Tankar om namnet Seljestokken

Garden Seljestokken blir lokalt også kalla Stokken. For dei som ikkje er lokalkjende er det plassen der Seljestokken båtverkstad ligg, og rett nord om steinbrotet. Fridtjov Urdal har fundert over kva namnet Seljestokken kjem seg av:
Stokk vert stundom brukt om ein smal og langstrekt våg eller sund. Siste lekk i namnet er i samsvar med landskapet. Fyrste lekken: Selje. Det har vore tenkt på treet selje, at det har noko med det å gjere, men det er lite truleg. Sameleis at det har noko med sal å gjere og at det kan ha vore handel i Seljestokken.
Det er meir å tru at det kan ha med sæle å gjere. Sæle slik som i sælebot, hjelp i naud. Stokkavågen var frå gamalt av ein stad der ein la til lands for å søkje livd eller vente på bør. Då er det ikkje unaturleg at det kan ha vore eit Sælehus. Sælehus (frå norrønt sæluhus og sæluhús), saluhus og salustofa. Vi finn det att i namnet Salhus. Ein stad der farande kan taka inn/finne ly.
I Snorre vert bygging av kyrkjer og sælehus nemnt mellom dei gode tinga som kong Øystein Magnusson fekk gjort medan Sigurd Jorsalfar er utanlands. Sæl er også brukt om einannan med ordet støl. På eine garden seier dei: «Vi har støl inne med vatnet», og på grannegarden kan dei seie: «Dei har sæl inne med vatnet».
I sørvestre enden av Gulskarvatnet ligg det ei tuft. For eit halvt hundre år sidan kunne ein sjå svillestokkane. Når ein skar i dei var dei framleis al-raude under den grå yta. Det var nemnt som selet, ikkje som stølen. Det kan vere at dette vesle huset gjennom tidene hadde fleire oppgåver. Her gjekk farvegen til og frå Gulen, som vi kallar Gulskaret, Gulskarvatnet og Gulskarnipa. Opphavet er Guleskaret der ein kom eller for til og frå Gulen (i Bremanger kommune).
I Olavus Magnus si «Historia om dei nordiske folka», er sælehus nemnt og i illustrasjonar og kart er sælehusa merkte med ein krans som heng frå ein stokk i ramen. Seljestokken, også kalla Stokken, kan ha vorer ein lageleg stad for eit sælehus. Men om denne namneforklaringa er i takt med korleis språkutviklinga er og har vore er uvisst.
Fridtjov Urdal, desember 2024.
