Har nokon forslag til namn?
Kinn kommune har i brev til grendalaget spurt om det er forslag til namn på to eigedomar på Årebrot.
- Det gjeld Gbnr 10/29 som er ein fritidsbustad utan vegtilkomst. Den er markert med raud ring på kartet. Namnetenesta i Kinn foreslår Årebrotsvågen. Men dei tek sjølvsagt mot andre forslag.
- Det gjeld Gbnr 10/26. Det er også ein fritidseigedom utan vegtilkomst i Årebrotsvågen. Namnetenesta i Kinn foreslår Båsen som namn. Men dei tek sjølvsagt mot andre forslag.
Har de forslag til namn på dei to stadene så send dei til grendalaget på e-post til asmund.berthelsen@icloud.com
innan torsdag 11.september. Så sender vi det vidare til Kinn kommune innan 15.september.
Kinn kommune skriv at namneforslaga skal ha historisk forankring i tråd med god namneskikk og bør vere grunngjevne. Namneforslaga bør ikkje forvekslast med allereie vedtekne namn, og skal godkjennast av Språkrådet før handsaming i Oppvekst- og Kulturutvalet som fattar vedtak etter eit delegasjonsreglement.

Skjermdump frå norgeskart.no

Skjermdump frå norgeskart.no
