,

To vellukka murekurs i Botnane

Kursdeltakarane 14.-16 sept. : Framme frå venstre: Kjersti Straume-Sande, Heidi Yttrehus, grunneigar Ingrid Bruflot og kursleiar Haakon Aase. Rad 2: Sigbjørn Holsen, Anita Aase Heimtun, Signe Viksøy Sande, Frode Øvrebotten, Asgeir Holsen, Randi Hatlem og Øyvind Heimtun.  

– Eg trur jammen eg har fått meg ein ny hobby. No gjeld det berre å halde fram der vi slutta. Slik oppsummerte Kjersti Straume-Sande det andre kurset i turrmuring som tok ned og mura oppatt ein steingard mellom hennar gardstun og naboen sitt. Det var også ho som føreslo for grendalaget at det skulle få til murekurs med Haakon Aase, den kjende gråsteins-muraren frå hennar heimtrakter på strilelandet. Det var så stor interesse for kursa at grendalaget bestemte seg for å arrangere to kurs i turrmuring, med til saman 18 deltakarar, ti menn og åtte kvinner. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjersti Straume-Sande er klar til å mure vidare på steingarden i Sletten.  Grunneigar Ingrid Bruflot heldt kursdeltakarane med sveler, skillingsbollar og kaffi. 

I området til Botnane og Årebrot grendalag er det mange steingardar og dei fleste er frå 1880-90-åra då det var utskifting og gardane gjekk frå ei bot her og ei der, til meir samla jordstykke. Det må ha vore dyktige murarar her sidan steingardane stort sett står, men med ein del utrasa sår. Og Vegvesenet sitt krav om ein viss avstand til vegen gjorde at mange av dei er øydelagde i den berande enden. Vona til grendalaget er at kursinga skal gjere folk interesserte i og i stand til å bygge dei oppatt der det trengst. Og kanskje kan det bli nokre arbeidslag utav dei som går kurs i lag og kan hjelpast åt med murar som treng vøling? Det er eit kjekt lagarbeid.

 Kursdeltakarane tok ned og mura oppatt 2/3 av denne steingarden. Foto: Magni Øvrebotten.

Kursa til Haakon Aase starta med eit par timar med teori der vi lærde om kistemurar, band, tverrband, bandtjuvar og fleire andre faguttrykk vi prøvde å halde styr på. Og om bøgardane som slyngar seg etter terrenget og kan vere utgamle, medan skiljegardane er heilt rette på begge sider og markerer skiljet mellom to gardar. – Det er ufatteleg kva arbeid som er lagt ned her i landet for å rydde landbruksmark, seier Haakon Aase, og legg ikkje skjul på at han tykkjer murane vert tekne for lite vare på. – Mange stader har dei ikkje vore vatn verdt, sjølv om dei er ein del av kulturarven og kulturlandskapet vårt, sa han og synte til Skottland som har eit betydeleg høgare nivå på vedlikehaldet av steingardane enn her til lands. Men respekta har auka også i Norge, meiner Aase.

Kursdeltakarane på kurset 17.-19. august: Frå venstre: Åge Sørbotten, Bjarte Haaøy Nes, Trond Amland, Sunniva Sørbotten, Haakon Aase, Kristian Øvrebotten og Torbjørn Øvrebotten.

Haakon Aase sine kurs i turrmuring byggjer på prinsippet om å lære-med-å-gjere-det og han er sjølv aktivt med i arbeidet. Kvart kurs er to heile arbeidsdagar og steinen er den området har å by på. I Botnane er det mest devonsk sandstein, ei hard bergart, henta frå ei steinur Torbjørn Øvrebotten eig. Han og Åge Sørbotten plukka ut og køyrde til stein. Vi skulle lære å mure med alt slags stein og formasjonar og trudde knapt det var mogeleg då fyrste kurset byrja på ein bakkemur i Øvrebotten. Den muren skal hyse tur- og historie-skilt. Ein bakkemur har berre ei framside, men det er viktig å legge fyllmassen bak for hand, med passeleg stor sein.  – Det viktigaste i muren er det du ikkje kan sjå. Svært viktig korleis bakfyllet er lagt, det er ikkje berre å hive oppi noko rusk, formante Haakon Aase. Vert det synda der rasar muren lett ut og ein er like langt.

Ferdig bakkemur som skal brukast til diverse skilt om turar og historie.

– Det beste med dette kurset er at eg har lært at eg kan bruke den steinen eg har rundt om på garden, eg treng ikkje fare rundt å leite etter høveleg stein. Den kan eg forme til sjølv, sa Bjarte Haaøy Nes i oppsummeringa av fyrste kurset 17.-19. august, nokre av dei varmaste dagane i heile sommar. Det var åtte deltakarar på dette kurset og røynsla var at muren godt kunne vore lenger for så mykje arbeidsfolk.

Toppen av steingarden i Sletten. Foto: Kjersti Straume-Sande. 

Det andre kurset, 14.-16. september, hadde ein lang steingard til rådvelde, der vi kunne mure frå tre kantar og begge sidene skulle ta seg godt ut. Trong vi meir arbeid var det berre å ta ned meir av muren. Han ligg mellom to gardstun i Sletten og grunneigar Ingrid Bruflot fann ut at den opphavlege muren var 140 år gamal. Ho heldt murelaget med nysteikte sveler og skillingsbollar, noko som overskugga litt regn siste kursdagen.

– Snu steinen sju gonger til han til slutt hakar seg fast, var eitt av råda vi fekk røyne sanninga i då vi her mura med både rullestein, heller og svære beist av nokon steinar, som vi måtte bruke sliskar for å få oppi muren. På dette kurset var det fleirtal med kvinner og Haakon Aase lurer på om det held på å bli ein «trend». – Kurset i Botnane er andre kurset på rad der det har vore flest kvinner. Kanskje er det rett før det vert i turrmuringsfaget som i legestanden, at kvinnene tek over! Mange trur at det er så tungt å mure at det ikkje er for kvinner. Det stemmer ikkje. Det gjeld for alle å lære seg teknikkar for å få steinen på plass, meiner Haakon Aase, som var svært nøgd med arbeidsinnsatsen på begge kursa i Botnane.

Ferdig mur og godt med stein til vidare muring. Foto: Kjersti Straume-Sande

 

Tekst: Magni Øvrebotten, som var med på begge kursa. August/september 2023.