,

To høvesdiktarar og dikt om Ragnvald

Av Magni Øvrebotten 01.01.2024.


11.12.1993: Ragnvald Sørbotten lyfter opp landgangen til ferja for siste gong. Tida hans som ekspeditør var over den dagen det kom veg frå Sørgulen til Botnane og ferja slutta å gå. Foto: Arne Øvrebotten.

I haugane med papir om kampen for veg til Botnane og Årebrot dukka det opp eit hyllingsdikt til Ragnvald Sørbotten (1924-2014), som mor mi, Sigrid Øvrebotten (1921-2012), skreiv i høve opninga av vegen Sagebø-Botnane 11.12.1993. Same dagen slutta ferja å gå og Ragnvald sitt lange arbeidsliv som ekspeditør på kaia i Botnane var over. I ei utklyppsbok etter mor mi fann eg også ein prolog Knut Gulestø (1930-2008) skreiv til Ragnvald sin 80-årsdag i 2004. I sin generasjon var Sigrid Øvrebotten og Knut Gulestø høvesdiktarane i Botnane. Dei skreiv songar, dikt og prologar til alt frå 17. mai, basarar, juletrefestar og merkedagar. Her har vi to døme, begge om Ragnvald i Posten, som vi kalla han.

Hyllingsdiktet til Ragnvald frå 1993 fortel med ord det same som Sigrid Øvrebotten teikna og vov i dobbeltveven til Ragnvald sin 50-årsdag. Den veven heng no i forsamlingslokalet i Botnane grendahus, som eit minne om alt-mogeleg-mannen Ragnvald Sørbotten og Botnane i hans tid. Mamma og Ragnvald budde begge på Svelgen omsorgssenter mot slutten av livet. Ein gong vi møttest til kaffi, og snakka om gamle dagar, spurde mamma Ragnvald kva som ville skje med dette teppet når dei begge var ute av tida? Han hadde ikkje tenkt på det, men lyste opp når ho føreslo at det kunne henge i grendahuset, som eit minne om både han og bygdelivet i hans tid. Det var eg som fekk i oppdrag å ordne det.

Dobbeltvev-teppet fortel at Ragnvald hadde posten, køyrde mjølkespann, hadde traktor og hjelpte dei som ikkje hadde. Han fira seg ned i fjellet og løyste sauer som hadde gått seg i skorfeste, han var ekspeditør på kaia og stolpeklatrar når lyset var vekke. Traktorkyndig og nevenyttig til det meste, skar klauvene på kyrne og hjelpte til med vanskelege fødslar i fjøset, for både ku og sau. Når snøen la seg i fonner var det Ragnvald og traktoren som heldt vegen open.

Mor mi var flink til å klyppe ut og lime i bøker når det stod noko i avisene om folk og hendingar herifrå. Difor har eg også Knut Gulestø sin prolog, skriven i høve Ragnvald sin 80-årsdag 28. juli 2004. Knut budde i Gulestøa, nord om Botnane, og var lærar i Botnane frå 1958-74. Han skreiv mengdevis med prologar, songar, kåseri og høvesdikt fram gjennom åra. Mange av dei er samla i boka «Berrføtt i tareskog», som borna hans, med hjelp av Grethe Johnsen, gav ut i 2019.

I sin generasjon var det for det meste Knut Gulestø og Sigrid Øvrebotten som stod for songar og prologar i Botnane til ulike høve, som 17. mai, basarar, juletrefestar og merkedagar. Han tok vare på det han skreiv, ho gjorde det ikkje. Det einaste vi har av det er stykka ho skreiv i Bergens Tidende på 1960- og 70-talet, under dekknamnet «Småbrukarkona fortel». Det gav vi ut i bok i 2010.

Hyllingsdikta dei begge skreiv til Ragvald gjev oss høve til også å presentere ein skrivetradisjon som ikkje har halde seg levande etter dei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På vegfesten vart Ragnvald (til venstre) takka for innsatsen frå både bygdefolket, Fylkesbaatane og Sunnfjord meieri. Her er det kaptein Jonvald Kjerpeset, på ferja Førdefjord, som har ordet. Foto: Arne Øvrebotten.

 

 

Hyllest til Ragnvald
11. desember 1993.
Av Sigrid Øvrebotten

I alle år har vi hatt ein kar
som kunne alt – og hjelpte alle
Var bygdas «sørvis» – alt muleg mann:
Han køyrde mjølka, han bora båten,
han sleit på sekkjer og melde frå.
Han reparerte når straumen for
eller traktoren sto «i sju steinar»!
Og attåt var han postmann og dyrlege!

Ring te`an Ragnvald !

Så mang ein kveld –
gjekk vi og vakta på kalvesjuk ku –
«Her er noko gale, kva gjer vi no?»
Ring te `an Ragnvald!
Der står han i døra kvarteret etter –
skjortearmane opp han bretter:
rotar og finn ein fot og ein snute:
«Hal i og dra!» Og kalven er ute!

«Der gjekk lyset!» Huff, detta var trist!
Ring te`an Ragnvald, han veit det visst.
Før var det alltid Ragnvald sitt yrke:
å klatre i stolpar i helg som i vyrke.
Byta sikringar – slå ut og slå inn –
finna feilen – du store min!

Lenge før Botnane fekk seg ei bryggje
sto han i støa og venta ved naust.
Han bora «Sendingen» i storm og styggje,
og stundom gjekk det på livet laust!

No var vi så vane med å sjå han stå der,
ytterst på kaien – venta på ferja.
«Huff for eit ver – kor går dette her?»
Stormen har auka – storbåra herja
Ferja sig innåt og bakkar opp:
Ragnvald hiv trossa og vinkar «stopp!»
Det knakar og skjelv i kai, båt og last,
og folk pustar letta: ferja er fast!

Takk Ragnvald!

Du skulle hatt største medaljen –
du skulle hatt kongens i gull,
i staden får du ei klokke –
Gjev tida di heretter blir full
av gode dagar med helse –
Så framleis vi ringjer til deg
når noko er skeivt eller gale.

Då veit vi det rettar seg!

 

Ragnvald var navet i bygda

For dei som ikkje kjende Ragnvald Sørbotten tek eg sjansen på eit lite samandrag av det som ikkje står i dikta. Begge dikta handlar om Ragnvald som sjølve navet i den veglause bygda. Han alle kunne spørje og få ja frå når det trongst. Eg trur gjerne han kom ubedd når han skjønte at det trongst ei hand. Han lærde tidleg at livet kunne røyne på. Ragnvald var ni år og nummer seks i ein syskenflokk på ti som miste mor si, Aletta, i den fæle drukningsulukka i 1934, som kosta tre menneske livet og gjorde 18 born morlause. Han miste seinare fleire sysken i sjukdom og ulukke.

Mot slutten av andre verdskrig låg Ragnvald i dekning i frykt for å bli kalla inn til arbeidsteneste for tyskarane, og i mars 1945 kom han seg saman med 15 andre over til Shetland med redningsskøyta «Johan Brusgaard». På 50-talet tok han over Posten og garden etter faren Magnus og i 1958 gifta han seg med Valborg Ryland (1917-1988), som oftast kalla Valla. Dei var barnekjære og såg oss ungane, og snakka meir med oss enn vaksne vanlegvis gjorde på den tid. Dei hadde ikkje eigne born og det hugsar eg at eg tykte var gale, så glade og blide som Ragnvald og Valborg var. Det må ha vore eit tungt tap for Ragnvald då Valborg døydde i 1988. Men han var ikkje typen som klaga, han sa vel helst lite om korleis han hadde det og kva han meinte og tykte. Kanskje er det sjølve nøkkelen til å bli navet i ei lita bygd?

 

 

 

 

 

 

 

 

Ragnvald feira både 70- og 80-årsdagen sin i Botnane grendahus. Dette bilete er frå 70-årsdagen i 1994. Til høgre for Ragnvald på bilete sit naboen hans, Oddny Langø. Til venstre  Alisander Aarseth, ein slektning av Ragnvald. Foto: Arne Øvrebotten.

 

Ragnvald Sørbotten 80 år
Prolog av Knut Gulestø 28. juli 2004.

Det bankar ein båt langs fjæra
med mannskap og not om bord
Ei reise i den gamle verda
etter sild i ein Gulenfjord
Ragnvald var med i laget
til rors og som motormann,
men det var i gamle dagar
som få av oss minnast kan.

Det var i sommarøkta
når graset stod moge på bø`n
ei eng måtte også bli røkta
når kara kom heim frå sjø`n.
Det var ikkje traktor med spakar
og forhaustar, slik som no.
Han Ragnvald var arbeidstakar
med sveitte og blankslipt ljå.

Fødslar i fjøset er oftast å sjå
som eit spennande eventyr,
men stundom kan det om livet stå,
og då vert det mykje til styr.
Veglaus var grenda, og milelang ferd
for å finne ein utdanna mann,
men i gåsauge hadde vi veterinær
i han Ragnvald si hjelpande hand,

Etterkvart kom varer og post til lands,
ting vart betre enn før.
Båten og bua skapte litt glans,
og Ragnvald vart ekspeditør.
Skulle det kome eit drygtungt lass,
så kom det ein tilhengar ned,
og Gråtassen køyrde det tunge på plass
så lett som berre det.

No har tankane fare på flog
og nemnt både land og sjø;
men det står att å nemne ei skuff og ein plog
og vintrar med mykje snø.
Kor tok han krefter og tida i frå,
denne Sørbotten-karen vår?
Det var eitkvart støtt å maksle på
i gjennom det heile år.

Han var ein mann som sjeldan sa nei.
Men ja med eit smil til det meste.
Det er godt å få møte ein slik på vår vei
som han vi i dag får gjeste.
Og merk dykk det er ikkje skryt eg skriv,
men biografisk dokumentar.
Slik var han i heile sitt vaksne liv
den støvande kjekke kar.

Så no kjære Ragnvald, er stunda god
når du er gamal og komen på trygd,
å sei det slik at dei orntleg forsto
kva du var for den heile bygd.
Tillukke med dagen, vi vonar du får
ei framtid som enno vert bra,
og kan vare i mange, mange år.
Du fortenar eit trefald hurra.