Naud er skam, endå om ho er gamal
Få ting er meir skammeleg enn naud. Difor talast og minnest det lite frå tida då det fanst matnaud her i bygdene, for berre snautt 100 år attende. Då er det ikkje tale om krig, men rett og slett matnaud kring om i stovene. Men var det matnaud her som folk hadde havet så nær? Det var vel alltid råd å få seg ein mort og to?
Det er ikkje sikkert det var så enkelt. Det var heimar og huslydar der dei ikkje hadde båt, og om dei hadde så kunne det vere smått med reiskap utover handsnøre. Og sume år var svartår, det var uår på sjø, så vel som på land. Då var matmangelen ein realitet i mange heimar.
Det var ikkje så at folk ikkje ville hjelpe, men då krevst det noko å hjelpe av. Dessutan var matmangelen ei skam ein nødig synte fram. Om vi ungane var bort i gardane og vart bydde mat, så skulle vi takke nei, for elles kunne folk tru dei ikkje hadde mat heime. Det var hardt mange gonger når vi var svoltne og ikkje viste om det var noko å få heime heller. Dei små jordlappane som utgjorde gardane her var ikkje mykje å forlite seg på. Om karane var vekke på fiske, eller borte på anna arbeid, så var det slett ikkje sikkert at dei hadde reide pengar å sende heim til kvinnfolk og ungar. Slo det til med sjukdom og ulukke var vegen ut i naud kort. Dette er ei soge som ein ugjerne fortel sjølv om eins eigen slekt og familie var ein del av det, Naud er skam endå om ho er gammal.

Legdekallen låg i fjøsen. Databilete av Fridtjov Urdal.
Legdekallen låg i fjøsen
Å gå på legd var den gamle sosial-ordninga, for dei som var gamle og fattige og sjølv ikkje hadde midlar til eige livsunderhald, eller kunne gjere arbeid. Då måtte dei på bygda. Dei kunne ha fast tilhald på ein gard eller dei vart frakta rundt frå gard til gard, eller det var nokre gardar eller plassar som delte på eit legdeslem.
I min barndom høyrde eg om ein stad her i bygda at dei hadde legdekallen liggjande i fjøsen. I ettertid vart det lagt folk til last at dei for slik åt. Det kan synast som om dette var ei nedverdigande og inhuman framferd, men går ein attende til den tida då dette hende, slutten av 1800-talet, så var ikkje det å ligge i fjøsen nokon dårleg stad å vere. Om der ikkje var så heilt patent når det gjeld hygiene-standaren og lukta, så var det ikkje kaldt all den tid ein hadde varmen frå beista. Og det talde mykje i ei tid då det å skaffe til rettes ved var svært arbeidskrevjande, anten det no var tre eller torv. At kosten kunne vere skral, og at husets folk så godt dei kunne freista pine arbeid ut or legdefolk, var noko folk den gong skjøna seg vel på. Den som ikkje vil arbeide «skal heller ikke æde». I Synnervåg plagdest dei visst lenge med ei legdekjerring som vart sengeliggjande og ikkje ville daue.

«Engel i kaffikopp». Databilete av Fridtjov Urdal
Ho som såg englar
Det vart fortalt om ei som budde på Vikja. Ho hadde det heller smått, så ho rak stundom i gardane for å få noko å leve av. Men all den tid Vårherre ser til sine så hadde ho fått den gjevnaden at ho kunne sjå englar på høglys dag.
Det var helst når nokon hadde døydd at desse englane synte seg. Bodskapen var at dei vart henta til himmels. Så snart eit dødsfall spurdest så møtte ho fram i sørgjehuset og fortalde kva ho hadde sett. Kor vidt folk trudde noko vidare på desse syna skal vera usagt, men skikken vare at synet vart honorert i kaffi og eit mål mat.
Då han gamle Thore i Husefest (1819-1913) gjekk or tida hadde ho visst fortalt at ho hadde sett fleire englar. Det heldt folk for rimeleg all den tid at skulle ein få gamle Thoren med seg til himmels så nytta det nok ikkje berre med ein engel.
Det gjekk óg det ordet at dei trudde han gjekk att nord i Husefest. Han var ikkje før komen i jorda før der synte seg ein rev som var svært nærsøken, og som det ikkje beit skot på. Det meinte/sa folk «de ska sjå det er Thoren som går atte so ein røv, jau, da skulle høve seg».
Thore Hansen Husefest var ein framtøk og driftig kar som stelte med mangt og mykje. Ikkje berre var han ein dugande notbas og forretningsmann, han var óg dugande i fleire handverk, mellom anna som smed. Trass dette fekk han ikkje noko eintydig rosande ettermæle. Til det var han for påhalden og vanskeleg å kome til rettes med.
Av Fridtjov Urdal, februar 2023.
