,

Finn ei spesiell ro i Botnane

Astrid-Marie Sørbotten flytta til Botnane med foreldra Solbjørg og Åge, og broren Bernt, i 1982. Ho var seks år gamal og broren tre år yngre. Det var berre dei to ungane frå starten av. No bur to av syskena hennar i Botnane og sjølv har ho lyst til å kome seg heimatt før ho vert pensjonist. – Eg får ei heilt spesiell ro i Botnane og reiser heim så ofte eg kan, seier Astrid-Marie Sørbotten, som bur i Grimstad saman med yngste dottera Sarah Emilie. Den eldste, Maria Angelica, studerer i Bergen.  

Astrid-Marie Sørbotten med diktet «Ved fjøre sjø» på Flotholmen i bakgrunnen.
Foto: Magni Øvrebotten.

– Eg hadde masse vener i Florø og fekk meg ein hund, Pluto, då vi flytta hit. Det var veldig stas. Eg hugsar det som kjekt å bu i Botnane, aldri trist. Etter kvart fekk Bernt og eg ein bror og ei syster, Jan-Åge og Linn-Kristin, og det kom fleire andre ungar i bygda.

– Kva gjer at du og syskena dine er så knytte til Botnane?

– Ja, to av fire sysken bur her og vi andre kjem heim så ofte vi kan. Eg reiser ikkje til Syden på ferie, eg reiser heim til Botnane. Når eg ser på Facebook at alle er heime og mamma lagar middag, då kjenner eg på heimlengten. Eg bur ti minutt frå Arendal og 20 minutt frå Kristiansand, med massevis av tilbod. Det er ein stor kontrast til her. Men det er Botnane og familien min eg saknar; å gå på Opnaren, rusle i fjøra og nyte sjølufta, kjenne på roa, vinden og veret.

Men ho er rask med å legge til at ho skjønar at det ikkje er berre enkelt å bu her med barn og jobb utanbygds. – Eg har stor respekt for syster mi og mannen, med tre born, som må til Florø når dei skal i barnehage og på skule. Det er ikkje enkelt å få alt til å gå opp med få buss- og båtruter og langt å køyre. Skal ein bu i Botnane må ein ville det, trur eg, seier Astrid-Marie Sørbotten.

Sjølv har ho framleis ei von om å busette seg i Botnane før ho er pensjonist. Ho trur det er mykje i uttrykket om at alle omvegar er ein veg heim. Astrid-Marie arbeider som kurs- og konferansevert på eit strandhotell i Grimstad. – Eg likar å prate med folk. Det har eg alltid gjort, ler ho.

Jan-Magnus Bruheim budde i Botnane frå 1978-1985. Her er han saman med Astrid-Marie og Bernt Sørbotten på avskjedsfesten 3. november 1985. Foto: Åsmund Berthelsen.

– Likte roa til Bruheimen

Samtalen med Astrid-Marie føregår medan vi går Diktarstien i Botnane saman i påska. Ho minnest Jan-Magnus Bruheim med glede. Han var som ein ven å vitje for henne. Ho sykla frå Sørbotten og inn til skulehuset i Øvrebotten, trur knapt ho sa frå heime at ho for.  – Eg likte roa hans. Han var ein veldig roleg mann. Eg var der mange gonger. Han vart alltid så glad når eg kom, eg kjende meg veldig velkomen. Eg fekk saft og kjeks og han prata med meg. Sjølv om han sat og skreiv fekk eg aldri kjensla av at det var noko problem at eg kom. Eg fekk bøker å sjå og lese i, medan han skreiv vidare.

– Du kjende deg verdsett?

– Ja, absolutt. Vi var ofte ute bak skulehuset. Der hadde han ein stol han sat i og eg leika kring den store steinen (Huldresteinen) i enden av skuleplassen. Eg prata nok min del, og han nikka og smilte. Jan-Magnus var ein veldig kjekk mann.

– Han hadde vel det vi kallar «barnetekke»?

– Ja, han hadde absolutt det. Han hadde respekt også for ungar. Når eg fekk besøk av dei «store» søskenbarna mine, Wenche og Monika, hadde eg ein ven å vise fram, slik dei viste meg sine vener når eg var på besøk hjå dei. Eg tok dei med til Jan-Magnus, det var heilt naturleg. Trur dei òg fekk bøker av han. Eg fekk bøkene hans til sommar, påske og jul, alle signerte.

Søskenbarnet Monika og Astrid-Marie på besøk hjå Jan-Magnus i skulehuset.
Foto: Privat.

  Bøkene Astrid-Marie fekk var signerte. Foto: Privat.

– Har du noko yndlingsdikt av Bruheim?

– Ja, eg har fleire. Eg likar betre og betre diktet «Tri grannar», som heng på klokketårn-veggen  på gravstaden i Botnane. Men skal eg velge eitt dikt er det «Ein raring»:

EIN RARING

Han er ikkje rik
på pengar og jord,
men gler seg ved alt,
som lever og gror.

Ikkje eig han sauer
og hestar og kyr,
men ingen er meir
glad i dyr.

Ikkje har han fjernsyn
og hytte og bil,
men møter deg likevel
med ein smil.

Så er han vel fattig
vår gode mann?
Nei! Ingen er meir
rik enn han.

Når andre spring
og krev meir og meir
og sankar ting
til sitt eige reir –

sit han og ser
frå ei solblå høgd:
at den er rik
som er glad og nøgd.

Fleire vaksne vener

Det var ikkje berre Jan-Magnus Bruheim Astrid-Marie vitja ofte. I nabolaget i Sørbotten budde det to barnlause ektepar, som hadde godt lag med og sette stor pris på besøk av ungar. – Eg var mykje hjå Valla (Valborg) og Ragnvald i Posten og Jenny og Kåre i Kvia. Kjende meg velkomen der også, berre eg ikkje kom klokka 12.00. Då sov dei middag og skulle ikkje forstyrrast. Elles måtte eg berre kome. Når borna mine og andre spør kva eg gjorde på som unge så er ofte svaret at eg «hoppa på steinar». Eg og Bernt kunne drive i det uendelege med å hoppe på steinar i Vikja, der med fyret. Det var god balansetrening, for å seie det slik. Og vi snudde på steinar, det var alltid spennande å sjå kva småkryp som var under dei. Det fengar framleis ungar, merkar eg. Når eg framleis hoppar på steinar i Vikja er det lukta av barndom som slår mot meg, seier Astrid-Marie Sørbotten.

Les også intervjuet med Solbjørg og Åge Sørbotten, foreldra til Astrid-Marie, frå tidlegare i år. Om «Besta og Besten i Runnane».

Magni Øvrebotten 21.4.23.