,

Frå Aulestad til Støylen

 Kari og Asgeir framfor husa på Aulestad, der Kari vaks opp. Foto: Privat

Kari Brun Ågotnes vaks opp på Aulestad, i drengestova på garden til Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson. Kari var fem år då familien flytta til Gausdal i 1975. Far hennar, Jakob Ågotnes, var konservator på Maihaugen på Lillehammer, med ansvar for Aulestad. Det er ein stor kontrast til småbruket Støylen i Botnane, som mannen hennar, Asgeir Øvrebotten, arva etter far sin Jon. – Her finn vi roa. Å sitte her og sjå utover sjøen, høyre på fuglesongen og nyte stilla gjer godt. Vi er her så ofte vi kan og kanskje er det her vi endar opp som pensjonistar, kven veit? seier Kari entusiastisk. Asgeir seier minst mogeleg, for det er kona som skal intervjuast no.  

 Asgeir og Kari framfor huset på Støylen i Botnane, småbruket Asgeir arva etter far sin. Foto: Magni Øvrebotten.

– Det å vekse opp på Aulestad gav meg interesse for ord, språk, kultur og musikk. Kanskje kan eg samanfatte det i kultur og historie. Det var spennande å gå i romma på Aulestad og sjå all kunsten som hang der, høyre historiene som knytte seg til folka og staden og å gå på små intimkonsertar i dei mange stovene. Den fyrste kassetten eg fekk var av Paganini, og eg fekk han av far og mor fordi eg var så interessert i klassisk musikk, ler ho.

Før eg rekk å spørje meir om det legg ho til at ho var like glad i gamaldans. Stengård og Midtliens kvartett var frå Gausdal og Kari var aktivt med i gamaldansmiljøet. – Eg elskar å danse og vurderer om eg skal reise til Førde på Landsfestivalen i gamaldans, for å få danse. Som lita jente dansa ho hovudrolla i den fyrste gamaldansvideoen i Norge. – Den ligg på YouTube og heiter «Å, hei er`e du?» legg Asgeir hjelpsamt til.

Sjølv meiner Kari at ho lærde seg formidlarrolla på Aulestad. Korleis fortelje om Bjørnson på ein levande måte, og ha noko meir å fortelje enn at han var kvinnfolkgalen og historia «Hopp Karoline». Dei var så mykje meir, begge to, og Karoline levde lenge etter at han døydde i 1910. For sjølvsagt var Kari omvisar på Aulestad, og det som i si tid var jenterommet hennar er no kontor for omvisarane. Drengestova har blitt kafe og bilettutsal på Aulestad.

– Hadde inga hast med å bli vaksen

Kari var 22 år gamal då mor hennar, Ingrid, fekk kreft og døydde i løpet av 4.-5.månadar i 1992. – Vi var ikkje budde på det nokon. Eg er yngst av tre sysken, har to eldre brør, og fram til mor mi vart sjuk hadde eg ikkje hatt noko hast med å bli vaksen. Eg studerte litt her og der, men var mest skilærar. Dreiv med det i to år, på Skeikampen, Hafjell og Kvitfjell, og likte det veldig godt.

Skilærar Kari i bunad i American Ski Magazine i 1992, i ein førehandsreportasje om OL på Lillehammer i 1994. 

– Men då mor di døydde tok du fatt på studiane?

– Ja, mor mi hadde vore tysklærar og hausten etter at ho døydde reiste eg til Tyskland for å lære meg tysk. Og eg la jentenamnet hennar, Brun, til i namnet mitt. Vel heime att byrja eg på Høgskulen på Elverum, på den då nye utdanninga kommunikasjon- og samfunnskontakt. Der var eg i to år før eg tok ein BA i kommunikasjon ved Universitetet i Edinburgh, fortel Kari Brun Ågotnes. Ho likte å studere i utlandet og i 2000 tok ho Mastergrad i kommunikasjon i Australia.

Kari er oppteken av at kommunikasjon er eit fag, som diverre mange blandar saman med journalistikk, meiner ho. – Innan kommunikasjon driv vi ikkje og grev etter skandalar eller spring etter folk på gata med mobilkamera. Kommunikasjon er å skrive om saker og emne slik at dei vert skjønelege også for dei som ikkje er fagfolk på området. Vi skriv, forenklar og kortar ned på til dømes lange utgreiingar og rapportar, og i Oslo er det mange av oss som er informasjonsfolk i ulike verksemder og offentleg forvalting, seier Kari. I dei 25 åra ho budde der var det ikkje vanskeleg å få kommunikasjonsjobbar, men i Florø og Førde har ho opplevd det som uråd.

– Der tilset dei berre journalistar frå NRK eller Firda. Det er som om kommunikasjon ikkje er eit fag her, seier Kari, som sjølv måtte til Bergen for å få arbeide med faget sitt, som seniorrådgjevar i Skattetaten. Dette emnet skal vi kome attende til, men fyrst må vi få på plass korleis Kari Brun Ågotnes frå Gausdal og Asgeir Øvrebotten, frå Florø, vart eit par, då ho var 43 og han 49. Om nokre månader er det ti år sidan.

 

 Sommar i Botnane. Foto: Privat

Kari kom for seint til fyrste møte

Eldste bror til Kari gifta seg med ei dame frå Førde og den andre med ei frå Hellessylt. – Då måtte eg finne meg ein vestlending eg óg. Etter mykje vegring gjekk eg på nettet for å finne «den rette». Eg var livredd, kva kunne eg ikkje rote meg borti der?

Asgeir fortel at dei møttes på sjekkestaden Sukker.no, som er for folk som er ute etter meir seriøse forhold. – Kari kom for seint til fyrste møte og orsaka seg med at ho hadde vore på eit møte i Stortinget. Ja, ja, tenkte eg.

– Det var no sant, skyt ho inn, men vedgår at ho var redd for å rote seg borti ein galning. I løpet av samtalen kom det fram at Asgeir hadde jobba i Marokko saman med ein ho kjende. Dermed fekk Kari høve til å sjekke ut kva type Asgeir var, og kameraten gav Asgeir gode skussmål og lova Kari at «Det blir mykje latter og synging med den karen». Og det har det blitt, slår ho fast. Asgeir flytta inn til henne etter tre dagar.

– Etter nokre månader kjøpte vi oss leilegheit på Montebello og det tok eit halvt år før vi våga seie det til nokon. Når folk spurde kvar vi budde sa vi at vi budde «mellom Smestad og Røa». Vi drog ned gjennomsnittsalderen på Montebello med 70 år og aldri i livet har eg sett og opplevd mykje spesielle folk. Men også veldig fine folk, seier Asgeir. Naboen tykte det var rart at dei hadde berre ein bil, han hadde fem! Dei dreg opp eit persongalleri ein ikkje trur finst, sjølv om mange av oss hugsar komikaren Trond Kirkvaag sine mange Montebello-sketsjar om overklassen på Ullern i Oslo.

 

Kari Brun Ågotnes sa opp ein godt betalt jobb i Oslo og flytta til Florø. Foto: Magni Øvrebotten.

Gamaldags syn på kvinner

Asgeir flytta attende til Florø i 2016 som avdelingsleiar i NorSea Group, på basen. Han pendla mellom Florø og Oslo til 2019, då Kari også flytta til Florø. – Eg flytta etter 25 år i Oslo og følte meg heilt crazy som gjorde det. Eg sa opp ein godt betalt jobb i Oslo og fekk meg ny jobb i Florø. Der var eg ein av tre personar som vart tilsette i august eine året og sagt opp i mai året etterpå. Det var heilt surrealistisk. Då kan du tru eg angra på at eg hadde flytta, og betre vart det ikkje når eg søkte og søkte på jobbar eg kjende meg kvalifisert for, men ikkje fekk.

– Kvifor fekk du dei ikkje?

– Det er ikkje godt for meg å svare på det. Men eg opplever eit meir gamaldags syn på kvinner her enn eg var van med i Oslo. Eller kva seier du til at ein eldre hovudjeger spør meg om kvifor eg ikkje har barn? Når eg seier at det ikkje har noko med jobben å gjere så står han på sitt og krev eit svar på det. Eg opplever også at her er mange reine karamiljø i ulike maktposisjonar. Det er slikt vi trur det er slutt på, men her leve dei i beste velgåande og dei tilset folk dei kjenner og likar. Helst menn.

– Angrar du framleis på at du flytta frå Oslo?

– Nei, ikkje no lenger, men tida frå då jobben forsvant over natta i Florø til eg fekk ny i Skatteetaten i Bergen var tung. Eg hadde mitt eige føretak og du tener ofte best når du er innleigd på konkrete prosjekt, men eg likar meg best i eit arbeidsmiljø.

– De er attende til pendlinga?

– Ja, vi har leilegheit på hamna i Florø og eg har i Bergen. Vi byter på å reise til kvarandre i helgane, og dreg ofte på turar både i inn- og utland. Far min flytta attende til Sotra i 1997 og no er han ein eldre mann. Frå hausten av skal eg bu hjå han når eg er i Bergen.

Tunet på Støylen i Nordbotten. Foto: Magni Øvrebotten

Støylen har blitt meir heime

– Støylen og Botnane har vorte meir heime for meg etter at begge foreldra mine er døde og eg selde barndomsheimen i Florø, seier Asgeir. Han er einebarn og var mykje med foreldra Jorunn og Jon Øvrebotten til Botnane då han var barn. Her hadde han to jamaldra leikekameratar, Rune (Nordbotten) og Leif Helge (Sande) og var gjerne med hit. Når Asgeir vart eldre var det å vere med på hjortejakta, og det er er han framleis. Begge foreldra hans arbeidde på skipsverftet Ankerløkken i Florø.

– Far min var svært glad i heimbygda Botnane og eg er veldig takknemleg for at han pussa opp og bygde på huset her på Støylen, bygde molo, ja, la til rette for å bu her. Han skulle til å nyte det då han fekk slag i 2009 og døydde ei veke før han var 80 år, i 2010. Mor mi døydde i fjor.

– Kva forhold har du til Støylen, Kari?

– Eg likar med godt her. Her finn vi roa, og for oss som pendlar og reiser mykje er det godt å kunne lande her med jamne mellomrom. Sitte og sjå utover sjøen, høyre på fuglesongen og nyte stilla gjer godt. Vi er her så ofte vi kan og kanskje er det her vi endar opp som pensjonistar, kven veit? seier Kari.

Dei nyt høve dei har til å reise mykje og oppleve verda. Konsertar og teater står ofte på programmet. Kari har vore styremedlem i Opera Norge i to år (samanslutting for alle som driv med opera her i landet), eit verv som har gjeve henne mange operaopplevingar, og Asgeir er med. – Kari styrer med alt som skjer på ei scene og dreg oss med på det, seier Asgeir. Snart skal dei til Operaen i Budapest og neste år skal dei feire Asgeir sin 60-årsdag, 4. juli, i New York.

Kari i løyper med puddersnø på Støylen i 2021. Foto: Privat

– Men det er lite å gjere for ein skiinstruktør i Botnane, Kari?

– Ja, nei, skigåing er det lite med. Men vi har eit fantastisk minne frå korona-tida, trur det var vinteren 2021. Då var det ganske mykje snø her til Botnane å vere. Nabo Rune laga ei  skiløype som strekte seg over fleire gardar og vi og familien hans gjekk rundt og rund, og rende i puddersnø ned bakken frå huset til Elisabeth og Rune. Det var skikkeleg puddersnø! Eg var så begeistra at eg sende bilete til brørne mine, som også er skiinstruktørar, og samanlikna puddersnøen i Botnane med snøforholda vi tre hadde hatt på puddersø i Canada. Og eg meinte det! seier Kari Brun Ågotnes.

Intervjuar  Magni Øvrebotten 31. juli 2023.