– Vi kjenner ikkje til bygdedyret

Tre blad Brandsøy framfor to av firmabilane. Frå venstre Ronny, Knut Andrè og Kim-Henrik Brandsøy.
Brandsøy Maskin AS er ei familiebedrift med fem tilsette som driv med snekkararbeid, gravemaskiner/lastebilar og ein av dei største omreisande verkstadbilane i landet. Heimehøyrande på Årebrot og skipa i 2014, av far Ronny og eldste son Kim-Henrik Brandsøy.
– Vi kjenner ikkje til bygdedyret, for her er folk svære til å bruke oss, seier Marit Kleiven Brandsøy, mor og rekneskapsførar i selskapet, og i fylgje karane «sjefen». Det vil ho ikkje ha snakk om, ho meiner Ronny og sønene Kim-Henrik og Adrian driv kvar sin spesialitet og styrer seg sjølve. Men kontoret og rekneskap held Marit styr på. På sikt vil dei prøve å få også yngstesonen Morgan med på laget. Når han no blir ferdig med sertifikatet, er planen at han skal kunne hente og levere deler og diverse ved behov.
– No kunne vi brøfødd oss bra med å satsa på arbeid lokalt frå Myklebustkrysset til Villevika, med arbeid for privatfolk, ulike verksemder og steinbrotet i Seljestokken, for lokalbefolkninga har vore fantastiske flinke til å bruke oss, seier Ronny Brandsøy. Slik har det vore sidan langt attende. Han hugsar godt då han og Marit tok over sagbruket i 2001 og han var spent på korleis det skulle gå. Jon Øvrebotten i Botnane var den fyrste som ringde og lurde på om han kunne gje bod på byte av taket på huset hans, og dermed var han i gong, sjølv om han minnest at han bomma mykje på prisen på det taket. Ein lærer etter kvart.
Etter at det kom steinbrot i Seljestokken i 2008 vart det meir fjellrensk enn snekkararbeid for Ronny Brandsøy, han vart fast tilsett og arbeidde der på heiltid. Der var han til Romarheim overtok drifta for nokre år sidan, og no er han der berre sporadisk og hjelpe til når han har tid. I 2014 starta Brandsøy Maskin AS med to og etter kvart tre dumparar i Skiparvika i Gulen kommune. – Der dreiv vi utelukkande med flytting av massar og hadde seks tilsette, pluss Kim-Henrik. Når ein driv med ting som rullar på hjul, vert det mykje skruing og lite profitt, så etter omlag sju år, la vi ned drifta der. Kim-Henrik ville heller satse på å skru for andre og kjøpte sin første sørvisbil og byrja livet som omreisande mekanikar, fortel Ronny Brandsøy.
Han må ha vore flink til å ta med seg sønene Kim-Henrik og Adrian i arbeidet, for begge framhevar at dei har lært mykje av å vere med faren, og kor viktig det er å få vere med dei vaksne i arbeidet. – Då steinbrotet kom vart dei hyra til å vaske maskiner og det tykte dei var svære greier, minnest Ronny.

Samling kring kjøkkenbordet på Årebrot. Frå venstre: Knut Andrè, Kim-Henrik, Ronny med Saga på fanget, Gard Henrik og Marit.
– Eg skal bli endå betre enn pappa
Interessa for å vere med tidleg i arbeidet går tydelegvis i arv, for medan familien er samla kring kjøkkenbordet på Årebrot, sit 12 år gamle Knut Andrè med øyrene på stilk og høyrer interessert på når faren og besteforeldra fortel om framveksten av Brandsøy Maskin. Han er eldste son til Kim-Henrik og overtydd om at dette er framtida også for han. – Eg har lyst til å bli mekanikar, som pappa, men eg skal bli endå flinkare enn han, slår Knut Andrè entusiastisk fast. Han og dei to syskena, Gard Henrik på seks år og Saga på snart fire, er hjå faren og besteforeldra annankvar helg. Då roar familien ned og gjere noko i lag med dei. – No veit kundane at her er barnebarn annankvar helg, så då ringjer dei ikkje. Eg har aldri hatt fri annankvar helg før, ler Ronny.
Denne søndags føremiddagen har dei vore og fiska krabbe. Det er viktig å kunne og finne glede i slikt også. – Eg likar meg godt her, og det er kjekt å vere med i fjøsen og stelle sauene, fortel Knut Andrè. Besteforeldra har 120 villsauer og kallar det ein hobby for ikkje å gro inne. Og her er køyretøy nok i ulike storleikar til å lære seg å køyre frå ein er ganske liten. Her gjeld tydelegvis ordtaket «Tidleg krøkast som god krok skal bli».



Det er allsidig praksis å få hjå besteforeldra på Årebrot. Frå venstre: Knut Andrè på traktoren, Saga og Gard Henrik byte på bruk av ATV-en og Saga og Gard Henrik finn roa i sauefjøsen. Foto: Privat.
280 døgn i bilen
Det var i 2023 Brandsøy Maskin AS kjøpte inn den digre sørvisbilen Kim-Henrik Brandsøy trålar land og strand med. Det er ein verkstadbil som kjem dit nokon har fått problem med bilar, båtar, maskiner, motorar, osv. og reparerer på staden. Det vert betydeleg billegare for den som har problemet, for ikkje å snakke om kor mykje tid, transport og bekymringar dei blir spart for.
Bilen kosta 3. mill. kr. pluss alt utstyret. – Eg vert alltid sveitt når folk spør kva bilen kostar, men han er nok oppe i over 4. mill. kr. alt medrekna. Då vi kjøpte han var han den største bilen i sitt slag i landet, men no er det både fleire og større bilar. Vi har arbeid nok til å drifte to slike bilar til, meiner Kim-Henrik. Han hadde 280 overnattingar i bilen i fjor. Det er både billegast for dei som treng hjelp og ofte einaste alternativet for han.
– Men slitsomt?
– Ja, nei, eg fer rundt der kundane vil ha meg. Du kan ikkje seie nei når rutebåten «Fjordsol» i Kystvegekspressen treng hjelp med å få sveisa roret, som vart bøygd vekk førre fredag. Kundane er greie med meg, dei syter for at eg får mat, så eg kan arbeide til problemet er løyst, seier Kim-Henrik Brandsøy. Han og bilen er mykje på basen i Florø, og på Fjesboksida til Sordal Seaservice, som driv i oppdrettsnæringa, er det lagt ut mykje skryt av at han gjer godt arbeid. Men mor Marit vil ikkje at dei skal skryte av eige arbeid og slår ned på det når Ronny seier at han ikkje veit nokon som byter dekk raskare på ein dumpar enn Kim.
Han trudde i utgangspunktet at det var på strekninga Bergen-Ålesund det kom til å bli mest oppdrag, men har vore heilt til Hitra og reparert motoren i ein båt ved kai. Og han har fått spørsmål om å kome til Finnmark. – Då spurde eg om dei visste kor langt det var frå Årebrot til Finnmark, og fekk til svar «Nei, det er no der sør». Det syner kor opprådde folk kan vere for å få reparert og ordna ting som går sundt, seier Brandsøy. Nytt av året er det at han driv med linjeboring. Det kan t.d. vere utslitne boltar på ei gravemaskin, som etter kvart medfører at hola dei skal passe i vert ovale i staden for runde. Då sveisar Kim-Henrik dei att og borer ut nye hol, slik at alt blir beint og fast.

Journalisten fekk prøvd å få verkstaden inn på tunet då eine bakhjulet på bilen var flatt. Det vart fiksa fort.
– Vi arbeider til vi er ferdige og skriv ikkje overtid. Vi avtalar ein fast timepris før vi byrjar, seier Ronny Brandsøy. No når høve byr seg antydar han at det er ein del her heime som han gjerne skulle sette at Kim-Henrik tok seg tid til å reparere. – No har eg fiksa både slåmaskina og traktoren, så no kan du ikkje klage på noko før jul, slår Kim-Henrik fast. Han bur på Årebrot, men er stort sett berre heime annankvar helg, når dei tre borna er hjå han.
– I denne bransjen er det det du skulle ha gjort heime du skyv på for å yte sørvis til andre. Vi skulle ha gjort ferdig hallen, slik at vi kunne ta inn båtar der, og badet Ronny byrja på i vår er halvferdig, slik er det berre, seier Marit Kleiven Brandsøy.
Fordel med lokale oppdrag
Ronny Brandsøy er samd i det, men gler seg over at mange lokale oppdrag gjer det mogeleg å rekke over meir. – Når eg skulle bygge molo for Rune Nordbotten i Botnane måtte vi ta omsyn til flo og fjøre og fjøstidene hans. Det let seg gjere fordi eg kunne fare heim og gjere noko anna, om det no var for andre eller meg sjølv. Ronny har meir enn nok å gjere med gravemaskin og lastebil her lokalt, og treng snekkar Adrian ei handsrekking kan far trå til der også.
I tillegg har Ronny snøbrøytinga på strekninga Villevik – Myklebust. Det kan til tider vere store skilnadar i ver og føreforhold på denne strekninga. Det er ikkje alltid like lett å vite at det ligger 20 cm snø i Vindspollen, når vegen her er fri for snø. – Då er det veldig kjekt at folk langs ruta ringer og tipsar meg om at føret er dårleg her og der. Det gjer jobben min så mykje lettare, seier Ronny Brandsøy.


Adrian Brandsøy er glad for at han vart med i familiefirmaet, og stadfestar at han måtte lokkast med eigen firmabil.
Lovnad om firmabil avgjorde
Adrian Brandsøy er ikkje med i praten kring kjøkkenbordet på Årebrot, han bur i Florø og eg møter han måndag morgon i arbeid med ei ny sjøbu i Nordbotten. Han arbeidde sju år i Recover i Florø, med reparasjon av forsikringsjobbar, og hadde lyst til å starte for seg sjølv som snekkar. Familien ynskte å ha han med i Brandsøy Maskin, men han drog på det heilt til faren lova han eigen firmabil. Då var det greitt.
– Det stemmer, og det har eg ikkje angra på, seier Adrian. – Det er praktisk å vere ein del av eit familiefirma, rein luksus å kunne konsentrere meg om jobben som skal gjerast. No har vi tilsett ein tømrar til som skal byrje i løpet av hausten. Det er arbeid nok til at vi kunne tilsett to, men det er ikkje lett å få tak i fagfolk.
Også Adrian rosar faren for å ha lært han godt opp, og med skule og læretid i Florø Bygg er det alt 12 år sidan han fekk svennebrevet sitt. Han trivst godt i snekkaryrket, sjølv på kalde regnversdagar som den dagen eg møter han. – Det er meir enn nok å gjere, eg har fleire på venteliste. Eg er heldig som har tolmodige kundar og det er kjekt når folk er fornøgde med arbeidet, sjølv om dei må vente.
– Kva oppdrag er det du tek på deg?
– Heile nybygg er for stort. Det går mykje i rehabilitering av hus og hytter, og tidvis større oppdrag. Til dømes bytte eg nyleg om lag 65 vindauge på fasaden til EL-kjøpbygget i Florø. Det er i Florø og området frå Myklebust til Villevika eg har teke på meg mest oppdrag, så langt, og eg vert ikkje arbeidslaus med det fyrste, seier Adrian Brandsøy.

Moloen i Nordbotten der Ronny Brandsøy måtte tilpasse arbeidet til flo og fjøre. No gjer snekkarsonen Adrian sjøbua ferdig utvendig.
Tekst og nokre foto: Magni Øvrebotten, 26.07.26.
