,

Stor interesse for kurs i turrmuring

Det er stor interesse for kurs i turrmuring i Botnane med gråsteinsmurar Haakon Aase, frå Holsnøy. Fyrst melde 23 seg interesserte og etter bindande påmelding er det 19 som vil vere med. Det blir to kurs, eit frå 17. til 19.august og det andre frå 14. til 16.september. Det er plass til 10 deltakarar på kvart kurs. Den ledige plassen er på kurset i september.

På kurset i august har tre kvinner og sju menn meldt seg på, medan det er fem kvinner og fire menn som er påmelde i september. Kvart kurs kostar 20.000 kroner. Grendalaget søkjer om tilskot til kursa og reknar med at kursavgifta ikkje vert høgare enn 1000 kroner pr. deltakar.   

Haakon Aase i aksjon som kurshaldar. Privat foto.

Kursa byrjar torsdag kveld med to-tre timar med teori, og brukar heile fredag og laurdag til muring. I samarbeid med Haakon Aase vert det på førehand valt kva/kvar vi skal mure. Det kan vere reparasjon av gamle steingardar, påskøyting av murar, nye murar og bakkemurar, osv. Det er ikkje snakk om «øvingsmurar», men arbeid som skal stå for ettertida.

Det var bindande påmelding innan  22. februar, så informasjonen nedanfor er frå før den var gjennomført. 

For at alle skal få mura er det best med 8-10 personar pr kurs. Kvart kurs kostar kr. 20.000. Botnane og Årebrot grendalag er glade for den store interessa og skal prøve å skaffe pengar til to kurs. Difor må vi no ha bindande påmelding til desse to alternativa; Torsdag 17. til laurdag 19. august eller torsdag 14. til laurdag 16. september. Bindande påmelding innan 22. februar. Påmelding til magni.ovrebotten@gmail.com, mobil 970 55201. Skriv namn, adresse og mobilnummer på kvar påmelde og kva datoar de kan gå på kurs. Dei som treng overnatting må de gje beskjed om det.

Vi treng tid til å skaffe oss finansiering og ser vekk frå mai som ein aktuell kursmånad, på grunn av mange helgedagar, konfirmasjonar og dugnadar. I juni driv kurshaldaren slåttonn og i juli er det ferie for mange. Difor landa vi på august og september som kursmånadar, og håpar at veret er på vår side og at hjortejegarane ser stort på at dei siste datoane er i hjortejakta.

Mat og overnatting

Grendalaget kjem til å lage til fellesmåltid i Botnane grendahus dei to kursdagane, der deltakarane kan få kjøpt seg mat. Når vi veit kor mange som eventuelt treng overnatting formidlar vi kontakt med dei som driv med utleige i området.

Dei som får plass på kursa får direkte melding om det. Og vi vil gje oppdateringar om kursa på Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag, og heimesida www.botnane.no