,

Diskgolfbane i Botnane

 

Onsdag i påskeveka stilte 15 personar på dugnad i Botnane for å spikre og plassere ut 20 utkastrampar til å kaste diskgolf/frisbee/sendebrett frå. Løypa går i beitemarka bak dei to gardane i Øvrebotten og startar bak grendahuset. Der kjem etter kvart opp kart og skilt over løypa, som er tenkt offisielt opna under Bygdehelga 14.-16. juli. Dei som har eigne diskar (sendebrett) kan bruke bana no.

Det er Rune Nordbotten som har vore pådrivar for å få til diskgolfbane i Botnane, svært inspirert av svigersonen Fredrik Espedal, som er gift med eldste dottera Bolette. Ho og Fredrik byrja spele diskgolf under koronaen. Dei vart bitne av basillen og tok spelet med heim til Botnane, der Rune fort vart hekta. – Det er eit spel for alle aldrar, familievenleg og morosamt. Du kjem deg ut i naturen, det krev lite utstyr, og folk kan vere med så sant dei kan ta seg fram i utmark, fortel Fredrik Espedal.

Fredrik Espedal syner døme på diskar eller sendebrett.

I starten rår han dei som vil prøve seg til å bruke ein til to diskar (sendebrett) og auke på til tre, fire og meir etter kvart som dei vert betre og finn ut om dette er noko dei vil drive på med. Det går an å kjøpe nybyrjarsett med tre sendebrett for 200 kroner, men satsar ein meir profft kostar kvart sendebrett det same.

– Sendebretta er laga av plast med ulike eigenskapar og tyngde. Nokon er for å kaste langt, andre for å kaste meir presist. Målet er å treffe korga med færrast mogeleg kast. Avstanden frå plattningen til korga varierer frå 40 til 80 meter, alt etter kor vanskeleg det skal vere, seier Espedal.

– Kva med alle sendebretta som vert liggande i naturen. Det er ikkje nett naturvenleg?

– Nei, det er viktig at folk held styr på bretta sine og leitar opp dei som kjem på avvegar eller set seg fast i greiner og anna som ligg i kasteretninga. Stundom bør ein fare over løypa og plukke med seg brett som har vorte liggande att. Plattningane skal ha ei plastmatte for at folk ikkje skal skli på dei. men det er ikkje av den sorten dei har på fotballbanane, seier Espedal.

Sendebrettløypa i Botnane ligg i beiteområda bak dei to gardane i Øvrebotten. Løypa startar bak grendahuset, går gjennom Hågane, eit stykke opp i skogsvegen til Åsen, vidare til Legene og over elva til Vaulane og Kvia. Sendebrettbana og Diktarstien ser i kvarandre på Legene, men med sopass avstand at dei forhåpentlegvis ikkje kjem i konflikt med kvarandre. Diktarstien er for roleg gange, stille ro og refleksjon, medan sendebrettbana er for konkurranse, leik og spenning.

Tunge tak med 20 utkastrampar lyfta fleire gonger kvar.

Botnane sendebrettløype

Leitar ein opp diskgolf eller frisbee-golf på Google får ein greie på at det offisielle internasjonale namnet er Disc Golf. I Norge kalla både Frisbee-golf, Disc golf og Diskgolf. Google har ikkje fått med seg det gode namnet på Solund Sendebrettlaug, Noregs vestlegaste kastarar. Kanskje er her inspirasjon å hente til eit norsk namn, som Botnane sendebrettlag, Botnane sendebrettløype, osv. Det er Botnane og Årebrot grendalag som kjem til å stå som eigar av løypa, og korgene får gul krage med grendalaget sin BÅG-logo på.

– Vi vurderer å plassere nokre sett med diskar i ein kasse der vi set opp kart og skilt om bana bak grendahuset, til bruk for dei som ikkje har eigne sett og har lyst til å prøve seg. Men skal det fungere føreset det at diskane vert lagt attende i kassen etter bruk. Elles må dei som skal spele ha med seg eigne diskar, seier Rune Nordbotten. Totalt gjekk det med to tonn plank og 2600 skruar for å lage dei 20 utkastrampane, som vart løfta med handemakt mange gonger før dei var på plass i sendebrettløypa!

 

Ein stor og ein mindre traktor måtte til for å frakte dei 20 utkastrampane

Magni Øvrebotten 05.04.23.