Eit heiders minne om og til det blå folket
Monument kan hoggast i stein og støypast i bronse, men og murast i ord. Det er det Magnus Helge Torvanger og Flora historielag har gjort i boka Kystagentane. Det er eit monument over heile det illegale arbeidet her på kysten. Det fortel noko langt meir enn berre om dei hærmenn (agentane) som kom vestafrå. Det er forteljinga om det «Blå folket» i dongeri og tresko, som ikkje søkte, men likevel fekk krigen heim i fjøra eller tunet ein dag eller natt. Då måtte det store valet takast. Det som gjorde at både dei og andre vart gåande med livet i nevane. Vanlege kvinner og menn som vart med i arbeidet. Dei kjende si plikt mot kvarandre, anten det var agenten vestfrå, grannen som trong hjelp eller rømlingen som trong gøymestad, vaska kleda, kokte potetene, gøymde rømlingar, våpen og utstyr. Dei pynta ikkje sin tale med: Fridom, konge, folk og fedreland, men kunne i ettertid seie: «Det var no slik det vart». Det er lik: »Helter, hvem taler om helter her? Det er jo folk som vi kjenner.»

Forfattaren Magnus Helge Torvanger. Foto; Elisabeth Ruud Nordbotten.
Desse får her sitt monument mura i stillslege ord. Dei store ord ligg att ubrukte. I mur skal ein bruka jamn stein. Stor stein vert alltid liggjande laust. Her gjev språkbruken fast mur. Slik verkar det og å vere når det gjeld bruken av kjelder og arkivgransking. Det gjev eit truverdig og oversynleg bilete av arbeidet. Det gjev innsyn i kor samansett og krevjande dette var når det gjeld utstyr, transport og ikkje minst planlegging. Det er synbert at dette arbeide var viktig. Det er atterljomen av ordren frå Winston Churchill: «And now go and set Europe on fire”. Det som hende her var ikkje i og for seg eineståande. Det store var: Det hende mange stader. Vanleg folk tok liknande dramatiske val og vågnadar. Det er det som gjer til at boka fortel noko meir enn lokal krigshistorie. Forfattaren fortel ikkje berre om hendingane og personane under krigen. Vi vert og syner bilete frå livssoga deira, frå før og etter. Det gjev oss ein støre heilskap. Til lukke med lesnaden.
Fridtjov Urdal
Årebrot 2. november 2026.
