,

Vil ha fleire stjernestopp på Villevika

 

Det vert ikkje fleire stjernestopp eller bestillingsstopp på Villevika for Kystvegespressen frå 2024. Grendalaget har fått brev frå Skyss (Vestland fylkeskommune) om at det vert som no. Det vil seie stjernestopp på Villevika i nordgåande retning om ettermiddagen måndag til fredag. Og om kvelden fredag i sørgåande retning.I helgane vert det stjernestopp (bestilling) i nordgåande i retning mot Smørhamn på laurdagar og mot Måløy sundag ettermiddag.

Grendalaget tok opp saka etter at samferdsleutvalet i Vestland ba  Skyss om å vurdere å ta vekk bestillingsstopp i Leirgulen for å få kortare seglingstid for Kystvegekspressen Måløy- Smørhamn – Florø. Det vart sendt ut notat om dette til Bremanger og Kinn kommune der det vart foreslått endringar. Skyss har no varsla samferdsleutvalet i fylket om at dei ikkje går vidare med denne endringar i rutetabellen, mellom anna med bakgrunn i konsekvensane det ville ha fått for dei lokale forbindelsane mellom Bremanger og Kinn. Mellom anna for stjernestoppane på Villevika.

Grendalaget peika i brev til Skyss på at det også var ynskjeleg med stjernestopp på ruta som går sørover på føremiddagen og er i Florø kl.11.50. Det ville gjere det mogleg for folk å kome til Florø utan å bruke heile dagen. I tillegg ville grendalaget også ha stjernestopp på ruta som Florø kl. 08.30. Det ville mellom anna gjere det mogleg for nokre å kome seg heim etter til dømes nattevakt. Og for verksemder som har oppdrag i Smørhamn/Kalvåg.

Saka ligg no hjå samferdsleutvalet som skal ta endeleg stilling til. Grendalaget vil vende seg til utvalet og be om at politikarane set opp fleire stjernestopp på ruta mellom Måløy og Florø – og på ruta mellom Florø og Smørhamn. Det er ynskje om stjernestopp på alle rutene, både nordover og sørover.