,

Verre og verre å få tak i juletorsken

Torsdag 22.12.22, sola har snudd, det lysnar av dag og Audun Sande har lova at eg skal få vere med han og Arve Nøttingnes for å sjekke om det er juletorsk i dei sju doble torskerusene dei har ståande i sjøen. – Det vert verre og verre for kvart år å få tak i juletorsken, slår dei samstemt fast i det vi går ombord.

Audun Sande og Arve Nøttingnes sjekkar torskerusene før jul.

Dei fiskar i lag om vinteren, då er godt å vere to, tykkjer dei. Det kan vere tungt arbeid å få rusene om bord i båten og det er openbert ein fordel at ein styrer båten medan den andre set rusene ut att i sjøen. Det kan ikkje skje på ein hytt, det såg eg med sjølvsyn. I mitt stille sinn tenkjer eg at det må vere godt for dei næraste å vite at dei er to, for sjølv om dei fiskar rett nedfor land, er ikkje Frøysjøen alltid så roleg som denne dagen.

Arve og Audun er begge av 1956-årgangen, det Herrens år då det kom til verda fire gutungar i Botnane. To av dei var tvillingar og Arve er ein av dei. Det vart snakka om som eit krunår i folketalsveksten lenge etterpå. Dei brukar båten «Sande», som far til Audun, August, kjøpte i 1950 og dreiv fiske med, både åleine og i lag med andre. Han og kona Alma dreiv fiske med denne båten langt inn i alderdommen. – Dette er ein fantastisk båt til slikt fiske som vi driv med, stabil og god å styre, og Audun har pussa han oppatt etter alle kunstens reglar, seier Arve.

 

Båten «Sande» har Audun etter far sin, som kjøpte båten i 1950.

– Å vere fiskar er å leve i håpet kvar dag, seier Audun, som framleis er yrkesaktiv bussjåfør. Arve har pensjonert seg og meiner ein bør ha Nav i ryggen om ein skal drive som fiskar. Nei, dette er hobbyfiske, skulle dei ha levd av det hadde det vore smalhans. Det er særleg dei 2-3 siste åra dei har merka at det er mykje mindre med fisk. – Det er betre om sommaren, men for ein 5-6 år sidan var det bra med fisk å få også om vinteren. No er det dårleg, seier Audun.

– Kva er grunnane til det?

– Her er ikkje mat nok til fisken. Silda og småpalen er borte, og fiske etter leppefisk til oppdrettsnæringa gjer det ikkje betre. Det skulle vore forbode. Vi får torsk som er tynn som ein spikar, slår Arve Nøttingnes fast.

Dei er overtydde om at steinbrotet i Seljestokken har øydelagt dei gode fiskegrunnane i Seljestokken og på Husefest. Sandstøvet sig nordover med straumen og har nådd heilt nord til fyrlykta på neset i Sørbotten. Det stoppar ikkje der. – I fjor hadde vi 14 garn i Husefest og fekk tre fiskar, seier Audun.

Kva så med dagens fangst?

Vi dreg frå dobbelruse til dobbelruse. Dei fyrste er tome, så kjem vi til ei med ein diger havål og ein torsk som er merka av hopehavet med havålen. Han har bite den store, flotte juletorsken i buken. Audun pøser på med saltvatn i stampen slik at torsken skal få puste no når han er fri havålen. Det har i det heile vorte ei stor plage med mykje havål, han øydelegg også rusene og er ikkje etande. – Det er berre krabbemat, slår Arve fast.

Havål er noko svineri å få i rusene, han øydelegg både dei og fisken.

Statusen dei gjer opp etter turen vår er to havålar og ein juletorsk på sju dobbelruser. Det er for svart hav på rekne, meiner dei. Men juletorsken har dei sikra seg på trollgarn og har han gåande i merdar laga av blå plasttønner med hol i. Det er for å berge fisken mot oteren, som er ei anna plage for dei som fiskar. Fisken kan stå ein heil månad i tønna berre det ikkje er for mange fiskar i ho, fortel dei. Å ha trollgarn ute betyr at dei må på sjøen kvar dag, medan det kan gå nokre dagar mellom kvar gong dei må sjekke rusene.

 

– Dette kan du ikkje legge ut før jula er over, seier Arve Nøttingnes.

 

I mange heimar i Botnane er det tradisjon med fersk torsk til middag 1. juledag. Her brukar ein omgrepet «fersk fisk» berre om fisk som er teken opp av sjøen same dagen, rett før han skal kokast. Tek du han opp dagen før er det «gamal fisk». Arve Nøttingnes og Audun Sande kjenner kundelista si, men i år er dei redde for å utvide ho.
– Dette kan du ikkje legge ut før jula er over, elles kjem vi til å få så mykje folk på døra som vil ha juletorsk at vi har for lite. Det er rift om fisken for tida og no har vi akkurat nok til oss sjølve og dei vi har lova fisk, seier Arve Nøttingnes i det vi legg til land i Gardsvika i Sletten.

Dei har vorte vane med å få lite fisk, men det er like fortærande for det. Eg lanserer den gamle bortforklaringa om at det vert dårleg fiske når ein har kvinnfolk med i båten? – Det er eg heilt sikker på at er berre tull. Eg hadde både ei mor og ei tante som fiska. Dei var dyktige fiskarar og fekk fisk til liks med karane, slår Audun Sande kategorisk fast.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 22.12.22.