,

Mystikk og uhyggje?

Av Fridtjov Urdal

Etter mi røynsle så har, om ikkje alle, så i alle høve mange vore ute for hendingar og opplevingar som vi ikkje finn noko rimeleg rasjonell forklaring på. Kva var no det? Kva var det eg såg? Kva var det eg høyrde og kva var det som hende? Det er kan hende heller ikkje så lett og fortelje om all den tid ein vil gå for å vere rimeleg vettig og rasjonell. Kven vil vel gå for å vera ovtruen. osv.

Men det at ein ikkje kan forklara tyder ikkje at der inga forklaring finst. Den kan vera kvardagsleg og rasjonell. Sjølv tykkjer eg slike forteljingar er med på å gjera stader og tilvære meir spanande, og dei fortel noko om korleis det har vore tenkt og korleis det vert tenk.

Skyming på vegen mellom Kvia og Løype, her ved Kvernhusvatnet. Foto: Magni Øvrebotten

I gamlehuset på Kvia var der eit fenomen som ein aldri vart klok på. Sjølv har eg minne etter å ha høyrt det to gonger i barndomen og siste gongen i 1972. Helst på vintrane kunne ein stundom på nattetider høyre bankelyd. Det var som om nokon nede i kjellaren sto og hogg på eit kvart. Dei fyrste gongane det vart høyrt for ein visst i kjellaren for å sjå, men der var det ingen, men då tyktest lyden komme frå ein annan stad. Så vart det til at ein på eit vis slo seg til tols med at dette var noko som berre var slik. Det eg veit vart det ikkje tolka som noko varsel om uhende av noko slag, så det fylgde ikkje noko uhyggje med det på det viset.

Ei anna forklaring

Bestemor mi ho Anna sa at det var eit merkje på at no vart det eit brått vêrskifte. Han Nils Seljestokken (Nilsen på Kvalvikja) som vi sa, bror henna Anna, hadde ei anna og meir overnaturleg forklaring på fenomenet. Det var nok han Samson som gjekk att. Han var frå Haugesund og båtbyggjar av yrkje. Han kjøpte Kvia og bygde hus der og budde der med huslyden sin. Nilsen si grunngjeving var at det sikkert var eit kvart han ikkje hadde vorte ferdig med før han måtte forlate denne verda. Det gav han ikkje fred på hi sida. Det er óg andre soger som knyter seg til staden. Eit er at dei underjordiske budde i Tussesteinane (det er fortalt om før, sjå sida for historikk).

Framand mann inn på tunet

Men tantene mine, ho Helena og ho Magnhild, kunne fortelje og dette hugsar eg at dei snakka seg i mellom om. Det var i deira barndom dei to og yngste broren Fridtjov var åleine heime. Då ser dei ein for dei framand mann komme inn på tunet og gå bort til løa, late opp døra, gå inn og late att etter seg. Dei torde ikkje gå bort og sjå, men heldt vakt i stoveglaset om dei skulle sjå han kome ut att. Men det gjorde han ikkje. Då foreldra og eldste broren Paul kom heim fortalde dei sjølvsagt at det var ein (fremmonde) mann inne på løa/fjøsen. Dei av stad, men dørkroken var i på utsida og inne var det korkje kjende eller ukjende å sjå. Dette var eit stykke ut på våren, så der var ikkje att noko særleg med høy å gøyme seg i. Dei måtte ha sett syner, men dei to heldt heile livet fast på kva dei hadde sett den gong. Og dei damene var slett ikkje av dei som var redde for sin eigen skugge.

Ein mann som brått vart vekke

Der er og ei anna soge, men der er ingen av husets folk med. Han Kristoffer på Urene hadde sett ein mann opp i nordre Vasskreken, som var på veg opp på Kvia, og som brått vart vekke. Ho Maria hadde sett han frå Løype og var viss på at ho kjende att kven det var. Det var han Annanias på Kviene. Han som hadde selt Kvia til Peder Iversen Sælø og så emigrert til Amerika. Dette synet skulle ha synt seg på den tid då Annanias døydde borte i Amerika, vart det sagt. Pederen på Kviene var det òg eit kvart med. Han var nordlending og helgelending, og hadde det som kallast «Helgelandskjeften». Det gjekk soger om kva Pederen hadde svara og sagt då og då. Ein som fleire gonger nytta høve til å fortelje meg om bestefar Peder var han Thor i Seljestokken, slike som denne: Det var eit kvinnfolk her i bygda som var ei sanne bygdaplage, som for og slarva om alt og alle så det var ikkje rettelse med det grand. Ho og Pederen møttest. »Gussens fine dage, Peder,» helste ho. » Eg ser varmen e kommen i skyn»,svara han.» Å, korleis da då?» « Eg ser at maneta er ut å ræk».

Kunne han meir enn godt var?

Det var òg dei som ikkje var heilt trygge på om han ikkje kunne meir enn det som godt var. Det var ein gong eit notlag som hadde gjort eit steng på Nordre vågen og Pederen spurde om han fekk kjøpe seg litt agn-sild. Det var nei i neven. Slikt småtteri hadde dei ikkje tid til å vase med. «Nei, nei, dei som ve dei små forsmå, dei skal heller ikkje det store få», sa Pederen og rodde der i frå. Kor det no var så rauk nota sund og dei miste kastet. Dei vart visst ute føre ymse slag andre uhell òg så det enda med det at Pederen fekk basen på tunet, med bøn om: «Var det så at han hadde sett noko ilt på dei så måtte han vere så inderleg snill å løyse dei att». Korleis ordskiftet vidare fall veit eg ikkje, men i høve kva eg elles har høyrt om Pederen så let han neppe høve gå frå seg. Det gjorde han i alle høve ikkje då der kom ein til han og klaga over at han trudde dei hadde fått trollskap i nota. Ho fiska ikkje, dei hadde kasta gong etter gong og etter alle synemerkje så skulle der vere fangst. Men så var det ikkje om Pederen visste eit råd?  Jau, dei fekk freiste drage nota opp i ein nypløgde åker og drive ein saueflokk over tre gonger. Denne soga har eg frå to kjelder; Heime og frå han Thor i Seljestokken.

Velstanden har gjort oss fri maktene

Det var mangslags påtruer og magiske gjersler som var så vanleg at ein ikkje tykte det var noko å snakke om. Dei helt seg i live til langt inn på 1900. Det kan ha noko å gjera med at når folk lever på smale marginar så må ein vere varsame med å terga det som kan hende er. Ein kan i alle høve ikkje vere heilt trygg på at det ikkje er.

Velstanden har gjort oss frie andsynes maktene. Pederen hadde og eit anna særdrag eller kan hende er det rettare å kalle det ei plage. Han kunne kjenne det på seg når det var noko som stod på på sjøen. Besta fortalde om den natt då snøggruteskipet Haakon VII forliste på Melsholmen ved Staveneset, 6. oktober 1929.  Dei hadde nett gått til ro for natta då Pederen vart så uroleg, han sto opp att og gjekk att og fram på golvet. «No hender det eit kvart alt for mykje gale på skjøna ein stad», sa han.

– Eg kjende så visst at det var eitkvart

Det skulle ha vore fleire slike hende. Det siste eg veit vart omtala var då han Henrik (Gamle Henrik i Vågjen) og sonen Harald drukna. Då vart Peder så uværige at han laut gå frå bordet, og då det spurdest kva som var hent, sa han: « Eg  kjende så visst at det var eitkvart, men ikkje kva det var». Dette gjekk godt i hop med at han for si tid var ein vetande og opplyst mann med både Bertha von Suttner, Victor Hugo  og andre i bokhylla. I ein kasse på lemmen låg bøkene hans. Der sto det sirleg innskrive: Denne bog tilhører Peder Iversen Sælø, samt kvar boka var kjøpt og når. I Folketeljinga står det om han at han var «jordbrukar og fiskar». I den mon det her er tale om jordbruk så var det nok ho Anna som måtte stå for det. Han Peder likte seg helst i båten og på sjøen.

– No kjem han Peder og då vert det kjekt

Han dreiv òg med notbruk og hadde slupperen  «Ferm», i hop med Straumen ute i Hovden. Gamle Straumen fortalde:» Vi ungane gledde oss når vi såg Ferm komme siglande inna tå Uravikan for då viste vi: No kjem han Peder og då verte det kjekt». Han skulle ha eit uvanleg godt lag med ungar og ungdomar. Han Agnar Faye, som voks opp på Gamlebøen, hadde òg ein del å fortelje all den tid han var mykje i hop med ungane på Kvia, både i barndomen og ungdomen. Agnar fortalde at han som unggut hadde vore med Pederen med nota og der vart han sett til å ro basen. «Å, du veit eg tykte no eg såg sild alle stane og sa i frå. Da slufsa dar inne på vikja, Dar er fugle».  «Ja, ja, du får ro inn då, så får vi sjå». Men der var sjølvsagt ikkje noko å kjenne på loddet. På det viset trur eg vi rodde heile Norddalsfjorden rundt. Det var ein god skule. Eg såg ikkje på langt nær så mykje dagen etter, fortalde Agnar Faye.

Det var ikkje verande heime

Han Bjarne Holstad var eldst i ein etter kvart stor barneflokk på Løype og kjende seg vel både forplikta og tilsidesett. Pederen trefte Bjarne i utmarka og lurde på kor denne karen hadde tenkt seg av? Jau, no hadde han tenk seg av å hengje seg for no var det ikkje verande heime for ungeskrik og spetakkel. Ja, men då var det no bra eg trefte deg i tide då, for eg hadde tenkt å høyre om du ville vere med meg ut å fiske i kveld? Det er ein av dei lengste ettermiddagane eg har hatt medan eg venta, eg var redde for at han Peder hadde gløymt kva han hadde lova, fortalde Bjarne. Men Pederen kom. «Om han hadde tenkt å be meg med, eller det var noko han kom på der og då, veit eg ikkje. Men det vart ikkje berre med den eine gongen».

Det er ting som kan tyde på at Peder var av dei som når han fyrst hadde fått ein tanke for seg så hadde han vanskeleg for å sleppe den. Ho Inger Skår (Inger i Brote) fortalde at då dei var komne i Bråte så kom han Peder og åtvara dei at dei måtte vere forsiktige med isen på myrtjørna der sør, for grunna myrgassen kunne den vere usikker. Dei måtte åtvare ungane.

Uhyggeleg nyttårsnatt 1961

Sidan ein no fyrst er innom Løype kan eg fortelje om den uhyggelege nyårsafta 1961. Kva vêr det var minnest eg ikkje, men eg går utifrå at det regna. Det var vanleg at vi gjekk i lag til kvarandre i jule- og nyårshelga på Løype og Kvia. Det var no ikkje så store laget sidan dei var i alt seks og vi fire. Dei to eldste, ho Maria og ho Anna, tok ikkje på ferd vintradag, i nittiåra som dei var.

Det var hyggjeleg, som det brukte å vere på Løype. Det var nyårsaft med det beste huset hadde å by på. Sprengheitt så veggene bula. Det var då storhelg. Det leid mot midnatt og vi var alle i stova hennar Helena og Bjarne. Der var foreldra mine, ho Maria, han Bernt og ho Sofia, han Olav, Helena og Bjarne. Då tek det i ytterdøra !

Kjem her folk? No på denne tid. Ho Helena for ut, det kunne vere eitkvert som sto på. Men der kom ingen prat frå kjøkenet. Nei, det må ha vore vinden. Men det bles ikkje ute. Kattane då? Praten var ikkje før komen i gong att, så er det der på nytt. Nett som nokon tek i klinka, trykker ho ned og slepper. Nei, kva er dette, ut å sjå. Alle ut å sjå på ingen ting, Ute på trappa er det som det skal vere, ingen uorden. Merkeleg. Då er det at eg ser Bassen. Han sit inn under kjøkenbordet og skjelv. Slik brukar då ikkje Bassen å vere. Merkeleg.

Det må ha vore eitkvart opp på trappa. Ein rev kan hende? Eg trur ikkje det var nokon som trudde på den reven. Rev som ville inn til folk på nyårsafta. Slikt seier ein berre, ein trur ikkje på det. Praten gjekk tråare, det var som vi alle venta på eitkvart vi ikkje visste kva var. Klokka og radioen fortalde at no var Nyåret komme. Då hender det for tredje gong. Alle ut, men Bassen kravla inn under divanen. Ingen ting å sjå, berre lyssirkelen frå utepæra og mørke. Hadde det hent noko hadde det vore noko. Det var då han Bernt let ordet falle: « Å, ja, det kan vel hende han ser innom oss i året som kjem». Der vart Bernt sannspådd. Han overlevde ikkje Cuba krisa.

Rykte om eit mogeleg drap og ei vis kone med lykt

Det som her vert fortalt er ikkje prøvd opp mot skrivne kjelder. Det er munnleg overlevering og må såleis takast med både pepar og salt.

På nordre Urøyna budde det den gong ein skreddar med namn Eide. Det var visst han som fekk bygt det huset som står der no. Kor han var som handverkar veit eg ikkje, men han skulle ikkje vere god å komme til rettes med. Særleg når han drakk, noko som helst gjekk titt på skulle han verte lumsk og farleg.

Ho Anna Korneliusdotter Seljestokken, seinare Anna på Kviene, fortalde: «Vi budde nede i Stokkjen den gong. Det var ei sleke ufjelge stormnatt ut på vinteren. Han far og han Nils var med bruket sør i Bulandet. Det var berre ho mor og eg heime. Vi høyrde at dar kom båt i støa. Det var no ikkje så rart om folk tok land ei sleke natt. Da dundra på døra og inn kjeme Eiden, blodige og forslegjen og godt fulle. Om han far va heime? Han hadde myst ein kar, dei skulle opp te Smørhamnen, han måtte ha hjelp til å leite. Ho Karnils-Helina for opp i Stokkjen og fekk tørna ut kan Kristoffer, som kom ned for å høyre ka som va tiss?».

Nok av det, heile saka var så vidt uklår og mistenkjeleg at det visst nok vart  gransking av det. Det som skulle vere sikkert var at to mann hadde gått i båten, men det var berre ein som kom i land. Han som kom i land var full, blodig og forslegen. Sjølv forklarte Eide sin eigen tilstand med at han hadde fått mastra over seg, ramla over ende i båten og slege seg til blods. Kvar den andre var vorten av, og når han hadde vorte borte, hadde han inga fast formeining om.

Det var eit godt grunnlag for rykte og teoriar, og det var dei som var sikre på at Eiden hadde slege den hin i hel. Det var ikkje anna ventande, det måtte no ende slik. Det vart teke prøver av blodfunn i båten og på ein sekk, men det var fiskeblod.  Men karen var borte og ikkje attfunnen, Den som fann liket var han Nils Korneliussen  i Seljestokken. Det låg ned i Djupevikja. Dei fann ut at dødsårsaka var drukning.

Han Nils fortalde:» Det var ein kveld eg hadde vore sør i Synnevåg eit ærend og mørkna ute. Men det var ikkje det som gjorde noko, men eg fekk det så på meg at eg torde ikkje gå frå Solberg og ned i dalen i Djupevikja. Same kva det var, noko var  galt. Eg visste meg inga råd anna enn at eg gjekk opp på Solberg og fekk ho Gunnhild te å stå med ei kveikte lykt oppe med grinda til eg va komme meg øve dalen. Eg veit ikkje kva da va som kom øve meg, men ho Gunhild på Solberg var av dei som hadde greie på slikt og vart med på fyrste ordet.