– Isak var heil ved

Isak Bredvik slik han likte å gå kledd heime. Foto: Privat.
– Isak Bredvik (1905-89) var det vi kallar heil ved, ein gjennomført solid mann. Men han var ein mann av få ord, han fortalde veldig lite om barndommen og ingenting om krigen. Så når du utfordrar meg om å fortelje om Isak må eg basere meg på mi eiga oppleving av han og det eg har blitt fortalt, seier Rune Fromreide. Han eig i dag garden etter Isak i Breivika, saman med syskenbarnet sitt Magnar Skrede. Isak var onkel til mødrene deira, Ingrid og Sigrid Kjørlaug.
Bergensaren Rune Fromreide hugsar somrane i Breivika med glede, fullt av folk og mykje arbeid. Med unntak av ein sommar var han i Breivika og hjelpte til i slåtten frå han var liten gut til det var slutt på gardsdrifta til Isak på 1980-talet. – I min familie var vi fire, hjå tante Sigrid var dei også fire og i onkel Kjell sin familie var det fem personar. Det vart mykje folk på ein gong, og eg trur vi var her i to-tre veker. Kanskje ikkje alle heile tida, men eg hugsar at eg følte meg veldig velkomen og treivst godt. Det var eit ekstra pluss at eg fekk køyre traktor og vere med ut og fiske. Etter kvart som eg vaks til var eg her også åleine med Solveig og Isak.

Rune Fromreide og mor hans Ingrid hesjar i Breivika tidleg på 1980-talet. Foto privat.
– Dei sette pris på hjelpa med å få høyet i hus?
– Ja, dei trong all den hjelp dei kunne få. Fyrst var det berre Isak og syster hans Kristi som var her. Etter kvart gifta Isak seg med Solveig Russøy, frå Batalden, som hadde vore her og stelt mor deira på hennar gamle og sengeliggande dagar. Solveig laga fantastisk god mat, både middag og brødmat, same kor mange vi var til bords. Rømmekollene vi fekk sommarsdagen hugsar eg enno. Far min, Sivert, var ein nevenyttig arbeidskar, og fekk ofte jobben med å felle skog. Elles såg no far kva som trong gjerast og gjorde det.
– Korleis vil du skildre Isak?
– Han var ein snill mann med godt humør. Veldig hjelpsam og gåvmild. Han hadde i det heile mange fine eigenskapar og neppe mange fiendar. Han dreiv ikkje med baksnakking, heller det vi i dag kallar «framsnakking». I mine auge var han ein heidersmann, med ein lun og god humor. Og ein god replikk. Eg trur han var glad i folk, sjølv om han kanskje ikkje gav så mykje uttrykk for det. Han virka alltid nøgd når det kom folk.

Isak, systra Kristi og kona Solveig i slåtten, saman med Kari Persen. Ho er dotter til Fredrik Persen, som under krigen dreiv radiostasjonen Roska saman med Atle Svardal. Foto: Utlån Flora historielag.
– Kva hugsar du om syster til Isak, Kristi?
– Kristi fekk trefot etter at ho fekk tuberkulose i eine foten og måtte amputere den. Mor sa at dei levde på uføretrygda hennar og sette resten av det dei tente på bok. Kristi var ei sterk og myndig dame, veldig reinsleg og skulle ha alt på stell. Dei la papp på golvet som beskyttelse over linoleumsbelegget, fortel Rune Fromreide. – Ja, den pappen på golvet hugsar eg best frå då eg kom hit fyrste gongen, skyt Wenche Fjørtoft, kona hans inn. – Sparsemda stod høgt i kurs her, seier ho.
– Isak samla på alt mogeleg og han kasta ikkje noko. Fjøs, naust og uthus var stappfulle av gamalt skrot. Ja, det var fullt over alt, både ute og inne. Eldhuset var til dømes fullt av sko.
Etter båthavari og torpederingar under krigen samla han på alt som rak i land. Kvinnene i huset tok nok óg vare på ting, for her var vekeblad i haugevis, Illustrert og Alle Kvinner. Då mor og far min vart pensjonistar, var dei her i vekesvis. Dei rydda og brende, rydda og brende, i det uendelege. Ein som skulle hit på besøk lurde på kvar Breivika var? Og fekk til svar at det var der dei brende bål heile tida.
Rune Fromreide meiner at det var sjøen som var livet for Isak. Han hadde ikkje lyst til å vere bonde, men han var eldst og broren Kåre vart lensmann i Hyllestad, og då var det berre Isak til å ta over garden. Han kjende også ansvar for systera Kristi, som var ufør. Isak treivst som vikarstyrmann på Atløy, som gjekk i rutefart på Sogn om sommaren. Heime hadde dei to-tre mjølkekyr og 20 vinterfora sauer, høner og ein gris. Dyra var det helst Solveig og Kristi som stelte med, meiner Rune.

Isak ombord i båten sin «Spiren». Foto: Privat.
– Isak hadde to båtar, «Odin» og «Spiren». Alle som skulle i Breivika måtte hentast med båt og det tok si tid fordi båten hadde ein gamal, sokalla oppvarmingsmotor, der ein måtte fyre opp motoren med ein flammeblåsar. Det var mykje styr med det og vi tykte det vart for mykje styr for Isak med all denne fraktinga og den tungvinte motoren. Maset vårt irriterte han: «Det kostar meg ikkje meir enn å gå på dass», slo han fast og det var ikkje meir å snakke om.
Elles trur Fromreide at alle som kjende Isak hugsar korleis han gjekk kledd. Det var i ei blå snikkarbukse, flanellskjorte og ei blankslita dressjakke utanpå. Og skipparhue med blank brem. Men når han reiste vekk ville han vere fint kledd, sjølv om det ikkje var siste mote det han hadde på seg. I den tid var det tydelege skilje mellom bestkle og arbeidskle.
– Mor sa alltid at Isak ikkje var ein mann av store ord. Som døme brukte ho ein tale han heldt i bryllaupet hennar. «Eg vil takke deg Ingrid for alt det gode du har gjort for oss», sa Isak og sette seg ned att. Det var den einaste talen i bryllaupet til foreldra mine, og truleg den einaste han heldt i livet.

Brudebilete av Solveig Russøy og Isak Bredvik. Foto: Utlån Flora historielag.
Solveig og Isak var godt vaksne då dei gifta seg og fekk ikkje barn sjølve. –Dei var begge glade i ungar, såg og brydde seg om oss. Han var gniten med seg sjølv, men veldig raus med julegåver til oss ungane. Det var ski og skøyter han kom med, slikt foreldra våre ikkje hadde råd til.
– Kva fortalde han om krigen?
– Ingenting det eg hugsar. Han tok på seg eit stort ansvar under krigen, og var aldri i tvil om at han skulle vere med i motstandskampen. Trur han såg på det som ei plikt. Han reagerte på det han opplevde som urettferd, og var lite begeistra for den behandlinga sokalla tyskarjenter fekk etter krigen. Han likte ikkje at «gode nordmenn» klypte håret av desse jentene. Etter at han kom ut av fengselet i Bergen såg han mishandling som han ikkje tykte var oss verdig. Han meinte at nokon av dei verste følgjene av krigen var at vi var blitt smitta av tyskarane sin oppførsel, seier Rune Fromreide.
Det var Kristi og mor hans som fortalde om krigen, kanskje mest mora. Dei var begge i Breivika då tyskarane tok radiostasjonen Roska 13. mars 1945, Atle Svardal vart skoten og Isak teken til fange. Kva fortalde dei?
– Mor mi var fødd i 1921 og såleis ei ung kvinne under krigen. Ho hadde ikkje barn då og kom til Breivika fordi ho følte ho måtte vere her med bestemor si og tanta Kristi. Ho følte dei trong hjelp. Den dramatiske dagen truga tyskarane med å ta henne med seg når dei drog. Dei sa også at dei ville kome att og brenne opp huset i Breivika. Det er klart at det var minne som sat som spikra for livet. Eg hugsar Isak, eg og far min gjekk opp der radiostasjonen Roska hadde lege. Vi fann att der namnet Atle Svardal var rissa inn i berget. Eg trur ikkje Isak hadde problem etter det han var med på under krigen, for eg opplevde han som alltid i godt humør, seier Rune Fromreide om grandonkelen.

Namnet Atle Svardal vart rissa inn i berget der radiostasjonen Roska låg. Foto: Privat.
Wenche Fjørtoft og Rune Fromreide likar seg i Breivika og er her mest mellom påske og haustferien. Kanskje blir det meir no når dei begge er pensjonistar. Dei bur elles i Sogndal og har to vaksne døtre.
– Isak selde bruket til mor og søstera Sigrid for ein symbolsk sum før han døydde. Seinare overtok eg og Magnar bruket. Isak ville at vi skulle ha det og ta vare på det. Isak og Solveig budde i ein eldrebustad i Florø dei siste åra dei levde. Han måtte amputere eine foten han også til slutt, men var gjerne med til Breivika så lenge det let seg gjere. Eg kjenner på ansvar for å halde det ved like her så lenge eg maktar, seier Rune Fromreide.
Intervju: Magni Øvrebotten juli 2025/februar 2026.
