Eg prøver å lære dei praktiske ting. Vi er her med dei og dei får bruke både kniv og øks. Marcus kappar ved med meg og er på kjøkkenet med Besta og lagar mat. «Skal vi lage noko i dag», spør han henne, og får kutte opp grønnsaker. Eg trur born har godt av slikt, seier Åge overtydd.

 

 

June takkar heller ikkje nei til ein tur på sjøen med Besten og Brage. Foto: Privat.

Solbjørg er glad i å gå tur og blir gjerne med når Linn og familien brukar naturen både i bygda og nærområda kring Botnane. – Linn og Jens Anders er veldig flinke til å gå tur med borna. Helst på fjellet. Vi har vore fleire gonger på Opnaren med dei. Men vi treng ikkje gå langt for å ha med oss kakao og mat. «Trollskogen» vår ligg rett bak gravstaden. Vi fortel dei om blomar, orm (som Besta er redd) og livet i fjøra. Elles så har vindmøllene opna eit nytt turområde for oss. Vi køyrer til Magnhildskaret og går vegen innover, både på ski og på beina. Førebels har vi vore så langt at vi ser ned i Sørgulen.

June, Besta, Marcus og Linn på tur i Norddalsfjorden. Foto: Privat

– Er bruken av naturen, både på land og sjø, noko av hemmelegheita med at både born og borneborn kjenner seg så knytte til Runnane og Botnane?

– Eg veit ikkje, men naturen her er heilt fantastisk, både for store og små, kropp og sjel. Jan-Åge (yngste sonen) låg inne i Oddny-elva og vatnet og leika frå han var liten. No lærer han sonen Isak om kva det som leve i fjøra heiter. «Ingen krabbe her, berre marflo», melder seksåringen. Han er for tida mest oppteken av å få seg høner her med Besta og Besten, fortel Solbjørg.

– Det blir det kanskje ei råd med når vi no skal til å vøle løa, skyt Åge inn. Etter 40 år med ulike turnusjobbar på sjøen er det mykje å ta att på husa heime, og han er glad for å ha søner som kan og vil hjelpe til.

– Ragnvald var god å ha

Gjennom samtalen nemner Solbjørg fleire gonger kor godt det var å ha naboen Ragnvald (Sørbotten) når det var noko, og ho var åleine heime med borna og Åge var vekke på arbeid. – Ragnvald innprenta meg at eg kunne ringe han uansett: «Om det er natt eller dag. Berre eg har fått på meg brokja, så kjem eg», sa han og det gjorde han verkeleg.

Ho hugsar ein gong Åge hadde ringt heim og sagt at det bles så gale at han ikkje kunne kome seg heim med båten. Ho var åleine med ungane og dei hadde dyr i fjøsen. Styggeveret gjorde at ferja ikkje kom inn til Botnane den dagen og då Solbjørg let opp utedøra vrengde vinden døra av hengslene. – Eg alarmerte Ragnvald og han kom. I det vi hadde baksa døra på plass att ser vi ut på den forrykande Pollen og der kjem båten til Åge. Han kom heim likevel, tykte nok ikkje at det var forsvarleg at vi var åleine heime.

Ragnvald og Valborg Sørbotten var gode støttespelarar for ungfolket i Runnane. Bilete av foto frå Tor-Harald Langø.

Åge vedgår at det var fleire tøffe styggeversturar med post- og skuleruta, men snakkar dei helst vekk. Før det kom veg mellom Botnane og Årebrot hadde han også dei to eldste borna med i båten. – Men Astrid-Marie seier at ho aldri var redd. Ho sette seg slik at ho såg faren, og når han var roleg så var ho det også, same kor båten hogg og rulla, fortel Solbjørg. Etter at det vart slutt på skule- og postruta arbeidde Åge i utanriksfart, på supplaybåt, i Fjord 1 og dei siste ti åra for Florø skyssbåt.

– Når han var lenge vekke og eg var åleine med borna og dyra, var eg heldig som hadde to sett med «reservebesteforeldre» i Posten hjå Valla (Valborg) og Ragnvald og i Kvia hjå Jenny og Kåre (Nøttingnes). Astrid-Marie og Bernt var ofte på besøk hjå dei. Jenny lærde Astrid å brodere og Bernt var på pletten når Kåre sat på loftet og bøtte garn. Og Valla var svær til lære meg å bake flatbrød og masse anna eg ikkje kunne, seier Solbjørg.

Åge kan ikkje ordet «Nei»

Både Solbjørg og Åge har vore pensjonistar dei siste fire åra. Ho frå mange års arbeid på Krisesenteret i Florø, han frå matrosjobb i Florø skyssbåt.  Men det blide oppsynet til Åge er framleis ofte å sjå ombord i ulike båtar.

Han dreg på det og flirer, ho ler og forklarar: – Du veit, han Åge kjenner ikkje til ordet «Nei». Etter at han vart pensjonist har han vore med på oppstarten av dei nye ambulansebåtane, lostenesta har han vore med i og som vikar når turnusane ikkje går opp på rutebåtane. Nei, «Nei-ordet», har han ikkje lært.

– Jau, eg har no det, etter kvart. Det er kjekt å ta ein og to dagar, ja, opp til ei veke. Men meir seier eg nei til no. Eg trivst på sjøen og likar å hjelpe til, men eg har så mykje å ta att heime at eg vil prioritere det framover.

Og Solbjørg ilar til med ei vedkjenning: – Misforstå meg ikkje. Eg tykkjer det er greitt at han tek vakter. Trur ikkje det hadde vore bra for oss å gå og trakke oppi kvarandre her heile tida. Eg er av den typen som trivt godt i mitt eige selskap, ja, som treng sokalla «åleinetid».

– Korleis takla du å bli pensjonist?

– I starten var det vanskeleg å ikkje skunde seg. Ja, i det heile å få hovudet til å forstpå at eg ikkje lenger skulle på dei ulike vaktene på Krisesenteret. Eg hadde vanskeleg for å lande etter så mange år med turnus. Eg var 11 år i fast jobb på Krisesenteret, og før det arbeidde eg turnus både der og på hotellet. Det var ikkje helsesamt. Men no har eg landa og trivst med å styre mi eiga tid og kva ho skal brukast til. Eg er glad for å ha både naturen og ein ung familie i nærleiken, som eg kan invitere på middag og vere til nytte for.

– Eg hadde tørna om eg no skulle budd i ei leilegheit i Florø, med 4×4 meter plen. Ja, eg hadde tørna, slår Åge Sørbotten ettertrykkeleg fast og rister på heile seg berre av tanken.

Intervju: Magni Øvrebotten 30.12.22.