, ,

Fridtjov fortel om det han har blitt fortalt

– Det er merkeleg kor det eine minnet hektar seg på eit nytt, eller rettare sagt eit gamalt. Eg var ein slik unge som hadde glede av å sitje og høyre på vaksenpratet, og mykje av det eg høyrde skulle det ta tid før eg skjøna, seier Fridtjov Urdal. Han slær også fast at det er ingenting det vert så mange versjonar av som det som ikkje skulle snakkast om. Her fortel han vidare litt av det han har blitt fortalt:

Gode emne var best å la stå. Databilete av Fridtjov Urdal.

Då Vår Herre gjorde rett og skil i Sunnervåg

I eldre tider var det landskapet som vi kjenner her langs strendene heilt annleis. Det var eit bert og til dels skog- og krattlaust landskap. Hard nedbeiting heldt voksteren nede. Det som voks opp vart freista teke vel vare på og utnytta til alt anna en ved. Det var nær ei overdådigheit å felle veksande tre for å bruke det til ved. Det var rikeleg anna å bruke materialen til. Det kunne vere så mangt, ein kunne sjå på ein rogn eller ei bjørk og sjå at når ho fekk nokre år til på seg så kunne det verte eit godt mei-emne under ein slede, eller det helt på å vekse seg til ei brukande skok. Det kunne vere til sjølvbruk, men óg for sal.

Ein sette ikkje vedøksa i noko som kunne verte ein båtkeip eller ei ny åre, ein la det til sides eller let det stå på rot til ein hadde bruk for det. Døma kan gjerast uendelege. Alt måtte takast vare på. Av ei krokete einerot kunne der verte ei usliteleg hovd. Ei slik utnytting førde stundom som rimeleg kan vere til usemje. Somme tider vart det så gale at høgare makter måtte gripe inn.

Ein gong måtte Vår Herre døme mellom bruka i Synnervåg. I grenseskilje mellom dei inna i elva og dei uta i elva stod det den gong ei gammal stor bjørk. Båe brukarane såg seg mun i denne og båe meinte dei at bjørka tvillaust stod på deira mark. Det vart gardastrid og ufred i lange tider. Den eine skjelte ut hin for å vere ein einøygd kjeltring og tjuv, og ufreden vart ikkje mindre av det. Det var då Vår Herre greip inn og let lynet slå ned, så bjørka vart splintra og kløyvd. Eit slikt fingerpeik frå det høge gjorde til at ingen torde røre det falne treet. Bestemor mi fortalde at ho kunne hugse at der låg att av det då ho var unge. Om denne gudsdommen førde til forsoning veit eg ikkje.

Smeden miste hammaren og grannen miste auga

Det var ein her i bygda som dreiv ein del som smed. Han vart sæleg halden for å vere ein god bitjarn-smed, som var flink med alt slag verktøy. Ein dag var tyngste hammaren vekke og ikkje att finnande. Han måtte vere stolen og smeden trudde han visste kven tjuven var. No høvde det seg slik at det var ein i bygda som kunne kunsten å syne tjuvar. Det vart gjort i eit kar med vatn, som så vart dekka til og lese over. Så vart overtrekket drege til sides og tjuven vart synt. Men denne gongen ville ikkje denne karen syne tjuven. »Men eg kan merkje han til deg», sa han. Ja, det kunne han gjere, men det måtte ikkje vere slik at det gjekk på livet laust. Same dagen miste grannen eine auga. Han var merkt. 

Vedløyse og torvstikking, uteslåttar og tangskjering   

Sjølv på dei gardar og bruk som hadde skog vart det skore brenntorv for å spare.  Den staden der dette enno er synleg er i myra over Gjytten (Opp i torvmyra), og der vart det skore brenntorv til etter krigen, ikkje rettare eg veit.

På 1960-talet stod der enno ein torvsjå att under ein hammar. Den siste som skar var så vidt eg veit han Gustav på Kvalvika. I myrane nord for Lonene var det óg strukturar som kunne tyde på torvstikking, så også i myrane sør mot Brotet. Det var ikkje berre tre som kunne føre til konfliktar, men også beiting og sanking i utmark. Det meste av slike rettar var nedfelt i dokument, men dei var ikkje så lette å få hand så til kvardags, og langt frå alle var «brevsynte», som ein sa. Det var alle dei avtalane og lovnadane som var gjort der og då, og som berre den eine parten hugsa. Mellom Gamlebøen og Ura hadde det vore usemje om lyngskjering og det så pass at det visst var nære på at dei hadde brukt sigden på kvarandre.

Utmarksslåttar var det óg ein del av. Var det ein holme, ei skor eller slette med gras, så vart det slege. Den garden som dreiv lengst med utslått var Ura. Dei slo Lonene-holmane til fram på 1960 talet. Holmane låg så lågt at om det kom ei regnbye eller to så flaut graset bort. Så der måtte ein ta mange omsyn skulle ein få hausta. Ei tid hadde dei to hesjar nest nede i Futelida og ei lita utløe (Det skal ha vore i ho Juditta og han Matias si tid). I min barndom låg det att eit par svillestokkar av den utløa. Den tid løa var i bruk skulle dei ha slege Slokemyra og ein stad inne i dalen. Den tid eg hugsar bar dei rågras-børene frå Lonene og heim på Ura. Det er kring 2 km fram og attende. Det var dyre strå.

Tang vart og skore til beist, men det er så vidt eg kan hugse i at det vart brukt.  Av dei stader eg veit det vart skore tang til fôr er Vågen, Løype, Kvia og Ura, Det vart óg nokre gonger skore tang som vart levert i Gunhildvågen i Florø. Eg trur det var han Agnar Faye som stod for det, i alle høve var det Vikagavlen dei brukte til føring. Eg hugsar vi sto på skuleplassen på Ura og såg den tunglasta gavlen på veg ut vika. Det må ha vore kring 1962.

«No kan du gå inn og seie til mor di at ho kan berre daue»

Ho Maria på Løype var nok ikkje av dei mildaste, men ho hadde óg røynt sitt. Når eg skulle til sjøen for å hente posten var eg ofte inne hjå henne i kårstova på Løype, ho hadde største rommet i huset for seg sjølv. Ho bydde på kamferdrops og ville vite nytt. Det var ingen som fortalde ho det slag, meinte ho. Eg hadde ikkje så mykje å by på eg heller i så måte, men ho kunne fortelje.

Kor det gjekk føre seg veit eg ikkje, men emne likkiste vart i alle høve ein gong nemnd. Då fortalde ho at i hennar tid så skaffa ein slikt til veges sjølv kring om på gardane. Ho fortalde at mora hadde vorte bråsjuk og låg og talmast, så det nok var på siste tida, Faren stod på tunet og telgde til bord og gjorde til kiste. Då han var ferdig sa han: «No kan du gå inn te hinne mor di og sei at no kan ho berre daue, for no er kista hinnar ferdige». «Eg so gjorde, men ho mor livna no til att den gongen», fortalde Maria på Løype.

Den framande. Databilete av Fridtjov Urdal.

Den framande i Seljestokken

Dette skulle vere noko som hende eit av dei fyrste åra etter at det gamle huset (no rive) i Seljestokken var bygt. Det sat to, tre karar ute på trappa. Det var klåre dagen, då ser dei ein mann kome opp sjøvegen. Dette tykte dei var underleg, for dei hadde ikkje sett at der kom båt. Ikkje kjende dei mannen heller, og ikkje verka det som han brydde seg med dei heller endå dei både helste og tala til. Den framande gjekk inn i kjellaren. Dei for etter, for å sjå kven dette var, men der var ingen å finne.

Han Pitter måtte under jord

Han Peder, som budde på det dei kalla Pitterplassen, gjekk for å vera svært ovtruen. Ei tid hadde han vore så ille plaga av verk at han var mest ikkje god til å arbeide. Han var sikker på at det var einkvan som hadde sett ilt på han. Sjølv trudde han at det var ei som heite Samelina, som han visst hadde eitkvart uoppgjort med.

 

Pitter bøtte seg for torv. Databilete laga av Fridtjov Urdal.

Men Peder visste råd for slikt. Han måtte under jord, då ville trollskapen sleppe og gå attende på den som hadde sendt den i veg. Det gjorde han på følgjande vis: Han skar opp ei torvremse, som var hengande jordfast i båe endar, og så smaug han seg under. Han Nils i Seljestokken, son hans Karnils, hadde kome på Peder då han nett var ferdig. Då vart Pitteren rykande sint. «Hadde du kome på meg før eg var ute på hi sida, so kunne eg ha vore daude no», let han om. Det var såleis på ingen måte ufarleg å gjere slik. Korleis det gjekk med ho som heite Samelina veit eg ikkje.

Blått lys i Breivika

I min barndom var det ein viss omgang mellom oss på Kvia og dei i Breivika. Eg minst at ho Kristi var på vitjing to gonger. Det var moro, for ho og bestemor mi hadde mykje å prate om frå gamle dagar. Mellom anna det at det skulle ha vore einkvan i Breivika som kom vekk/drukna. Kven, kvar og når veit eg ikkje, det feste seg ikkje i minne.

Det som var verdt å hugse var det som vart fortalt hadde hendt rett føreåt. Då hadde dei i Breivika sett eit blått blafrande lys, som tre gonger hadde kome opp frå støa og opp mot tunet før det slokna. Dei hadde skjønt at det ikkje var noko godt varsel, og det var det heller ikkje.

Den utrygge senga i gamlebua i Husefest

I Husefest er det gamal busetnad. Han Torvald fortalde at han hadde talt 17 husgrunnar der på bruket sitt. Der var heller ikkje heilt fritt for mystikk. Eit var no at dei fortalde at han gamle Thore hadde kome att i skapnad av ein skotfri rev. Eit anna var at det i tunet sto ei gammal bu, der det i andre høgda var ei seng som ingen fekk ligge i. Dei som prøvde enda heller ublidt fram på golvet.

Det var både kvern og sag i Husefest, og folk reiste dit for å male korn, for det skulle vere ei svært god kvern. Det var mange ut på Frøyalandet som reiste til Husefest for å male hjå han gamle Thore og seinare hjå sonen, han Hans i Husefest. Der kunne dei nattestid sjå at det lyste frå kverna og ein kunne høyre lyd av kvennagong endå der ikkje var folk som mol. Det var eit sikkert teikn på at no skulle der kome rikeleg kvennavatn. Dei sa då at no var det dei underjordiske som mol.

Dei underjoriske i Husefest gjer óg til at huset i søre tunet står der det no gjer. Det var meininga at det skulle stått lenger opp i bakken, men det kom ein framand kar til han Anders (namn usikkert)  Han sa at «reiser du hus der du har tenkt så byggjer du oss til meins, og sjeldan er den til vens som er ein til meins. Men byggjer du annan stad, så skal ikkje vøre deg eld elle vete». Det var óg sagt at det budde underjordiske i ein stor stein inn med Husefestvatnet og støa si hadde dei i Jektevika.

Husefestarane miste plassen sin i kyrkja

I grålskyrkja (kyrkja på Grotle) hadde alle gardane i soknet faste benkar og det var halde for ei grov fornærming om nokon tok plassen deira. Denne ordninga med faste benkjer var komen ut or bruk då den nye kyrkja på Frøyalandet kom i bruk i 1865. Då husefestarane kom til nyekyrkja så fann dei ikkje plassane sine. Dei hamna lenger attom og ned med døra i kyrkja enn dei tykte rett var.

Dei klaga på dette til sokneprest Koren, som meinte at det ikkje var noko han kunne gjere i så måte. Husefestarane vart ikkje åleine om klagemålet, både botningar, sørgularar, myklebustarar og  indre- og ytrehusingar var arge. Koren måtte minne dei ilske sokneborna på at det ikkje var plassen i kyrkja, men i himmelen, som var hovudsaka. Denne historia fekk eg frå to kjelder i Bremanger: Amanda Igland og Alf Torvanger.

Ho hadde greie på mangt ho Gunnhild Thorsdatter f 1865  

Ho Gunnhild på Solberg var av dei som var nyttige i bygda. Ho hadde greie på både folk og fe. Der var ofte ei slik i ei bygd, ei som visste meir en hine. Her var det ho Gunnhild. Det var henne dei gjekk til når det var noko som stod på, anten det no var folk eller beist. Ho hadde greie på kva planter som hjelpte mot ymse sjukdomar, ho kunne lækje sår og spjelke brot.

Plantene som skulle brukast til læking måtte samlast ved solsnu, eller helst jonsoknatta, då hadde dei størst kraft. Gunnhild skulle ha lært dette hjå mor si, ho Kristi, som kom frå Kvinnherad og var gift med han Gamle Thore i Husefest.

Dr. Skridshol på Florene skulle ha sagt det om ho Gunnhild at dei kunne trygt gå til henne, for ho gjorde ikkje meir enn ho visste. Dottera henna Gunnhild, ho Sigrun Solberg, skulle og vere flink med dyr, men så vidt eg veit og har høyrt, så prøvde ho seg ikkje på folk.

Lyset på Olaskjeret

Det vart fortalt at dei stundom såg eit lys på Olaskjeret, som ikkje kunne vere tå folk. Dei meinte det måtte vere attegongarar frå eit forlis som skulle ha hendt der i gamle dagar.

Ein av amtsbåtane helt på å renne seg opp der, dei kom frå Smørhamn og styrde etter eit lys som dei trudde var lykta på Lyktehogen i Seljestokken. Når ein såg lyset på Olaskjeret så visste ein at det vart verforandring i vente – til uver.

Kven var det dei segla etter?

Der var eit båtlag som skulle frå Frøyalandet og inn til Husefest. Dei fekk uver på seg i Frøysjøen, vind og snøtjukke, så dei såg ikkje hand for seg. Etter ei stund visste dei ikkje kvar dei var og var redde for å segle seg på land. Då fekk dei sjå som ein skugge av ein båt med folk om bord. Dei ropte for å gje seg til kjenne, men der var ikkje svar å få.

Det vart likevel til at dei freista halde fylgje med den framande båten, i von om at dei visste både kor dei var og kvar dei skulle. Dei merka på sjøen at dei var nær opp under land. Dei svinga om eit nes og kom i livd. Då letta snøveret og dei låg inne på Jektevikja i Husefest. Men den hin båten såg dei ikkje noko til, og den vart heller aldri spurd. Dette skulle ha hendt ein gong kring 1860.

 

Galliasen  Vandringsmannen kan ha sett ut omlag slik

Ei ferd frå Seljestokken til Ålesund og attende. Kva han Thor i Seljestokken fortalde:

Han far hadde ein galeas som heite «Vandringsmannen», som dei dreiv fraktfart med og stundom leigde ut som losjement for større notlag. Det året eg hadde gått for presten skulle eg vere med på tur og det var berre eg og han Karsten på Kvalvika som var mannskap. Det var ei kjende sak at han Karsten låg under for drikk, så han far sytte nok litt med å sende meg av stad med han.

Han Karsten hadde lova på tru og ære at han ikkje skulle røre det sterke. Det gjekk godt opp til Ålesund og vi fekk gjort det som gjerast skulle. Då vi var ferdige og skulle ned att så styrde han Karsten båten til vi var komne ut forbi Godøya, og kunne setje kursen vest og sør. Då fekk eg beskjed om att no fekk eg passe roret for no ville han ha seg kaffi. Men han kom ikkje att, og då eg var komen så langt at vi hadde Runde om babord og Stadten i sikte, tykte eg at det måtte vere måte på kaffidrikking.

Så eg fann å måtte sjå etter han og gløtte ned skaileit (glugge på rufftaket som sleppte lys ned i lugaren). Der såg eg koppen på bordet og framunder bordet stakk der eit par støvlar. Der låg han aldes dauddrukken på dørken. Eg fekk baksa han opp i ein benk og fekk av han dei fullepissa støvlane, så var det ikkje meir å gjere enn å gå oppatt og styre sørover. Heldigvis var det sommarsdagen med godver og stødig nordavind, så det gjekk rimeleg radig sørover.

Ukjend som eg var fann eg det tryggast å halde langt vest og klar av land. Han Karsten såg eg ikkje meir til før vi var komne inn sør om Kalvåg. Det var i kveldinga, andre dagen etter at vi reiste frå Ålesund. Der vart vi liggande å drive i damstilla. Eg kunne sjå heim, og på morgonen hadde dei sett oss heimanfrå og kom ut og fekk slepa oss inn på Vågen.

Eg veit at eg prøvde å lyge så han Karsten skulle kome i frå det, for han var i mangt ein bra mann, men han far fekk no greie på tilburen (hendinga) likevel. Eg trur ikkje han Karsten førde «Vandringsmannen» etter den turen, fortalde han Thor i Seljestokken.

Kva Anna og Nils fortalde om omgangsskulen på 1880-talet

(Anna på Kvia og Nils Korneliussen var sysken. Anna var bestemor til Fridtjov).

Det var ikkje alle gardar der dei hadde rom til å ta i mot skulen. Der vart halde skule på følgjande stader etter det eg har høyrt fortalt: I Sundet der han Martin budde, på Ura, sameleis på Kvalvika og i Seljestokken. Beste staden var Vågen, der var det stor, nybygd stove og lyst.

Den tid var folk vande med å gå lange vegar, anten det no var ungar eller vaksne. Men det var eit hinder som kunne vere fårleg, og det var elva frå det dei den gongen kalla Kviavatnet og ned til Saga. Der var det inga bru, så der var det å hoppe på sleipe steinar, eller krype på dei rotne stokkane i demma i osen av vatnet. Stundom, når elva gjekk stor, så hende det at dei på Ura rodde ungane inn i Vågen.

Lærekreftene var nok så som så. Dei lærde å lese, men det var det ein god del som hadde lært heime før dei byrja på skulen. Rekning var pluss, minus, gange og dele. Brøk torde ikkje læraren seg på. Elles lærde dei bibelsoge og katekisme, så dei skulle vere vel budde til dei skulle gå for presten.

Sjølve læreprosessen kunne vere brutal, særleg for dei som ikkje hadde så lett for å ta til seg lærdom. Lærarane hadde ofte stor tru på at det ein ikkje lærde med det gode, det fekk ein lære med det vonde. Ein var, med god grunn, så redd læraren att han pissa seg ut. Då tok læraren og braut han i hop og kneka han godt ned i væta, medan han fortalde dei hine elevane for ein stakkarsleg ålmåse han var.

Men då hadde læraren forrekna seg, for han Henrik i Vågen (det var i vågastova dette hende) tok læraren føre seg og lova at om dette hende ein gong til, så skulle han syrgje føre at han ikkje kom innom dørene meir, og at han kom til å sende klage til presten for slik framferd. Læraren skulle ha vorte merkande spakare etter det.

Dei som budde i den store steinen

På vegen mellom Sunnervåg og Kvalvika ligg der ei stor flytteblokk. Der budde dei underjordiske i gamal tid. Det vart ikkje rekna for heilt trygt å gå framom der i mørkna. Han Nils fortalde at det kunne kome ei tyngsle over folk der, nett som noko hadde lagt ei bør på dei. Då måtte ein lese Fadervår eller kome seg inn på pløgd mark (åker). Der hadde ikkje dei underjordiske makt lenger.

Fridtjov Urdal januar 2023.