Foto: Frank Harald Anonsen.

Nordsjøløypa – ein flott sykkeltur

Nordsjøløypa frå Årebrot til Botnane er 18 kilometer lang og godt eigna til sykling. Ho går langsmed hovudskipsleia. Med få unntak syklar du i eit oversiktleg og flatt terreng, høveleg til familieturar og små avstikkarar til naturen rundt. 

Syklar du Frøysjøvegen (fv 5711) langsmed sjøen er det er lett å gå ned i fjøra og sjå på livet der. Blant næringsfattig sandstein skjuler det seg små område med eit rikt planteliv. Det er svært mykje hjort i området og ikkje sjeldan siglar det havørn over himmelen. Her er eit rikt fugle- og dyreliv også elles.

I 2021 vart det opna ei kulturminneløype Botnane-Årebrot, om dette røyslandskapet med vel 40 gravrøyser frå bronse- og jernalder. Kulturminneløypa er skilta med fem skilt godt synlege langs vegen, frå Villevika til den største gravrøysa på vestlandskysten i Botnane. Skilta har QR-kode.

Startar du turen på kaia på Villevika syklar du forbi det nedlagde skulehuset på Årebrot, frå 1985, som no er grendahus. Bak huset ligg Kvernhusvatnet, med vakre vassliljer i sommarstid. Frå dette vatnet vart det levert isblokker vinterstid den tid dei skar isblokker til kjøling av mat og varer. I Årebrot grendahus er det ei samling med databilete laga av kulturberaren Fridtjov Urdal, som kjem frå Årebrot. Denne Fridtjov-veggen vart avduka i 2019.

Du dreg vidare forbi Uradalen, eit mektig skogsområde med store furuer og urskog. Der er det merka DNT-løype til Grytadalen. Vidare forbi garden Solberg, der flypioneren Thor Solberg kom frå, og syster hans, motstandskvinna Sigrun Solberg. Ho hjelpte mange under andre verdskrig og dreiv garden etter foreldra.

Deretter kjem du til Seljestokken, ein gard med heile ti gravrøyser frå bronse- og jernalder. Det er markert med eit skilt ved vegen. Her ligg det også eit moderne steinbrot, drive av DC Resources (DC Group), med transportband frå brotet og ned til utskipingskaia. Seljestokken båtverkstad er ei familieverksemd der tredje generasjon Seljestokken no driv. Her står også ein radar som skal hjelpe til å trygge båttrafikken i eit vanskeleg farvatn.

Ovanfor den øverste garden i Breivika låg radiostasjonen Roska under andre verdskrig, 1940-45, der motstandsmannen Atle Svardal vart skoten av tyskarane. Det er merka sti opp til skora der han og Fredrik Peersen gøymde seg. Her har Flora historielag sett opp eit minnesmerke.

I Husefest kan du ta avstikkarar til fots på skogsvegar innover dalen, eller sykle vidare nordover stranda der du møter beitande sauer og eit ope kystlandskap kloss innpå hovudskipsleia.

Frå Kinn til Bremanger

Rett nord om Husefest passerer du kommunegrensa mellom Kinn og Bremanger. Syklar du litt vidare mot nord og ser godt etter, ser du eit lite skilt på oppsida av vegen. Det er skiltet for Bugen naturreservat, eller «Botnanes regnskog», som Jacqueline Mannart kalla det. Ho tok som grunneigar initiativet til frivillig skogvern for den gamle urskogen her. Naturreservatet vart oppretta av Stortinget i 2019.

Her i Søre stranda beitar det sauer, som held kulturlandskapet ope mot attgroing. Ta omsyn til dyra, dei ligg ofte nær vegen og kan vere vanskelege å sjå. Ved Opnarhella står det eit skilt ved vegen som fortel om dei tre gravrøysene her frå jernalderen og kva dei og landskapet fortel. Det er merka sti ned til røysene. Skiltet markerer også den tragiske  drukningsulukka i 1934, då tre menneske omkom ved kolsigling ved Opnarhella.

På begge sider av Botnane er det fyrste du møter ei gravrøys. Frå sør, i Vika med fyret, ser du den tredje største av dei fire største gravrøysene i Botnane. Ho er bygd kring ein  jordfast stein. I Sørbotten står det eit skilt ved vegen der Storrøysa breier seg over innmarka på to gardar. Skiltet fortel om dei store gravrøysene. I Myrane i Sørbotten syklar du forbi det einaste «bustadfeltet» i området, fire hus som vart sette opp då det kom steinbrot i Seljestokken.

Diktarsti og fjellturar

Gravstaden i Botnane vart teken i bruk i 1899 og er framleis i bruk. Der ser du det fyrste diktskiltet til Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim, som budde i Botnane 1978-85. Dei andre diktskilta finn du på kaia i Korsnesvika, på Flòtholmen, på grendahuset, i utmarka ved Søre elva og på Jørnjorda. Der er det raste-, parkerings- og informasjonsplass for Diktarstien. Det er til saman ti dikt av Bruheim på den 4,3 km lange stien, som stort sett fylgjer Frøysjøvegen (fv 5711).

Frå fylkesveg 5711 i Korsnesvika kan du ta deg ein rask tur til fjellet Opnaren, som ruvar over Sørbotten, og gjev deg ei fantastisk utsikt når du kjem opp. Dit er det merka sti. Frå Jørnjorda i Øvrebotten kan du gå ein skogsveg til Nøre dalen. Her var det under krigen ei hytte der dei gøymde motstandfolk og hadde illegal radiosendar. Det er berre muren att av den hytta.

Når du kjem til Øvrebotten møter du eit meir skogkledd landskap. Her ligg det gamle skulehuset i Botnane, som no er grendahus. Det var der diktaren Jan-Magnus Bruheim budde. I 2021 vart det opna ei fast utstilling her av kunstnaren Aase Botnmark, fødd Øvrebotn, sine skulpturar i den gamle skulestova i Botnane.

Ikkje oppdrett av hjort

Settefiskanlegget Firda Settefisk ligg inst i Pollen og driv med settefisk av aure. Tidvis kan det sjå ut som det er oppdrett av hjort dei driv med her, når bøane er fulle av hjort, både her og elles i bygda. I Øvrebotten svingar vegen utover mot Nordbotten. Der er det steinurer heilt innpå vegen. I Nordbotten ligg det einaste attverande mjølkebruket i bygda og i Sletten driv ein med utegangarfe, som du møter etter vegen. Ta omsyn til dyra når du køyrer der.

I Sletten er det ope og vidt utsyn over Frøysjøen. På Røysaneset ruvar den 38 meter breie og fem meter høge  Søre røysa, som er den største gravrøysa på vestlandskysten. Ved vegen nedanfor denne røysa er det parkeringsplass ved hovudskiltet om kulturminneløypa Botnane- Årebrot og om at Botnane har vore eit høvdingesete i bronsealdren.

Nordsjøløypa – North Sea Trail – er eit samarbeid for «vern av Nordsjøregionen sin felles kulturarv som kommunikasjons- og transportåre». Merket er ein blå N, som er festa til stolpar langsmed løypa.

Sjølv om Nordsjøløypa sluttar i Sletten er det fint å sykle heilt til Myklebustkrysset på fylkesveg 614. Forbi Gulestøa, Hjellen, Almenning, Sørgulen, Mulehamn, Vindspollen og Myklebust.

Oppdatert 19.03.2023.