Ryddehjelparane i Sletten

Familien Straume-Sande i Botnane har nyleg blitt sauebønder med 15 gamalnorske sauer, også kalla villsauer. – Eg er ikkje nokon saueekspert enno, slår John-Magne Sande fast.
– Eg er meir saueekspert enn dokke, seier August på seks år. Han syner til at han har vore med ein ven i barnehagen heim på besøk til eit sauefjøs på Indrehus. Det er med litt skrekkblanda fryd familien snart står midt oppi sauelamminga, og må halde eit ekstra auge med at ørn og rev ikkje tek lamma. Dei har skaffa seg sauer for å få hjelp til å halde landskapet ope.
– Det er berre eitt år sidan far min slutta med angusdyr, og på den korte tida har det grodd opp eit teppe av nye sitkagraner oppi beite her. Om vi ikkje beitar området, er det overgrodd i løpet av 10-15 år. Vi kan ikkje stelle oss slik at vi ikkje ser Frøysjøen, seier John-Magne Sande. Han har engasjert seg for å få vekk litt av all sitkagrana som pregar Botnane, og sjølv har han kome til at han treng sauer til hjelp. Dei et skot av sitkagrana og gneg borken av greiner.
– Kor mange sauer må du ha for at dei beitar like mykje som angusdyra far din hadde?
– Det må til fem sauer for å ha same beitetrykket som ein angus, så for min del betyr det at eg må ha ein flokk på 100 sauer for å erstatte den angusflokken som var her. Vi får sjå etter kvart, men eg synst det er trist at det gror att, og det skjer veldig fort. Sitkagrana likar ikkje varme, så det hjelper å få brent om våren. Eg var godt i gang då det vart forbod mot brenning på grunn av turken her tidlegare i vår.

John-Magne arbeider i Nordsjøen og er så langt den i familien sauene kjenner minst.
– Kva kostar sauene?
– Dei kostar 4200 kr per sau, pluss moms, så eg må bygge opp flokken litt etter litt. Det er grenser for kor mange ekstravakter eg kan ta i Nordsjøen. Reglane for å flytte sauer er strenge. For at eg skulle kunne kjøpe desse sauene måtte bonden på Radøy ta blodprøver av heile besetninga. Men no kan eg kjøpe fleire sauer av han dei komande tre åra, utan at det må takast nye blodprøver.
– Sauene er radveringar, så no er eg i fleirtal, ler Kjersti Straume-Sande, som kjem frå Radøy. Ho tykkjer det er kjekt at borna er så glade for og interesserte i sauene, og at dei er tryggare for born enn stor angusdyr. – Ine og August var med far sin til Radøy for på hente sauene. Dei kom heim att ein onsdag og torsdag reiste John-Magne i Nordsjøen. Dermed var det meg og ungane sauene vart kjende med, så når han kom heimatt og skulle sjå til dei skvatt sauene til, men roa seg når dei høyrde August og Ine sine stemmer.
Ine (snart 8 år) og August (6 år) er ivrige til å fortelje om sauene. – Dei likar kos, spring veldig fort og hoppar, seier Ine. – Ja, dei er veldig spretne og likar høy og kraftfor. Det hadde blitt masse tre her om vi ikkje fekk desse sauene. Dei blir plenklypparane våre, legg August til. I flokken er det flest grå sauer, nokre kvite og ein svart. Og Ine gjev døme på den lange rekkja med sauenamn dei hadde klar til flokken kom; Augustine, Ine, Sara, Sina, Mini, osv. – Og så skal vi ha oss ver. Han skal heite Sauen Shaun, strålar August. Sauen hans heiter Sara, Ine sin Sina.

August, Ine og Kjersti tok mot saueflokken i vinterferien.
Kjersti synst det er lærerikt for heile familien å ha dyr. Flokken er overraskande roleg, men to av sauene er skvetne. – Men dei vert merkbart meir kjælne etter kvart og let seg no stryke på kjaken. Det er mest terapi for både folk og dyr. Det er lærerikt for ungane å sjå at når dei er rolege og tolmodige, så kjem dyra. Ungane har forstått at om dei skrik og hoiar så vert dyra stressa og spring vekk, medan roleg gange og stemme gjer at dei kjem til oss.
John-Magne arbeider i Nordsjøen og er ute fjorten dagar i strekk. Før han reiser set han ut forhekkar med høyballar på 400 kg med høyensilasje, ein mellomting mellom turrhøy og surfôr. Han har også gjerda inn eit større område nær husa der sauene skal gå til dei blir meir kjende med dei, og til lamminga er over.
– Dei er som angusdyra at dei stikk seg vekk når dei skal føde, og kjem fram att etter nokre dagar med avkommet. Men her er mykje rev og ørn, så vi treng å fylgje med, seier John-Magne Sande. Han har brukt ein halv million på 650 meter med gjerde heilt opp under fjellet for å halde sauene der dei skal vere. Gjerdet er sett opp av fagfolk og skal tole at det spring hjort i det utan at det vert hol.
– Det blir svigerfar Audun og eg som må til og reparere om det blir hol. Eg har stor tryggheit og hjelp i svigerfar, men det er ikkje han som har kjøpt seg sauer. Dei må vi ta ansvaret for sjølve og det er ein kjempeovergang å vere saueeigar. Vi fekk dei i vinterferien og det var godt å ha god tid til å ta mot dei. Eg har vakse opp på gard der vi hadde kyr, så eg er ikkje van med sauer, seier Kjersti Straume-Sande. Ho arbeider i NAV i Florø og reiser til og frå arbeid med buss og båt, saman med borna som går på skule i Florø. – Det er godt å ha svigerfar i bakhand når kvardagslogistikken krev sitt, slår ho fast.

Sauene vert meir og meir tillitsfulle.
Det er skikkeleg ruskever den dagen vi er på besøk for å snakke med familien om sauedrifta. Mest ikkje verande ute. Sauene har samla seg kring grunnmuren etter eit naust og er knapt råd å sjå i regn, vind og sjørok. – Eg ser at eg bør få opp eit uthus dei kan gå i ly av nedom vegen her, om vinteren har eg tenkt å ha dei i området oppe kring fjøsen, slik at dei kan gå inn der. Men sommar og haust kjem dei til å beite langs vegen nordover frå Botnane, og eg håpar dei som køyrer tek omsyn til dyra, seier John-Magne Sande.
Han sit i styret for Botnane og Årebrot grendalag og på årsmøte i fjor tok John-Magne opp om grunneigarane med mykje granskog var interesserte i å få saga ned tre, i fyrste omgang den tettaste granskogen langs vegen? Det var det interesse for, men det har vore uråd å finne kaiområde stort nok til å lagre tømmeret for vidare transport med båt.
– Det er Sunnfjord Skog i Førde som skal gjere arbeidet og dei skal byrje på det etter påske. Dei reknar med at det tek ein månads tid og at dei skal vere ferdige til sommaren. Sunnfjord Skog gjer avtale direkte med kvar grunneigar og har arbeidd med å få godkjent fleire velteplassar for lagring av tømmeret før vidare transport med lastebil til tømmerkaia i Eikefjorden, seier John Magne Sande. Han ser dette ryddearbeidet som eit fyrste steg i jobben med å opne oppatt Botnane, men jobben er på ingen måte gjort med det. Sitkagrana veks villig og spreier seg lett.

Ryddehjelparane i Sletten.
Intervju: Magni Øvrebotten, 22. mars 2026.
Foto: Kjersti-Straume Sande
