,

Telenor snur

Telenor har no varsla at Firda settefiske i Botnane skal få innlagt fiber i bedrifta sitt namn og ikkje i driftsleiar Torbjørn Øvrebotten sitt, slik vi skreiv om på www.Botnane.no 15. mars. Det let seg brått ordne etter at Otto Ullevålseter sende artikkelen vår direkte til konsernsjefen i Telenor, Sigve Brekke. Seks dagar etterpå kom det to karar frå Eltel og la inn fiber til kontoret på Firda settefisk. – Men han som skal kople til utstyret har ikkje vore her enno, seier Torbjørn Øvrebotten. Han vågar ikkje å tru det før han ser det. Det vart gjort 18. april 2023.

Torbjørn Øvrebotten er driftsleiar ved Firda settefisk. No slepp han å få fiber i sitt namn på anlegget.

Dette er siste utviklinga i saka:

Otto Ullevålseter driv saman med familien sin serveringsstaden Ullevålseter i Nordmarka, familien har hatt eigedom i Husefest i 60 år og han har vore leiar i Botnane og Årebrot grendalag. Ullevålseter  er såleis godt kjend med kor vanskeleg det er å få del i nyvinningar og fellesgoder for små bygder som Botnane og Årebrot.

Same dagen, 15 mars, som saka «Kasteball i Telenor» stod på nettsida til grendalaget sende Ullevålseter kopi av saka til konsernsjefen i Telenor, Sigve Brekke. Han takka for beskjed om «ei interessant sak» og lova at han skulle få nokon til å ta tak i ho. Torbjørn Øvrebotten fekk tilsendt kopi av det Otto Ullevålseter hadde sendt Telenor, men etter eitt års runddans med Telenor hadde Øvrebotten små forventningar.

Men 20. mars får Torbjørn Øvrebotten telefon frå ei dame i Telenor Bedrift som fortel at han om eit kvarters tid blir kontakta av ein annan i Telenor for å få orden på dette. – Vi skulle få fiber i Firda settefisk sitt namn. Når eg spurde kvifor det hadde vore så vanskeleg fortalde ho at utbygginga av fiber i Botnane hadde vore eit samarbeid mellom Bremanger kommune og Telenor, og dei hadde prioritert privatkundar framfor bedrifter. Men den forklaringa kjøper eg ikkje, seier Øvrebotten.

Og 15. min. etterpå ringde det ein kar frå Telenor som skulle ordne med å få signert ein avtale om fiber i bedrifta sitt namn. – Det vart signert digitalt og når eg spurde han kvifor dette hadde teke slik tid, og vore så vanskeleg, vedgjekk han at det hadde vore dårleg kontakt mellom Telenor Privat og Telenor Bedrift. Det er også mitt inntrykk, der verka det mest ikkje som det var kontakt i det heile, seier Torbjørn Øvrebotten. Når han spurde kor lang tid det kom til å ta å få inn fiber no held Telenor-mannen på å seie «nokre veker», men tok seg i det og lova at han skulle prøve å framskunde det, sidan dette hadde teke så håplaust lang tid.

– Dagen etterpå kom det to karar frå Eltel (på oppdrag frå Telenor) og la inn fiber på kontoret til Firda settefisk. Men han som skal kople til utstyret har ikkje vore her enno. Vi er spente på kor lang tid det tek, seier Torbjørn Øvrebotten.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 26.03.23.