, ,

Julehandel på 1960-talet

Unni Hatlem (1934) minnest korleis det var å fare til Florø på julehandel på 1960-talet og har skrive ned denne fornøyelege skildringa. Den omtalte rutebåten heitte «Frøydis», med Martin Holmen som skipper og eigar. Og Fridtjov Urdal har laga eit databilete av båten.

Tøff-tøff-tøff, der kjem han Martin! Det er mange som skal vere med han i dag. Fleire på kvart stopp, for det er snart jul. Veiret er ikkje det beste, det er lova både kuling og haglbyger. Begge deler er alt i gang, men ingen bryr seg om det for no skal det gjerast julehandel!

Småhutrande kjem ein seg om bord, det gjer godt å komme ned i den varme lugaren. Han Martin har fyrt godt i dag. Det fylles fort opp på benkane. Eit par bein kjem til syne øverst i trappa, dei tilhøyrer visst han Agnar. Men så forsvinn dei opp igjen, kva er det no? Åh, det er Martin som roper at nokon må styre så han får selt billettar. Stadig fleire kjem ned, er det plass til fleire? Ja, vi flyttar oss saman, så berre kom blir det svara.» Alle skulle vere så smale som meg», seier han Rikkard. «Då hadde det vore plass til mange». Han sit nesten heilt innerst, klemd mellom to damer, men det ser ut som han likar seg. Nei, no er visst alle plassar opptatt.

«Eg kan stå her ved trappa», seier Hilma. Men då sprett Kolbjørn opp; «Sett deg her du, eg kan stå»! Eit par ungar har vagla seg opp i trappa, dei likar seg best der. Men no må dei enten komme seg ned eller holde seg godt fast, vi er komne på Villevika og båten ruller godt. Forbi Odden er det verst, så blir det rolegare att. Inger kjem om bord som sistemann. Like smilande og blid som alltid, endå ho har fått ei stygg haglbyge på seg mens ho venta.

Praten går om laust og fast. Kvinnfolka mest om kva som er unnagjort til jul og kva som står att. Karane klagar over lommebøkene som blir skrapa, veit ikkje om det rekk til juledram også. Aron Saga,mannen frå det nordlegaste stoppet vil også vere med i praten. Men sindige sunnfjordingar får ikkje med seg alt den rappkjefta østlendingen seier. Paul har like godt duppa av trass ståket. Det er vel dei gode øyreklaffane på skinnlua som stenger alle lydar ute. Kjellaug lurer på korleis det går med eggekorga hennar, har nokon sett seg på den? Sett den på ovnen, så får vi speilegg før vi går på land kjem det frå ein av passasjerane.

Men no må vi vel snart vere framme? Vi går gjennom Rotasundet, kjem det frå ungane i trappa. Det blir eit ståk for å finne kvar sine ting. Paraply? Nei, den får ligge igjen. Det bles for mykje for den slags.

Artikkelforfattar Unni Hatlem på ein vellukka fisketur i 1981. Ho var glad i å fiske og kjøpte seg eigen båt til føremålet. Foto: Privat.

 

 

På Meierikaia står ein kjent skikkelse for å ta i mot oss. Han er inntulla i ein tjukk, sid frakk med lua godt ned for øyrene. Sjølsagt er det Nils-en. Han må ned og treffe kjentfolk om været er aldri så surt og han har eit ord til alle. «Kor det går der borte, de er ikkje regna vekk enno»spør han. Det er nok like før, får han til svar. . Men ingen har heilt tid til prat i dag, Det er all verden som skal utførast dei få timane ein er her og overalt er det fullt og vanskeleg å sleppe til.

Det blir springing hit og dit, etterkvart har vi fått med oss det meste vi skulle ha. Det var så vidt det blei tid til ein tur innom Nordals Kafe for å sluke ei svele og ein kopp kaffi. Mat må eiin ha, sjølv om det er aldri rå travelt. Så er klokka blitt så mykje at vi må ned på båten igjen. Lugaren er halvfull av ryggsekkar, poser og esker. Så kjem Martin farande; «Det må i rommet alt dette», seier han og letter opp luka. Saker og ting blir lempa ned, berre småting blir att. Vinden har auka, så vi får nok gynge oss! Inger er heldig som skal tidleg på land. På turen over til Nærøya og tilbake igjen, er det nokre som er blitt nokså bleike om nebbet. Ja, vi liker oss sånn måteleg alle! Det er nokså kjøvande i den overfylte lugaren, med damp av våte klede. Men så tøffer vi inn i det stille Sundet, faren over!

Det blir romslegare etterkvart som fleire går i land. «God jul og takk det samme», blir det ropt. Folk strever med å samle i hop sakene sine, det er vanskeleg å få med seg alt. Margit leiter etter brøda ho hadde kjøpt, ho hadde lagt dei i lugaren. «Det er vel aldri dei som ligg her», seier Sigrun forskrekka, og drar fram ein pakke bak ryggen. Det er nok det, dei er blitt litt flate i eine enden. Ja, ja. Agnes har kjøpt julenek, ho tenker på småfuglane ho. Fleire kjem på ting dei skulle kjøpt, men kven kan huske på alt?

Martin kjem og deler ut nokre pakkar, ein haug med julekort og anna julepost. Alle vesker er fulle, men på eit eller anna vis får alle med seg det som blir utdelt. På kvart stopp var det «God jul» igjen, og båten tøffa vidare. Omsider er Martin åleine igjen. «Det var det, no skal det bli godt å komme heim igjen, ståket er over for denne gong».

Desse bileta er frå 13. august 1966, då «Frøydis» var skyssbåt i bryllaupet til Hildur Kleiven og Per Høidal. Bileta er tekne ved bua til Nikolai Holmen. Bryllaupsbileta er tekne av Harald J. Stavang.

Hildur Høidal har skrive ned namn på dei fleste som er med. Bilete 1: Frå høgre: Asbjørn Gjelsvik, Helge Kleiven, Arvid Stavang, ??, Gunn Gjelsvik, ??, Harald Stavang. Attmed masta Einar Nesbø, til høgre for han Palma og Arnold Rekster, ?. Til venstre for Harald S., Hjalmar Årebrot, meg Hildur Høidal, ?, Oddny Høidal, Hilma Årebrot, Håkon Årebrot, Else Endressen, Odd Hansen, jente Edith Årebrot, bak brura Hatlem, ? Bertil Gjøringbø ved styrehuset ? Doralf Høidal, Lars Frøyen.

Bilete 2: Walter Endressen, Dag Vidar Høidal, Palma Reksten, ?, Asbjørn Jagedal, Harald Rikheim, i regnkåpe Else Endressen, ved styrehuset Jakob Kleiven, Doralf Høidal, Odd Hansen. På land Harald Årebrot, Hjalmar Årebrot, Harald Rikheim, Svein Pettersen, Helge Kleiven og Bjørg Stavang.

Unni Hatlem 14.12.2024.