,

Ein kasteball i Telenor

Etter fleire års kamp vart det hausten 2022 lagt inn fiber i dei fleste husa i Botnane, bortsett frå hjå verksemda Firda Settefisk. Der hadde dei fått utsett utkopling av fasttelefonen i nær eit år fordi Telenor ikkje kunne levere dei godt nok trådlaust nett til bruk for møte og anna digital kontakt med omverda. – Vi har vore ein kasteball i Telenor-systemet i over eit år, seier driftsleiar Torbjørn Øvrebotten i Firda Settefisk.

Øvrebotten hadde kontakt med Telenor Bedrift hausten 2022. Dei som jobba med fiber i bygda grov ned trekkerøyr også til anlegget. – Den 22.12.22 kom det folk frå Eltel så då rekna vi med at dei skulle installere fiber på fiskeanlegget. Men nei, dei skulle montere nytt trådlaust internett. Nett den same teknikken som ikkje fungert sist dei prøvde, då Teams-møta våre vart reine hakkematen, fortel Torbjørn Øvrebotten.  Men no var gode råd dyre for fasttelefonen skulle kuttast ved årsskiftet.

Installatørane frå Eltel, som arbeidde på oppdrag frå Telenor Bedrift, arbeidde i seks, sju timar og heva mellom anna antenna fem meter. – Det gjekk på eit vis, men det er eit usikkert samband, seier Øvrebotten. Då han ringde attende til Telenor Bedrift, for å klage og tinge fiber på nytt, fortalde dei at dei ikkje kunne tilby fiber i Botnane. Dei synte han til Telenor Privat, utan å vite at dei nett då dreiv med installering av fiber i private hus i Botnane.

Håpar det skjer noko neste veke

– Men Telenor Privat synte meg attende til Telenor Bedrift, sidan det var ei bedrift det var snakk om. Etter å ha vore kasteball mellom desse to ei god stund synte det seg at Firda Settefisk måtte bestille fiber i mitt namn hjå Telenor Privat. Det var uråd å få fiber i Firda Settefisk sitt namn, forstå det den som kan, seier Torbjørn Øvrebotten. No håpar han at det skjer noko neste veke, men kjenner seg ikkje sikker etter alt styret det har vore med Telenor.

Firda Settefisk måtte betale nær 9000 kroner for å få opp den mellombelse løysinga, som ikkje var tinga, men som Telenor kom med før jul. – Det skjedde samstundes med at eg og andre her i bygda fekk installert fiber i privathusa våre. Då eg tinga fiber til fiskeanlegget sa Telenor Bedrift ingenting om at det måtte stå i mitt namn. Ein ting er sikkert: Telenor Bedrift veit ingen ting om det som skjer hos Telenor Privat og omvendt.  Og ein må bruke vanvittig med tid for å kome i mål med noko som helst når ein har med Telenor å gjere, seier driftsleiar Torbjørn Øvrebotten i Firda Settefisk i Botnane.

PS: Enivest skal bygge ut fiber i Kinn

Som kjent høyrer Botnane og Årebrot til kvar sin kommune, Botnane til Bremanger og Årebrot til Kinn. Det er Enivest som skal bygge ut eit nytt TV- og breibandnett med fiber på strekninga Årebrot – Seljestokken – Husefest. Selskapet er i gang med planlegginga, og det er aktuelt med eit folkemøte på Årebrot, som grendalaget skal vere med å arrangere. Det er ikkje fastsett dato for møte enno.

Magni Øvrebotten 14.03.23.