,

Drøymer om eit nasjonalt steingardprosjekt

Haakon Aase ser over den nymura bakkemuren i Botnane i august.

Gråsteinsmuraren Haakon Aase har drive med kurs i turrmuring i 20 år, men veit ikkje kor mange han har lært opp. – Det har blitt ein del, seier han med eit nøgd smil. Tre-fire av dei held kurs og fleire har skapt seg levebrød med turrmuring, og så håpar han at mange driv med muring sjølve, anten som hobby eller yrke. Det byrja som eit prosjekt i regi av Norsk handverksutvikling, på Lillehammer. Målet var å få ein person sysselsett med muring. Det vart meir enn vellukka, no heiter det Norsk Håndverksinstitutt og driv kurs i mange handverk. Men 74-åringen har ikkje slutta å drøyme, han vil så gjerne ha i gong eit nasjonalt prosjekt for steingardar.

Denne draumen deler han med byantikvaren i Kristiansand, Jorunn Monrad. Dei ser føre seg ekstra innsats på nokre plassar der det er interesse for steingardar og muring, og der det har vore kurs. Meir konkret er det ikkje enno.

– Kva legg du i «ekstra innsats»?

– Då tenkjer vi på midlar til vedlikehald av eksisterande steingardar og tilskot for å kome i gong med t.d. kurs, slik at kunnskapen spreier seg der steingardane er. For å halde steingardane i hevd må du sjå verdien i dei, og ha evne og vilje til å halde dei ved like. Dei er ein viktig del av kulturlandskapet og historia vår.

– Kva forventar du at vi får utav dei to kursa i turrmuring i Botnane?

– Det var to kurs med veldig flittige og lærevillige folk. Vi fekk gjort mykje på to arbeidsdagar per kurs. Eg håpar deltakarane føler at dei har lært nok til å mure vidare sjølve, og at dei kan hjelpast åt med å vøle steingardar som treng det. Den største aha-opplevinga for fleire var at de kan bruke den steinen de har og tilpasse han muren de skal bygge eller vøle. Og i Botnane har de både steingardar og stein nok.

– Steingardar finst over heile landet, men steinrike bygder som Botnane/Årebrot har særleg mange,og vi er få til å halde dei ved like. Kurs kostar og det er ikkje lett å få tilskot til kurs og oppattbygging. Då kan slikt kulturarbeid bli for tungt for små bygder?

– Ja, det er ofte slik. Det er mellom anna dette eg fablar om at eit nasjonalt prosjekt kan vere til hjelp og skape ringverknadar for. Det finst ein del tilskot å få alt no, men ein skal kjenne til dei og det er mange om beinet, seier Aase

Haakon Aase er sjølv aktivt med i muringa på kursa han held. Her med den oppattmura steingarden mellom to gardstun i Sletten, som var oppgåva til den andre murekurset i Botnane.

«Kongemurarane» var læremeistrar

Haakon Aase hugsar ikkje kva som gjorde han oppteken av stein og murar. Men han har putla på med stein frå han var liten. Far hans mura litt, men sonen var ikkje med. Interessa kom meir og meir etter kvart som han vart vaksen, og eit kurs med Birger og Arvid Reigstad midt på 1990-talet vart viktig. Dei arbeidde som forskalingssnikkarar i Vegvesenet, der bruken av naturstein tok slutt på 1950-talet. I 30 år var det betong som galdt fram til ing. J. Sørensen i Vegvesenet kom på å ta i bruk att turrmuring i vegbygginga, fordi det var både rimelegare og vakrare. Brødrene Reigstad mura eit prøveprosjekt ved Handelshøgskulen i Bergen som slo godt an. Dei vart seinare hyra inn av Kongen til å mure på sommarhytta hans og fekk tilnamnet «Kongemurarane».

– Det at Vegvesenet tok i bruk turrmuren att har heva interessa mykje. No har bruken av naturstein i veganlegg nærmast eksplodert. Det kan stundom bli i meste laget.

– Kva meiner du med det?

– Jau, kvantitet kan gå på kostnad av kvalitet nokre gonger og somme stader. Presset har auka for å produsere flest mogeleg kvadratmeter på kortast mogeleg tid, og vi ser at det stundom går ut over det faglege, seier Aase.  Han meiner mange veganlegg i dag er for store og fører med seg altfor store inngrep i natur- og kulturlandskapet, og at dette heng saman med kvadratmeterkravet. Og det er meir han ikkje tykkjer om:

– I ein del byggefelt, og på private og heil- og halvoffentlege uteområde ser ein diverre svært mykje dårleg og stygg muring. Det skortar mykje på fagkunnskapen hjå ein del entrepenørar og utbyggjarar, seier han med ettertrykk. Likevel kjenner han seg trygg på at handverket turrmuring kjem til å overleve. Der er han optimist.

– Steingardane er eit umåteleg viktig innslag i kulturlandskapet vårt. Dei fortel oss korleis samfunnet var og korleis jordbruket har utvikla seg. Og ikkje minst fortel dei om ein kolossal innsats for matproduksjonen i landet. Dessutan er dei vakre. Generelt er eg meir oppteken av å ta vare på steingardar og bygningar av stein enn av å bygge nye.

– Kva med at mange steingardar var vorte rivne fram gjennom åra?

– Å, ja, det skjer framleis det. At ein tek ned steingardar for å få betre plass. Men det er fleire som vil ta vare på dei no, sjølv om motkreftene er der framleis. Dei du veit som meiner at det er berre å rive «den gamle driten» og få opp noko nytt og moderne. Men dei siste åra har det kome med ein god del yngre menneske på kursa mine. Dei er opptekne av og vil lære tradisjonshandverket, seier Aase, som også kan glede seg over fleire kvinner på kursa. – På dei to siste kursa eg har hatt, på Voss og i Botnane, var det flest kvinner. Det skjer stadig oftare. Vi er i ferd med å få bukt med myten om at muring er tungt mannfolkarbeid. Det gjeld mest å lære seg teknikkar ein kan handtere både steinen og slegga med.

Parti av den lange steingarden mellom to gardar i Nordbotten. Ein av mange flotte steingardar i Botnane, dei fleste mura på 1880-90-talet, etter jordskifte mellom gardane.

Fleire steingardar kring Storrøysa i Sørbotten, den fremste går frå vegen og heilt ned til sjøen. Ein av dei steingardane som vart kutta tvert av ved vegen for å oppfylle Vegvesenet sitt krav til avstand mellom steingard og veg.

Steingardane er ikkje freda

– Har vi lov til å rive ned steingardar?

– Steingardane er ikkje freda, sjølv om mange trur det. Men i mange kommunar er dei omfatta av sokalla omsynssoner, som seier at dei er verd å ta vare på. Steingardane har nytteverdi den dag i dag, ikkje berre som eit godt syn for auga. Dei er effektive gjerde for beitedyr og hagebruk, sjølv om ein nokon stader må sette eit gjerde på toppen av dei for å halde ute dei dyra som hoppar høgast. Å gjerde inn ein grønsakhage med steingjerde skaper ein eigen biotop for grønsak- og bærdyrking, som har blitt så populær dei seinare åra.

– Kan alle lære seg å mure?

– Ja, du skal vere ein bra treneve for å ikkje lære det, men du må ha rettleiing og trening. Vi er ulike personlegdommar også når vi murar. Nokon vil ha det fort gjort, andre likar å bearbeide steinen, andre tykkjer det er greit med hol i muren, andre vil ha tetta dei. Når fleire murar i lag kan det vere artig å sjå korleis dei finn ut av det i lag, eller ikkje gjer det. Når ein finn utav det er det eit kjekt lagarbeid å mure i lag med fleire.

– Korleis tek vi vare på ein steingard?

– Det er alltid eit visst behov for vedlikehald, og muren kan vere godt mura og mindre godt mura mura frå fyrst av. Dei kan dessutan vere mura på lite solid grunn, og dei er i rørsle og det ramlar ut stein. Før var det vanleg å sjå over steingardane om våren. Byrjar dei fyrst å rase ut aukar det på med forfallet, det er viktig å få teke det i tide. Å renske dei for mose og tre før det får sett seg fast er også nyttig. Høgt gras, kratt og skog bør ikkje få ta over rundt dei, for då vert dei lettare skadde og syner ikkje så godt i kulturlandskapet som dei fortener, seier Haakon Aase.

 

At denne steingarden framleis stå er mest vanskeleg å skjøne. Stadig vaska av floa og delvis bygd på hole berget. Ligg på spissen av Skjerven, rett sør om fiskeanlegget, i den sokalla Timbrevikja. Ein ser han best frå vegen rett sør om brua over Søre elva i Øvrebotten.

 

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 27. september 2023.

 

Om du vil vite meir om steingardar og muring:

Sjå Riksantikvaren si nettside www.riksantikvaren.no og Espen Martinsen sin artikkel «Gamle steingjerder»

Og boka «Mur, far og dotter». Kjersti Aase Winjum si bok om å lære muring av Haakon Aase. Skald Forlag 2022.