,

Opplett i berre 99 dagar i 2022

Det var berre 99 dagar utan nedbør i Botnane i 2022. Men likevel vart det ikkje eit rekordvått år i Rune Nordbotten sine målingar. Det var ein turrare haust som gjorde det. Nordbotten har registrert veret i Botnane i 48 år og juli månad var den nest våtaste han har målt nokon gong. Juli var 100 prosent våtare enn normalt, med berre fire dagar med opplett. – Månadane mai – august var dei våtaste månadane eg har målt nokon gong, med over ein meter med regn. Det var ein spesiell sommar, på fire månadar var det berre 23 dagar utan nedbør, seier Rune Nordbotten.

Rune Nordbotten visste mest ikkje å kome ut på bøane med traktor i fjor sommar. Foto: Magni Øvrebotten

Det han kallar «tjukkaste sommaren», frå 10. juni til 28. august var det berre åtte dagar med opphaldsver. – Ingen sommar i nærleiken av det som eg har målt. Vi har hatt enkeltmånadar som har vore trøstelause før også, men ikkje fire månadar i strekk, fortel Rune Nordbotten. At det vert meir nedbør med auka temperaturar seier seg sjølv, legg han til.

– Kva er den våtaste månaden du har målt?

– Det var oktober 2021. Då kom det 667,3 mm med nedbør og det var berre ein dag med opphaldsver. Oktober 2022 var den våtaste haustmånaden også i fjor, med 351,6 mm nedbør. Då var det seks dagar utan nedbør. Regntida på Vestlandet er frå september til januar.

– Kva gjorde at 2022 ikkje vart det våtaste året i dei 48 åra du har målt nedbøren i Botnane?

– Det var først og fremst ein turrare haust enn normalt som gjorde det. Men april i fjor var også ein særdeles fin månad med mykje godver. Vi hadde ein relativt mild og fuktig vinter, og etter all nedbøren i fjor sommar og i september, vart det fint i november og desember. Snø i desember og i jula har vi ikkje kvart år. Totalt var det 99 dagar utan nedbør i 2022.

– Kva med vinden?

– Det var mindre med storm i fjor enn normalt. Ei tid no har det vore mindre med kraftige vindar, det går i bølgedalar, som så mykje anna. Tidleg på 1990-talet og ein periode etter 2010 var det mykje vind.

– Og temperaturen?

– I fjor hadde vi totalt 33 dagar med over 20 varmegrader, og dei spreidde seg godt over året. Dei to fyrste hadde vi i april og dei fem siste i september. I juli var det berre fire dagar med over 20 grader.

– Korleis har 2023 starta?

– Måndag 9. januar var det heile 9,8 varmegrader i Botnane på morgonkvisten. Varmlufta kjem i framkant av lavtrykka. Til denne tid i år har vi hatt fem dagar utan nedbør, og det er godt føre fjoråret, slær Rune Nordbotten fast.

Intervju Magni Øvrebotten, 15. januar 2023.