,

Skummelt å gje ut barneplate

Foto: Francisco Munoz

– Dette er kanskje noko av det skumlaste eg har gjort, seier Sigrid Moldestad om  barneplata “Regndråpeborna”, som ho gjev ut 24. mars. – Det er skummelt fordi barn er det ærlegaste publikumet ein kan ha. Eg har aldri skrive for barn på denne måten før. Men å arbeide med orda og dikta til Jan-Magnus Bruheim har vore ei glede, også denne gongen, utdjupar Sigrid Moldestad.

Etter seks soloalbum med eigne tekstar og låtar, med tradisjonsmusikk og diverse tonesettingar, har ho no laga eit barnealbum med 13 nye songar. Alle basert på barnedikt av diktaren Jan-Magnus Bruheim.

Musikarane i Regndråpeorkesteret; Sondre Meisfjord, Jørgen Sandvik og Kåre Opheim er kjende i mange kretsar og spelar i fleire ulike genrar. Sandvik og Opheim spelar i Sigrid sitt faste band. Når dei no har leika seg saman i Duper studio i Bergen, med Yngve Leidulv Sætre som produsent og Iver Sandøy på lyd/miks, er resultatet nettopp det; – Ein musikalsk genreleik med dikt som ofte talar like mykje til vaksne som til barn, seier Moldestad i ei pressemelding. Det er Heilo Records som gjev ut albumet.

– Det har vore veldig befriande å skrive desse songane. Eg har heile tida hatt fokus på at eg ville forsøke å skrive så bra musikk som mogleg til desse fine dikta og historiene. Dei inviterer til det. Bruheim si verd er full av leik, fantasi og empati. Musikalsk har det vore befriande å kunne dra litt på og leike med ekstra store penslar, seier Moldestad. – Det er kanskje det som skil dette frå det eg har gjort før. Det har vore ekstra fint å ta fram dei sidene for alle oss som er med, legg ho til.

Prosjektet starta eigentleg som konserten “Regndråpeborna og andre dyr”, ein bestillingskonsert under Førdefestivalen 2022, i samarbeid med Falturiltu på Stord og Vossajazz.

Diktaren Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) har mange eit kjært forhold til. Hele livet skreiv han for både barn og vaksne. Den første barnediktboka kom ut i 1956, den siste i 1986, to år før han døydde. No kjem 13 av desse dikta for fyrste gong som songer.

Sigrid Moldestad er ikkje ukjend med Bruheim. I samband med 100 års-jubileet for Bruheim i 2014, skreiv ho musikk til ei rekkje vakre kjærleiksdikt med albumet “Brevet til kjærleiken”.  Det fekk strålande kritikkar og vart kåra til “Årets album” i NRK´s Norsk på Norsk.

– Det var eigentleg då eg arbeidde med «Brevet til kjærleiken» at eg oppdaga alle dei fine barnedikta hans. Eg har tenkt på dei sidan, at dei burde få sitt eige prosjekt ein dag. No er det her! Vi gler oss til å spele konsertar for store og små rundt omkring i det ganske land, seier Sigrid Moldestad.

Albumet kjem 24. mars. Først ut er platesleppkonsert på Vossajazz, laurdag 1. april.

Illustrasjon til plateomslaget av  Jens Kristensen / Coverdesign: By Ingis. Jens Kristensen illustrerte også diktsamlinga «Trollguten og andre dikt», eit utval av Bruheim sine barnedikt. Boka kom ut på Samlaget i 2018 med Hildegunn Solberg Nes som redaktør.

Litt om dei som er med:

Sigrid Moldestad er frå Breim i Nordfjord, men bur i Bergen. Ho har gjeve ut seks soloalbum. Det siste, “Tonen i meg” kom i 2021. “Et strålende album” skreiv Puls, Arild Rønsen. “Jeg finner ingenting å sette fingeren på”.  Skriv tekster og musikk i tillegg til sitt arbeid med tradisjonsmusikk. Har to Spellemannspriser bak seg, ( 2005 og 2007) og turnerar stadig med eige band og i ulike og andre samarbeidskonstellasjoner. Moldestad er utdanna folkemusikar og spelar fele og hardingfele i tillegg til å synge. Kåra til Årets Folkemusiker i 2010 og har motteke ei rekke andre priser. Særlig kjent for songer som «Så tag mitt hjerte», «Eg vil vere her» og «Vise til far». Er for tida aktuell som skodespelar på Det Vestnorske Teater i Bergen, med førestillinga “Heimatt”, som går til og med 29. mars.

Sondre Meisfjord: Bassist frå Frei på Nordmøre. Jazzmusikar, utdanna ved jazzlinja i Trondheim. Kjend frå fleire sentrale grupper og prosjekt som Come Shine, Gjermund Larsen Trio, Erlend Viken Trio, Kari Bremnes band m.fl

Kåre Opheim: trommer. Frå Voss og kjend frå fleire band; Real Ones, Karl Seglem Band, Sigrid Moldestad m.fl

Jørgen Sandvik: Gitarist frå Bergen, busett på Stord. Spelar mange ulike strengeinstrument i tillegg til å synge. Fekk Spellemannsprisen 2018 for si soloplate i klassen for Blues. Kjend frå band som Real Ones, Sigrid Moldestad band, ulike samarbeidsprosjekt.

Tekstar av Jan-Magnus Bruheim (1914-1988). Musikk av Sigrid Moldestad. Produsent: Yngve L. Sætre.  Lyd/Miks: Iver Sandøy og Yngve L. Sæthre.
Mastering: Iver Sandøy