,

Pakkeboks gjeld ikkje her

– Vi fekk innspel frå ein innbyggjar om vi kunne prøve å få til ei ordning med pakkeBOKS for Botnane/Årebrot, slik at privatpersonar og verksemder slapp å reise heilt til Svelgen for å hente pakkar. Vi spurde Posten Norge og fekk til svar at det ikkje var aktuelt å plassere ut pakkeboksar her, fordi vi alt hadde Post i butikk hjå Coop Prix Svelgen! Tilbodet gjeld tydelegvis ikkje her, seier Åsmund Berthelsen, leiar i Botnane og Årebrot grendalag.   

«Pakkeboks gir deg større valgmuligheter og kortere vei til å hente pakker. Nå har vi satt døgnåpne og selvbetjente pakkebokser på 1700 steder i Norge, og framover planlegges det pakkebokser på stadig flere steder», heiter det i eigenreklamen til Posten Norge. Dei har sett ut sjølvbetente pakkeboksar på rundt 1700 stadar i heile Norge og har planar om fleire, heiter det vidare. I praksis er det snakk om postboksar i ulike storleikar som folk kan låse opp med ein kode dei får på mobiltelefonen sin når pakken er levert. Pakkeboksane kostar heller ingenting, står det i reklamen til Posten Norge.

Botnane og Årebrot grendalag såg føre seg ein slik boks på grendahuset i Botnane, for å gjere kvardagslivet enklare for folk som bur og driv verksemd Botnane/Årebrot. Både privatpersonar og næringslivet i området får t.d. delar til diverse reparasjonar gjennom Posten, og i tillegg til den tida det tek med Posten no til dags må dei i tillegg til Svelgen for å hente pakkane. Det er ein time med bil kvar veg frå Årebrot.

«Hyggelig at du ønsker pakkeboks»

Det var prosjektmedarbeidar Kristina Stephansen, i Prosjekt pakkeboks, som svarde på brevet frå leiaren i Botnane og Årebrot grendalag. Ho skriv: «Takk så mye for henvendelsen din vdr pakkeboks fra Posten Norge, så hyggelig at du ønsker pakkeboks. Vi takker for tipset, dette er et område vi dessverre ikke skal utplassere pakkebokser på da vi allerede har Post i butikk hos Coop Prix Svelgen. Ønsker deg en fin dag».

Leiaren for grendalaget svarde at han var skuffa over svaret og håpa at dei kunne sjå på det ein gong til. Han påpeika at det tok tid å hente pakkar i Svelgen, og at ordninga til Posten med pakkeboksar eigna seg godt i område med store avstandar. Men han fekk aldri svar. Slik det ser ut på nettsida til Posten Norge er det i Sogn og Fjordane plassert ein slik pakkeboks i Havreneset i Florø og ein i Hjetlandsbakkane i Høyanger.

Av Magni Øvrebotten 30.03.23.