,

Bygdehelga 2024

 

Last ned plakaten her: Plakat bygdehelg Botnane 2024

Meir om kvar programpost

Opnar med Jakob Sande-program

Bygdehelga Botnane-Årebrot brukar å opne med ein konsert og 12. juli er det Knut Ingvars, frå Florø, som kjem for å synge og deklamere dikt av diktaren Jakob Sande (1906-67).  Namnet på gruppa spelar på at det er med to Knut-ar og ein Ingvar. Det er Knut Roald, Knut Magnussen og Ingvar Hopland, ein tidlegare skulesjef i Flora, ein tidlegare journalist i Firda og ein tidlegare kulturhusleiar på Flora samfunnshus.

Knut Ingvars kom i gong då Ingvar Hopland pensjonerte seg og fekk tid til å lage musikk på dagtid, og fann ut at begge Knut-ane hadde ledig tid og lyst til å musisere. Dei byrja å dukke opp på ulike arrangement som Lev Vel i Florø, på sjukeheimar og fredagskafear.

Nyleg gjorde dei suksess saman med koret Sangglede med Jorunn Bakke Nydal som dirigent, med programmet Ein kveld med Jakob Sande. Koret samla 250 menneske i Florø kulturhus.   – Knut Ingvars har henta ut innhald frå denne konserten og sett det saman på vår vis, og vi gler oss til å møte publikum i Botnane med det, seier Ingvar Hopland. Han lovar klassikarar som Kallen og katten, Fabel og Hestehandlarar, men og meir ukjende tekstar som Husdråpar, som tidlegare kultursjef i Flora, Edvin Helgheim, sette melodi til, Augustkveld og Aldri.

Knut Ingvars er ei gruppe med ordsterke og musikkglade karar, så gå ikkje glipp av denne konserten. Det kostar kr. 100 å kome inn og du kan betale til vipps 50 14 65, eller i døra. Det vert servert enkel fingermat og drikke, og vertskap er Kari Bruun Ågotnes og Asgeir Øvrebotten.

Påmelding: Av omsyn til plassen i lokalet må vi vite kor mange som kjem, difor er det påmelding på førehand til Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73.

LAURDAG 13. JULI:

Fiskekonkurranse for store og små i Nøre dalen

Dette er den mest tradisjonsrike programposten, som såg dagens lys lenge før vi byrja med Bygdehelg i juli. Her kan heile familien vere med og det er premie for både flest fisk, største og minste fisken. Fiskekonkurransen er fyrste post på programmet laurdag 13. juli, kl.10.30. Det tek 10-15. minutt å gå frå parkeringsplassen/diktsøylene på Jørnjorda (nord om fiskeanlegget) til vatnet i Nøre dalen. Sigbjørn Sørbotten er ansvarleg for fiskekonkurransen.

Fottur og stolpejakt til Knoltren
Fotturen i år går til Skudalen og Knoltren og startar ved Skudalselva nord om Botnane. Det er der det står eit turskilt langs Frøysjøvegen, mellom Gulestøa og Botnane. Leiaren av grendalaget, Åsmund Berthelsen, er turleiar. Han har dei siste åra ivra for orienterings-trenden Stolpejakt og i år er det sett opp 25 stolpar opp mot Skudalen og 17 langs Frøysjøvegen frå Botnane til Husefest. Fotturen kan vere eit høve til å lære meir om stolpejakt for dei som ynskjer det.

Lunsjkafe frå kl. 11.3o til 15.30.

Det vert lunsjkafe i Botnane grendahus i år også, der folk kan kjøpe seg mat mellom dei ulike arrangementa laurdag. Der vert det sal av mat, drikke og bøker/kort. Det siste finn du på eit sjølvbetent bord i gangen der du betalar med vipps. Til sals er diktsamlingane Dikt i utval og Trollguten og andre dikt av Jan-Magnus Bruheim, Småbrukarkona av Sigrid Øvrebotten og Ord i tide og utide av Fridtjov Urdal. Det er også kort og nett med dikt av Jan-Magnus Bruheim å få kjøpt. Ansvarlege for lunsjkafeen i år er Ragnhild Nøttingnes, Elisabeth Ruud Nordbotten, Hannele Turunen og Birgitte Jensen.

Omvising i skulptursamlinga etter Aase Botnmark

God tur heim mor skreiv kunstnaren Aase Botnmark (1927-2012) på gråpapiret då ho sende frå seg skulpturen Ho mor i ank, som grendalaget hadde samla inn pengar for å kjøpe i 2005. Skulpturen kan du sjå i forsamlingslokalet i Botnane grendahus, der lunsjkafeen er under Bygdehelga. Der kan du og sjå skulpturen Møte, som grendalaget fekk i gåve i fjor.

Kvinneliv, og kanskje særleg kystkvinnene sitt, var det viktig å formidle for Aase Botnmark, og ho var heile livet sterkt knytt til heimbygda Botnane. I den gamle skulestova i Botnane grendahus er det samla 22 gips- og bronseskulpturar som ho har skapt. Ho ynskte at delar av kunsten hennar skulle kome heim etter at ho var død. Difor har familien hennar deponert 25 skulpturar til Bremanger kommune, og tyngda av dei er samla i skulestova der Aase sjølv gjekk på skulen. Aase var fødd Øvrebotn og kom frå garden Håjen i Sørbotten, nest siste garden i bygda på veg sørover.

Magni Øvrebotten (mobil 970 55201) fortel om Aase Botnmark og kunsten hennar i Botnane grendahus laurdag 13. juli, kl. 11.30.

Turnering på sendebrettbana 

Botnane sendebrettbane opna i fjor sommar, ho er bygt på dugnad og ligg i området bak grendahuset i Botnane. Bana har 20 hol og du ser korleis ho er på appen UDisc. Det er parkeringsplass der bana startar.

Laurdag 13. juli, kl.12.00, vert det turnering og dei som vil delta i den må vere på plass då. Det vert mogeleg å melde seg på anten kort eller full variant av turneringa. Den korte vert spelt på dei fyrste seks hola, medan den fulle varianten vert spelt over alle 20. Primus motor for turneringa er Fredrik Espedal (mobil 476 64 717) og Rune Nordbotten ( mobil 415 53 395). Det er gratis å delta på turneringa, men om nokon ynskjer å støtte arbeidet Botnane og Årebrot grendalag har med bana kan de vippse ein sjølvvalgt sum til Vipps 82 21 71, og merke innbetalinga Sendebrettbana Pengane vert brukte til å utvikle og halde bana ved like.

Til turneringa reknar vi med at folk har med eigne sendebrett (diskgolfar), men elles er det råd å låne. Det ligg eit lite utval i ein plastboks ved inngangen til forsamlingslokalet i Botnane grendahus.  Ein som har brukt bana skriv: » Banen er vel verdt turen! Landskapet banen ligger i er helt fantastisk og banen er godt designet med varierte utfordringer og god flyt. Gode vanntette sko anbefales».

Omvising på Diktarstien i Botnane

Laurdag 13. juli, kl. 13.00, vert det omvising på Diktarstien i Botnane. Ein kultur- og natursti med ti dikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim, som budde i Botnane frå 1978 til 1985. Han kalla dei sju åra dei mest produktive åra i heile forfattarskapet sitt. I år er det ti år sidan Sigrid Moldestad m/musikarar samla vel 400 menneske på ein utekonsert bak grendahuset, i samband med at det var 100 år sidan Bruheim vart fødd. Tonane hennar har gjeve dikta til Jan-Magnus Bruheim ein ny vår og aktualitet.

Diktarstien vart opna i eit forrykande uver 18.08.18, og har seks stoppeplassar med dikt Bruheim skreiv medan han budde i Botnane. Fleire av dei er plasserte der han fekk inspirasjonen til å skrive nett det diktet. Jan-Magnus Bruheim kom til Botnane etter at han møtte Magni Øvrebotten, som ung journalist i Gudbrandsdalen. På omvisinga fortel ho om Bruheimen og Botnane, og diktinga hans. Turen tek omlag to timar om vi går, men dei som ikkje maktar det kan køyre, fordi stien stort sett ligg langsmed Frøysjøvegen gjennom bygda. Omvisinga startar ved Botnane grendahus kl.13.00.

SØNDAG 14. JULI:

Gudsteneste i Botnane grendahus
kl. 11.00, søndag 14. juli, vert det gudsteneste i skulestova i Botnane grendahus. Det er ein av dei tilsette i Bremanger kyrkjelege fellesråd, Britt Linda Domben Mulelid, som har preika. Elisabeth Ruud Nordbotten (mobil 934 99 264) står for den praktiske tilrettelegginga.

Fridtjov Urdal fortel om minne frå ei anna tid og tru
Søndag 14. juli, kl. 13.00, tek Fridtjov Urdal mot oss heime på tunet på Kvia, garden der han vaks opp på Årebrot. Fridtjov hadde mange gode forteljararar rundt seg i oppveksten og må ha vore ein oppmerksam unge, som hugsar det han høyrde og såg.  Det er ei oppleving å høyre han fortelje om Minne frå ei anna tid og tru, så lat ikkje dette høvet gå frå deg.

Vegen opp til Kvia frå Frøysjøvegen vil bli skilta, og Torleif Seljestokken og Sigbjørn Holsen kjem til å vise til rettes med parkeringa.

Basar på Årebrot grendahus

kl. 16.00 er det klart for basar på Årebrot grendahus. Loddsalet er alt i gang (sjå under), men det vert også høve til å kjøpe lodd på basaren. Britt Maret Sunde og Sigfred Nøttingnes sel lodd frå kl. 15.45. Inntektene frå basaren går til drifta av grendahusa på Årebrot og i Botnane, og andre aktivitetar i bygdene våre.

Det vert sal av mat og drikke og utlodding på basaren. Nestleiar i Botnane og Årebrot grendalag, Nina Seljestokken, leiar basaren. I basarnemnda er desse med: Marit Brandsøy, Solbjørg Sørbotten, Randi Hatlem, Anne-Karin Holm Årebrot, Håkon Årebrot og Bolette Nordbotten Espedal.

Hjå desse kan du kjøpe lodd:

Det vert loddsal på basaren, men du kan også kjøpe lodd på førehand. Lodda kostar kr. 5,oo per stk. Du kan vippse pengar til Vipps 69 94 98 og merke innbetalinga «lodd 2024». For å bli skriven opp i loddbøkene må du sende kvittering på x-antal lodd til ein eller fleire av dei med loddbøker. Vil du t.d. ha lodd i bok 2 og 4, så sender du kvittering og beskjed om kor mange lodd du vil ha i kvar bok til Ingrid Seljestokken (bok 2) og John Sande (bok 4). Dei seks loddbøkene er fordelte slik:

Bok 1: Magni Øvrebotten, mobil 970 55 201
Bok 2. Ingrid Seljestokken, mobil 482 85 440
Bok 3: Sigfred Nøttingnes, mobil 911 33 981
Bok 4: John Sande, mobil 901 90 244
Bok 5: Ingrid Bruflot, mobil 906 91 450
Bok 6: Helen Aasen, mobil 928 28 704